Røkting av reiskap

For å bidra til betre dyrevelferd og mindre forsøpling i havet er det krav til røkting av reiskap.

Kva er røkting?

Røkting av reiskapen inneber at ein trekkjer reiskapen, tar hand om fangsten og sjekkar at alt er i orden, før ein eventuelt set reiskapen ut igjen.

Regelverk for røkting

Røktingskravet gjeld både fritids- og yrkesfiskarar.

Garn, liner, teiner og ruser skal røktast minimum ei gong per veke, dersom ikkje anna er bestemt.

Tidlegare har det vore krav om at garn, ruser og teiner for enkelte artar skal røktast med bestemte mellomrom. No er reglane utvida til å omfatte alle typar garn, liner og teiner langs heile kysten. Det medfører ikkje endringar for reiskapstypar eller fiske og fangst etter arter som alt er pålagt ei røktingsplikt. 

Forskrift

Plikta til å røkte går fram av paragraf 18 i haustingsforskrifta (lovdata.no).