Fisket etter leppefisk

Fisket etter leppefisk har tatt seg kraftig opp dei siste åra og det er innført strenge reguleringar for å kunne handtere den sterke veksten og sikre bestandane av leppefisk.

leppefisk.jpg

Fisket etter leppefisk foregår i tre geografiske område: Sørlandet, Vestlandet og nord for 62°N. Det er i all hovudsak bergnebb og grønngylt som blir fiska.

Leppefisk blir brukt som rensefisk i oppdrett. Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv, samstundes som vi må ta omsyn til at leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere lus i oppdrettanlegga.

Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten, og regelverket er difor skjerpa for at forvaltninga av leppefisk skal vere meir i tråd med føre-var-prinsippet.

Oppdatert: 03.05.2019