Forbod mot å etterlate reiskap

I Noreg er det forbode å kaste, eller unødvendig etterlate reiskap, fortøyinger og andre gjenstander i sjøen eller på botnen.

Dette gjeld når ein kan skade marint liv, hemma gjennomføring av hausting, skade haustingsreiskapar eller setje fartøy i fare.

Det er næringsaktørane, og alle andre som bruker havet, sitt ansvar å røkte redskapene og gjere det som er nødvendig for å unngå at slike situasjonar oppstår. Ein har plikt til å rydde etter seg eller fjerne gjenstandane.

Fiskeridirektoratet kan gje pålegg om rydding eller fjerning. Fiskeridirektoratet kan vidare gjennomføre nødvendige tiltak for den ansvarliee sin rekning og risiko. Utgifter ved slike tiltak er tvangsgrunnlag for utlegg. Dette gjeld ikkje for uheldige tap gjennom fiske.

Konsekvensar

Fiskereiskap som vert mista og blir ståande igjen på havbotnen bidrar til forsøpling og kan fortsetje å fiske i lang tid. Dette resulterer i ei skjult dødelegheit av fisk og skalldyr og vert kalla for spøkelsesfiske .

Tapte og etterlate reiskap utan oppgitt posisjon som ligg på botnen, utgjer også ein fare for at nye reiskapar vert hekta fast, og kan dermed også gå tapt.

Ein trur at det vert mista mykje fiskereiskap i kystnære område, som ikkje vert dekka av Fiskeridirektoratets årlege opprydningstokt. Denne forsøplinga stammar både frå yrkesfiske og fritidsfiske.

Om arbeidet

Fiskeridirektoratet har sidan tidleg på 1980-talet dreve opprensking av tapte fiskeredskap på årlege tokt. Fokuset har vore å rydde i dei viktigaste fiskefelta langs norskekysten.

Sidan starten for opprenskingsarbeidet på 1980-talet er det tatt over 1000 tonn ulike reiskaper, herav 22 000 garn med over 600 kilometers lengde.

Fiskeridirektoratet er også i gang med eit pilotprosjekt på opprydding i kystnære område.

Foreløpig har det blitt testa ulike former for sokning og ROV - undervassfarkoster som kan styrast frå overflata etter primært teiner for hummar og krabbefiske.

Prosjektet skal videreførast til andre fiskerie og med bruk av nye teknikkar for oppsporing av posisjon på tapte fiskereiskapar.

Kva kan ein gjere sjølv?

Tips oss om du har funnet etterlatte redskaper.

Meld fra om tapte fiskeredskap.