Rapportering på havet

Alle norske fartøy som driv ervervsmessig fiske og fangst er pålagde å rapportere fangst og aktivitet på havet. Føremålet med rapporteringsplikta er å leggje til rette for effektiv regulering av fiskeria, gje betre kontroll med ressursuttaket og eit godt grunnlag for statistikk og forsking.

Elektronisk rapportering (ERS) erstattar tidlegare rapportering på papir i fangstdagboka. Bruken av fangstdagbok på papir er difor oppheva, med unnatak for fartøy som har dispensasjon frå kravet til elektronisk rapportering.