Fiskeridirektoratet og FNs berekraftsmål

Fiskeridirektoratet arbeider for FNs berekraftsmål knytt til miljø og klima, sosiale tilhøve og økonomi.

Å jobbe for at fiskeri- og havbruksnæringane er berekraftige, er ei av kjerneoppgåvene til Fiskeridirektoratets og noko vi har jobba for i mange tiår. FNs internasjonale berekraftsmål hjelper oss til å løfte dette arbeidet endå høgare på dagsordenen. Vi treng meir kunnskap, mellom anna for å kunne avstemme dei ulike måla mot kvarandre.

FNs berekraftsmål 14

FNs berekraftsmål 14 «Livet i havet: Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjer berekraftig utvikling» overlappar med Fiskeridirektoratet sitt samfunnsoppdrag - å fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvaltning av marine ressursar og marint miljø. Å nå FNs berekraftsmål 14 er altså midt i kjernen av oppgåvene våre.

Matproduksjonen vil ha eit fotavtrykk i havet, slik som på landjorda. Vi skal avgrense den negative påverknaden frå sjømatnæringane på økosystema. Der vi ikkje kan unngå vesentlege negative effektar, skal vi vurdere moglegheitene for avbøtande tiltak.

Vurderingane våre skal vere heilskaplege, og ope formidle mogeleg negativ påverknad. Desse vurderingane er i nokre tilfelle vanskelege å gjere, særleg når negative verknader ikkje kan unngåast dersom vi skal oppretthalde matproduksjonen og leggje til rette for å auke den.

FNs berekraftsmål 13

Bruken av naturen påverkar klimaet, samstundes som klimaendringane påverkar naturen. Berekraftsmål 13 er å «Stoppe klimaendringane». Auka bruk av sjømat kan redusere klimautsleppa knytt til matproduksjon, fordi sjømat har eit lågare karbonavtrykk samanlikna med mange av dei landbaserte alternativa. Samstundes må det arbeidast vidare med å redusere klimagassutsleppa frå sjømatnæringane.

I fiskeria har mellom anna val av fangstområde, fangstsesong, fangstmetodar og fartøystypar klimakonsekvensar.

På havbrukssida er det mogleg å stille krav ved tildeling av løyver eller i driftsregelverket som til dømes kan sikre overgang til heilelektrisk drift og utfasing av fossile energiberarar.

FNs berekraftsmål 12

Auka produksjon og hausting av berekraftig sjømat, som er sunn og trygg, kan ikkje skje utan reine og rike hav. FNs berekraftsmål 12 «Ansvarleg forbruk og produksjon» handlar mellom anna om forureining.

Fiskeridirektoratet er avhengig av at andre styresmakter nasjonalt og internasjonalt gjer det dei kan for å halde havområda våre reine. Vi bidreg der vi kan for at fiskeri- og akvakulturnæringa ikkje skal sleppe ut farlege stoff og plast.

FNs berekraftsmål 17

Visjonen til Fiskeridirektoratet er «Livet i havet - vårt felles ansvar». Det fell saman med berekraftsmål 17 «Samarbeid for å nå måla». For å nå berekraftsmåla samarbeider vi med kunnskapsleverandørar, sjømatnæringane, andre offentlege etatar, frivillige organisasjonar og privatpersonar.

Innanfor fiskeri er samarbeid med andre land nødvendig for at haustinga skal vere berekraftig. Samarbeid med andre land innafor miljøsektoren er i det heile avgjerande for å halde norske havområde så reine og rike som mogleg.

FNs berekraftsmål 8, 9 og 11

Fiskeri- og havbruksnæringa er viktige berebjelkar i mange lokalsamfunn langs kysten. Ei berekraftig utvikling av næringane kan difor også vere bidrag til berekraftsmål 8, 9 og 11: «Anstendig arbeid og økonomisk vekst», «Industri, innovasjon og infrastruktur» og «Berekraftige byar og lokalsamfunn».

Kor langt Noreg er kome i arbeidet med berekraftsmåla (regjeringen.no)