Fangst av kongekrabbe for turistfiskebedrifter

Turistfiskebedrifter kan søkje om adgang til å fangste kongekrabbe i kvoteregulert område.

Det er fire skjema for fangst av kongekrabbe for turistfiskebedrifter:

Skjema for søknad om deltaking i turistfiske etter kongekrabbe (pålogging via ID-porten)

Skjema for rapportering av fangst av kongekrabbe i fritids- og turistfiske (pålogging via ID-porten)

Skjema for aktivmelding for turistfiskebedrifter, som har fått innvilga adgang til å fangste kongekrabbe i kvoteregulert område (pålogging via ID-porten)

Skjema for melding om påslått/avslått AIS i kongekrabbefiske (pålogging via ID-porten)

Formål og vilkår

Frist for å søkje for 2023 er 04.12.2022. 

Retningslinjer for turistfiske etter kongekrabbe

Totalkvote for turistfiske kongekrabbe fastsettes i løpet av desember 2022.

For å søkje må turistfiskebedrifta vere registrert i Brønnøysundregistra, og bedrifta sitt formål må inkludere «turistfiske» eller liknande. Turistar kan ikkje på eigen hand drive fangst av kongekrabbe gjennom bedrifta sitt løyve.

Det er kun nødvendig å søkje éin gong per reguleringsår.