Teiner

Her finn du reglar for bruk av teiner; antal, røkting, merking og krav til fluktopning og rømmingshol. 

Antal teiner

Du kan fiske med inntil 20 teiner eller ruser. Talet på ruser og teiner kan altså til saman ikkje vere meir enn 20 per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord.

Eksempel:

  • Éin person kan berre bruke 20 teiner eller ruser sjølv om han fiskar med tre fartøy
  • Tre personar kan berre fiske med 20 teiner eller ruser dersom dei fisker frå same båt

I hummarfiskeperioden er avgrensinga på 10 hummarteiner og ruser. Denne avgrensing gjeld også per person og per fartøy. Men du kan i tillegg nytte inntil 10 andre teiner, for eksempel krabbeteiner.

Krav til fluktopning

Fluktopningar er permanente opningar, som gjer det mogleg for små individ å komme ut av teina. Fluktopning må ikkje bli forveksla med rømmingshol som er tette under fiske, men som vil opne seg etter ei gitt tid i sjøen, som til dømes ved tap av fiskereiskapen.

Alle teiner som vert sette ut til fangst av hummar skal ha minst to fluktopningar; ei på kvar side av reiskapen.

For teiner sette ut til fangst av krabbe gjeld kravet om minst to fluktopningar, ei på kvar side av reiskapen, frå svenskegrensa til og med statistikkområde 00-38 (tidlegare Tysfjord kommune).

Kravet om fluktopningar gjeld likevel ikkje for mannstallsførte fiskarar som fangstar krabbe for omsetjing med merkeregistrert fartøy i Trøndelag og Nordland. Unntaket gjeld ikkje i statistikkområde 00-38 (tidlegare Tysfjord kommune).

Plassering av fluktopning

Fluktopningane skal vere plasserte i fangstkammeret på ein slik måte at individet lett kan ta seg ut av reiskapen. I teiner med plan botn skal opningane plasserast heilt nede ved reiskapsbotnen. I teiner med sylinderform (tønneform) skal opningane vere heilt nede ved reiskapsbotnen, men ikkje lenger nede enn at det blir fri passasje gjennom opningane når reiskapen står ute for fangst. Det gjeld eigne reglar for kongekrabbeteiner.

Krav til rømmingshol

Frå 2022 blei det innført krav om rømmingshol i alle teiner brukte til fiske etter sjøkreps, taskekrabbe, hummer og kongekrabbe.

Les meir om dei ulike krava og få rettleiing til montering på rømmingshol i teiner.

Røkting

Alle teiner skal røktast mins ein gong per veke. Unntaket er teiner som vert nytta til fiske etter leppefisk, dei skal røktast dagleg. Bestemminga gjeld ikkje søndagar og heilagdagar. 

Merkekrav for teiner

Det er innført krav til merking av teiner og ruser i fritidsfiske. I tillegg er det krav til merking av vak/blåser. Les meir om merking av reiskap.

Artar med særskilde reglar for bruk av teiner

Reiskapsavgrensingar i fredingsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reiskap heile året. Presiseringar om kva for reiskap som er tillate kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar.