Leppefisk-reguleringa for 2023

Reguleringa av leppefisk i 2023 er i hovudsak ei vidareføring av opplegget for 2022.

Posisjonsrapportering

I 2020 blei det innført eit krav om at deltakande fartøy skal vere utstyrt med typegodkjent automatisk identifikasjonssystem (AIS, klasse A eller B) eller VMS.

Dette kravet gjeld for alle fiskarar som driv ervervsmessig fiske i lukka gruppe, open gruppe og fritidsfiskarar. Kravet om posisjonsrapportering vart innført som ein konsekvens av behovet for å kunne gjennomføre kontrollverksemd på ein effektiv måte.

I tillegg gir posisjonsrapportar meir presis kunnskap om kvar fisket går føre seg. Noko som gir eit betre grunnlag for forvaltinga av leppefisk og fastsetjing av kvotenivå. For fartøy som benytter AIS skal MMSI-nummer sendes Fiskeridirektoratet på elektronisk skjema for leveringsavtaler.

Påbod om rømmingshol

Kvart år går eit betydelig antal teiner og ruser tapt. For å hindre at tapte reiskap spøkelsesfiskar er det innført et påbod om rømmingshol i teiner og ruser.

Rømmingsholet skal klippast til slik at alle oppbevaringskammer opnar seg når bomullstråden ryk. Holet skal syast att med ein ubehandla bomullstråd som er maksimum 3 mm tjukk. Dette er same krav som er lagt til grunn i krabbe- og hummarteiner.

Innsending av leveringsavtale

Kravet om innsending av leveringsavtale for å delta i fisket etter leppefisk er oppheva og erstatta med krav om at leveringsavtalen skal framvisast i samband med kontroll og elles på førespurnad frå Fiskeridirektoratet, Kystvakten eller fiskesalgslaga. Leveringsavtalen med godkjent kjøpar må føreligge før fartøyet startar opp fisket etter leppefisk.

Frå 2021 er det forbode å nytta ruser til fangst av leppefisk. For yrkesfiskarar som nyttar merkeregistrerte fartøy som har fisket og landa meir enn 3 000 stykk leppefisk med ruser i to av dei tre siste åra, blir det gitte dispensasjon slik at ruser kan nyttast fram til og med 2024.

Skjema

Søknadsskjema om løyve til fisket etter leppefisk for fritidsfiskarar fritidsfiskarar

Skjema for innsending av MMSI-nummer for yrkesfiskarar 

Totalkvote

Totalkvota på 18 millionar leppefisk blir fordelt på tre regionar:

  • 4 millionar leppefisk på kyststrekningen frå grensa mot Sverige til Varnes fyr på Lista (Sørlandet)
  • 10 millionar leppefisk på kyststrekningen frå og med Varnes fyr på Lista til 62 grader nord (Vestlandet)
  • 4 millionar leppefisk på kyststrekningen nord for 62 grader nord
  • Totalkvota blir fordelt med 90 prosent til lukka gruppe og 10 prosent til open gruppe.

Tidsrom

Sør for Stad: frå 12. juli klokka 08:00 til 20. oktober klokka 20:00

Nord for Stad: frå 26. juli klokka 08:00 til 20. oktober klokka 20:00

Mellomlagring

Posisjonen til mellomlagringsmerdar og andre innretningar for å lagre leppefisk i sjø skal innrapporterast elektronisk på eige skjema på Barentswatch.no.

Rapportering for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)

Framgangsmåte for inn- og utmelding for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)

Rapportering av reiskap for yrkesfiskarar (barentswatch.no)

Posisjon skal oppgjevast ved bruk av lengde- og breiddegrader. Den som fiskar etter leppefisk og mellomlagrar fisken i sjøen før levering til kjøpar skal rapportere talet på merdar og posisjonen når merdane blir tatt i bruk, når dei eventuelt blir flytta og når dei blir tatt opp eller ikkje lenger nyttast til mellomlagring av leppefisk.

Lukka gruppe

Fartøykvotar i lukka gruppe er på 48 000 leppefisk per fartøy.

Frist for fangstlevering: Fartøy som deltek i lukka gruppe må innan 23. oktober klokka 20:00 ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar.

Open gruppe

Maksimalkvoter i open gruppe er på 8000 leppefisk per fartøy.

Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i open gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordningen må ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøper innen 23. oktober klokka 20:00 eller innen 72 timer fra en stopp i fisket fastsatt med heimel i § 23.

For deltaking i open gruppe gjeld alminnelege vilkår. Det er blant anna eit vilkår at eigar sjølv er høvedsmann om bord i fartøyet, med mindre det er gitt dispensasjon i samsvar med alminnelege reglar.

Det er dessutan slik at fartøyeigar berre kan delta med eitt fartøy i open gruppe.

Fartøyeigar som deltar med fartøy i lukka gruppe kan ikkje også delta med fartøy i open gruppe.

Fritidsfiske

Det vil fortsatt vere mogeleg å søkje om løyve til fritidsfiske etter leppefisk for omsetnad på visse vilkår. Søkand skal sendast til Fiskeridirektoratet.

Søknadsskjema om løyve til fisket etter leppefisk for fritidsfiskarar 

For å kunne få løyve må ein ha ein leveringsavtale med godkjent kjøpar og fartøyet må vere registrert i Småbåtregisteret hjå Redningsselskapet eller i Skipsregistrene. Kopi av leveringsavtalen må sendast til Fiskeridirektoratet før fartøyet startar opp med å fiske etter leppefisk. Det vert ikkje gitt løyve til fiske med ruser.

Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i open gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordninga må ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar innan 72 timer frå ein stopp i fisket fastsett med heimel i § 23.

Dersom Fiskeridirektøren stoppar fisket i open gruppe, vil det samtidig bli stopp i fritidsfisket etter leppefisk.

Reiskapsavgrensing

På kyststrekningen frå og med Sverige til og med Agder: 100 teiner eller ruser per fartøyeigar 

På kyststrekningen frå og med Rogaland og nordover: 400 teiner og ruser per fartøyeigar 

Det er framleis krav om inngangssperre i reiskapen for å redusere bifangst av andre artar enn leppefisk, sjølv om fiskar er pålagt å straks sleppe all bifangst tilbake i sjøen.

Bruk av ruser

Frå grensen mot Sverige til og med Møre og Romsdal fylke, er det forbod mot å sette ut ruser for fangst av leppefisk.

Fartøy som fiska og landa meir enn 3 000 stykk leppefisk med ruser i to av åra 2018, 2019 og 2020, kan benytte ruser fram til og med 2024.

For fritidsfiskarar vart det forbode å bruke ruser til fangst av leppefisk frå og med 2020.

Bifangst

Det er ikkje tillate å behalde bifangst i teiner eller ruser som er sett ut til fangst av leppefisk. Dette gjeld også bifangst av krabbe.

All bifangst skal straks tilbake i sjøen på ein slik måte at den ikkje vert skadd og at den finn tilbake til sitt naturlege miljø. Denne ordninga gjeld også leppefisk fanga i strid med gjeldande minstemål eller som av andre grunnar må setjast tilbake i sjøen.

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.  

Les mer og meld deg til intervju