Hummerteiner

Det er særskilde krav til teiner brukt i hummarfiske når det gjeld mengd, fluktopning, nedbrytbar bomullstråd og merking av vak.

Hummar kan berre fangstast med teiner tilpassa hummarfiske. Får du hummar med anna reiskap må du setje hummaren tilbake i sjøen.

Mengd teiner og ruser

Som fritidsfiskar kan du fiske etter hummar med inntil 10 hummarteiner per person og per båt. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 10 hummarteiner.

Mengd teiner for hummar og mengd ruser for fisk kan heller ikkje overstige 10 stykke totalt i hummarfiskeperioden, fordi ruser er ein effektivt fangstreiskap for hummar. Men - du kan i tillegg bruke inntil 10 andre teiner, for eksempel krepse- og krabbeteiner.

Hvis du bruker både 10 hummerteiner og 10 andre teiner i hummarfiskeperioden, kan du kun fange hummar med hummarteinene.

Reglane for fiske med ruser

Fluktopningar

Ei hummarteine skal ha minst to sirkelforma fluktopningar - éi på kvar side av reiskapen. Fluktopningane må vere minst 60 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar under minstemål lett kan ta seg ut.

Reglane for bruk av teiner; antal, røkting, merking og fluktopning

Krav om rømmingshol i teiner

Det er ingen krav til minimumsdjupn for teiner i hummarfisket.

Merkekrav i fritidsfiske

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merkt med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse (for yrkesfiskarar: fartøyets registreringsmerke). Teinene kan framleis setjast fleire i lenke.

Det er innført krav om merking av teiner og ruser i fritidsfiske. I tillegg er det krav om merking av vak/blåser.

Les meir om merking av reiskap

Merket bør festast i reiskapens øvre del og må tåle saltvatn. Merket bør vere av ein slik kvalitet at det ikkje losnar og dermed bidrar til marin forsøpling. Dersom fleire reiskaper er sett i lenke, gjeld kravet kvart enkelt reiskap i lenka.

Sanke- og samleteiner som står i sjøen for oppbevaring av skaldyr skal vere merka på same måte.

Eksempel på merking for fritidsfiskar:

Ola Nordmann

Svingen 4

5550 Kysten

OLA-NOR-168 (deltakarnummer)

Eksempel på merking for yrkesfiskar:

SF-123-F (Fartøyets registreringsmerke)

OLA-NOR-321 (deltakarnummer)

Reiskapsavgrensingar i fredningsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reisk heile året. Presiseringar om kva for reiskap som er tillete kor er på sida om fredingsområde for hummar.

Amerikansk hummar

Amerikansk hummar blir antatt å ha vorte sloppe ut frå teiner der han er meint lagra til han seinare skal kokast og etast. Han kan spreia sjukdommar til hummaren vår, og han kan formeire seg med den europeiske hummaren. Dei seinare åra er det ikkje funne amerikansk hummar i Noreg.