Legemiddel - bruk og tilsyn

For å kunne bruke legemiddel til å behandle fisken mot lakselus, er det krav om å vurdere dei lokale forholda og finne tiltak for å redusere negative konsekvensar for miljøet. Miljøpåverknad frå legemiddel er eit fast tilsynsområde for Fiskeridirektoratet.

Akvakulturregelverket krev at drift av akvakulturanlegg skal vere miljømessig forsvarleg (akvakulturdriftsforskrifta § 5). Ved bruk av legemiddel skal verksemdene vise særleg aktsemd for å unngå uakseptable effektar på miljøet (akvakulturdriftsforskrifta § 15). Det er også sett grenser for bruk og utslepp av dei fleste legemidla mot lakselus, noko som inkluderer avstandskrav til rekefelt og gytefelt (akvakulturdriftsforskrifta § 15 a, akvakulturdriftsforskrifta § 15 b, forskrift om transport av akvakulturdyr § 22 a).

Regelverket viser til rekefelt og gytefelt i Fiskeridirektoratets kartverktøy. Bruk dette kartverktøyet for å planlegge bruk og utslepp av legemiddel:

Kart over legemiddel – bruk og tilsyn (Fiskeridirektoratets kartverktøy)

Rettleiing i regelverket

Den som er ansvarleg for verksemda, og skal sørgje for at det vert innført og utøvd internkontroll, må også sikre at internkontrollen omfattar krava til forsvarleg bruk av legemiddel. Fiskeridirektoratet har to publikasjonar om rettleiing i det aktuelle regelverket. Desse publikasjonane utdjupar krava i regelverket og signaliserer kva som minimum er forventa i verksemdene sine risikovurderingar:

Rettleiar: Miljømessig forsvarleg utslepp av legemiddel ved behandling av lakselus i akvakulturanlegg

Rettleiar: Tømming av badebehandlingsvatn frå brønnbåt tilsett legemiddel mot lakselus

Tilsynskampanjen

Fiskeridirektoratet gjennomførte i 2020 ein tilsynskampanje med mål om å undersøkje om verksemdene, gjennom sine internkontrollsystem, sikrar miljømessig forsvarleg bruk av legemiddel.

Erfaringane frå tilsynskampanjen har vi summert opp i ein eigen rapport, Tilsyn 2020 - Miljøpåverknad frå legemiddel.

Tilsynskampanjen avdekte samla sett eit relativt stort tal avvik, noko som viser at det var viktig å sette miljøpåverknad frå legemiddel som eit prioritert område for tilsyn.

Fiskeridirektoratet har gjennom tilsyna formidla våre forventingar til næringa når det gjeld bruk og utslepp av legemiddel. Verksemdene vi førte tilsyn med, har på si side gjennomført forbetringar som skal sørgje for at regelverket blir etterlevd. Vi vurderte at desse tilsyna fungerte etter hensikta og hadde god effekt.

Oppdatert: 31.01.2021