Fiskeridirektoratet på Facebook
På Fiskeridirektoratet si Facebookside vert det samla inn personopplysingar gjennom det dei registrerte skriv og handlingar registrerte utfører relatert til sida. Dataa blir analyserte gjennom Facebook si teneste Sideinnsikt, og blir presenterte for Fiskeridirektoratet som ein aggregert statistikk.
Informasjon om sideinnsikt (facebook.com)
Sideinnsikt gir Fiskeridirektoratet informasjon om kor mange som har sett innlegg, har likt, delt og kommentert, korleis registrerte reagerer på innlegg, demografiske data, og kor mange som ser sidene. Fiskeridirektoratet har ikkje tilgang til data som blir behandla som ein del av hendingane, men berre til den aggregerte sideinnsikta. Bruken av innsiktdata hjelper direktoratet å vurdere eigen informasjon som blir publisert og kva innhald som best engasjerer brukarar.
Fiskeridirektoratet vil ha tilgang til personopplysningar som brukarar sjølv vel å dele i kommentarfelt, og som kjem fram ved besøk på bedriftssida, som reaksjonane til brukarane. Direktoratet har stengt ned moglegheita for at brukarar kan sende oss direktemeldingar (Messenger).
Direktoratet brukar også Facebook til målretta annonsering av utlyste stillingar. Behandlinga skjer innanfor plattforma sine eigne system og vilkår.
Felles behandlingsansvar med Facebook
Fiskeridirektoratet har felles behandlingsansvar med Meta/Facebook Irland for behandling av personopplysningar relatert til Fiskeridirektoratet si Facebookside. Dette gjeld til dømes personopplysningar som er nødvendige for innsikt-funksjonen til Facebook.
Fiskeridirektoratet og Facebook har regulert korleis behandlingsansvaret skal utøvast i ein avtale.
Avtale om regulering av behandlingsansvar (facebook.com)
Fiskeridirektoratet sitt behandlingsansvar er avgrensa, og informasjon som Facebook behandlar før du kjem inn på vår side og behandling som Facebook gjennomfører som ikkje Fiskeridirektoratet har nokon innverknad over, fell utanfor Fiskeridirektoratet sitt ansvar. Facebook har eigne formål for behandling, som kjem fram av avtalen din med Facebook og Facebook si personvernerklæring.
Fiskeridirektoratet sitt nærvær på Facebook er viktig i satsinga på ei open og tydeleg forvalting. Fordelen Fiskeridirektoratet oppnår er at vi blir lettare tilgjengelege for ein større del av befolkninga. Dette er også i interessa til det offentlege ved at informasjon frå direktoratet blir lettare tilgjengeleg for befolkninga.
Fiskeridirektoratet sitt behandlingsgrunnlag er den rettmessige interessa i å kommunisere kunnskap og informasjon effektivt til ein større del av befolkninga og målgrupper (personvernforordninga artikkel 6 (1) (f)).
Rettane dine
Som Facebookbruker har du rett til innsyn, retting, sletting, rett til å protestere, rett til å be om avgrensing, og rett til dataportabilitet. Du har også rett til å klaga til ei tilsynsmakt.
Informasjon om rettigheitane dine under Facebook Privacy Policy (facebook.com)
Fiskeridirektoratet og Facebook har avtalt at Facebook er ansvarleg for å gi den registrerte informasjonen om behandlinga som skjer gjennom Sideinnsikt. Dersom du vender deg til Fiskeridirektoratet med spørsmål om rettane dine, vil vi kunna vidareformidle spørsmåla til Facebook.
Kontakt personvernombudet i Fiskeridirektoratet
Fiskeridirektoratet på LinkedIn
Vår bruk av LinkedIn rettar seg hovudsakleg mot aktørar i oppdrettsnæringa, samt direktoratet sitt profesjonelle fagnettverk, og personar som er aktuelle i samband med rekruttering. Vi brukar også LinkedIn til målretta annonsering av utlyste stillingar. Behandlinga skjer innanfor plattforma sine eigne system og vilkår.
På Fiskeridirektoratets LinkedIn side vert det samla inn personopplysningar gjennom det dei registrerte skriv og handlingar registrerte utfører relatert til sida. Data blir analyserte gjennom LinkedIn si teneste sideinnsikt, og blir presenterte for Fiskeridirektoratet som en aggregert statistikk. Du kan lese meir om korleis personopplysningar vert behandla for å produsere aggregert statistikk på LinkedIn (linkedin.com).
Bruken av innsiktdata hjelper direktoratet å vurdere eigen informasjon som blir publisert og kva innhald som best engasjerer brukarar. Den aggregerte statistikken vi mottar set oss ikkje i stand til å identifisere enkeltbrukarar.
Felles behandlingsansvar med LinkedIn
Fiskeridirektoratet har felles behandlingsansvar med LinkedIn i relasjon til tenesta sideinnsikt («Page Insights»). Fiskeridirektoratet og LinkedIn har regulert korleis behandlingsansvaret skal utøvast i ein avtale. Avtale om regulering av behandlingsansvar (linkedin.com).
LinkedIn er også sjølvstendig behandlingsansvarleg for personopplysningane dei behandlar. Du kan lese meir om korleis plattforma behandlar dine personopplysningar ved å lese LinkedIn si personvernerklæring ((LinkedIn Privacy Policy. linkedin.com)
Behandlingsgrunnlag
Fiskeridirektoratet sitt behandlingsgrunnlag er den rettmessige interessa i å kommunisere kunnskap og informasjon effektivt med målgrupper (personvernforordninga artikkel 6 (1) (f)).
Rettane dine
Som LinkedInbrukar har du rett til innsyn, retting, sletting, rett til å protestere, rett til å be om avgrensing, og rett til dataportabilitet. Du har også rett til å klage til ei tilsynsmakt.
Dersom du vender deg til Fiskeridirektoratet med spørsmål om rettane dine, vil vi kunne vidareformidle spørsmåla til LinkedIn.
Kontakt personvernombudet i Fiskeridirektoratet