Rømmingshol i teiner

Her finn du krav til rømmingshol i teiner ved fiske etter hummar, krabbe, sjøkreps og kongekrabbe – og rettleiing til montering.

Kva er rømmingshol, og kvifor krev vi det?

Rømmingshol er løysingar som etter ei viss tid opnar seg og stoppar vidare fangst i ei tapt teine. Dei må ikkje forvekslast med fluktopningar, som er permanente opningar som slepp ut små individ under ordinær bruk. I tillegg til minst to fluktopningar, skal det vere minst eitt rømmingshol i teina.

Bakgrunnen for kravet om rømmingshol er erfaringar frå oppreinsking av tapte og gjenståande teiner. Desse fungerar som fangstfeller og kan halde fram med å fiske i fleire år – noko som òg er dokumentert i forsking. Difor er det viktig å finne att tapte teiner så raskt som mogleg.

I praksis kan det vere vanskeleg å finne att teiner, og innsatsen varierer mykje. Dersom dei ikkje blir funne, er det viktig å melde frå om tapet – då aukar sjansen for at dei blir lokaliserte. Likevel kan teiner bli ståande i lang tid, sjølv om det er meldt frå. Då er rømmingshol ei viktig løysing for å redusere spøkelsesfiske.

Sjå video: slik fungerer rømmingshol

I videoen får du sjå korleis rømmingshol hindrar spøkelsesfiske, og kvifor det er viktig at bomullstråden går i oppløysing etter ei tid. Video på YouTube (youtube.com).

Bomullstråd som rotnetråd

Fiskeridirektoratet har innført eit klart og generelt skilje mellom tillaten trådtjukkleik i fritidsfiske og yrkesfiske. I fritidsfiske kan det brukast bomullstråd som er inntil 3 mm i diameter, mens i yrkesfiske er det tillate med inntil 4 mm i diameter. Det er grunngjeve med meir slitasje og eit betydeleg fleire einingar i yrkesfiske.

At bomullstråd har ulik tjukkleik inneber også at dei vil ha ulik nedbrytingstid i sjøen, men bomullstype og metode for korleis tråden er laga kan også påverke varigheit og slitasjestyrke på tråden.

Det er ikkje krav om at heile teina skal vere laga av nedbrytbar bomullstråd. Når bomullstråden løyser seg opp, skapar han eit hol i teina der fangsten kan sleppe ut. Dersom du har ei eldre teine utan rømmingshol, kan du ettermontere bomullstråden og likevel bruke teina vidare.

Krav til rømmingshol i teiner etter art

I punktlista under finn du lenkjer til monteringsrettleiingar for ulike artar: