Merking av reiskap
Her finn du reglane for merking av fiskereiskap, kva som skal merkast, korleis det skal gjerast og kvifor god merking er viktig.
Krav til merking av vak, bøyer og reiskap
I fritidsfiske skal alle vak, blåser eller bøyer, på alle reiskap som står i sjøen vere tydeleg merka med eigars namn og adresse. I tillegg skal teiner og ruser vere merka med tilsvarande eigaropplysingar.
For teiner sett i lenke, skal kvar enkelt teine merkast med eigars namn og adresse.
Også sanke- og samleteiner skal merkast med desse opplysingane.
Merking av andre fiskereiskap
Kravet om merking av sjølve reiskapen gjeld ikkje for garn, line eller snik, men vaka på desse reiskapane må merkast.
Slik merkar du reiskapen
Merket på sjølve reiskapen skal vere godt synleg og vere festa på den øvre delen, slik at den er mindre utsett for slitasje eller avsliting. Merket og dei påførte eigaropplysingane må tole saltvatn, slik at dette er godt leseleg. Som brukar bestemmer du sjølv utforming og størrelse på merket. Du kan lage merket sjølv eller kjøpe det frå ulike utsalsstader.
Merking av reiskap i hummarfiske
For fritidsfiskarar
Teinene som vert nytta til hummarfiske er underlagt dei same krava som andre teiner, men i tillegg skal blåse eller bøye vere påført ditt deltakarnummer.
Det er ikkje nødvendig å fjerne deltakarnummeret frå vaket viss du ønsker å bruke same vak utanom hummarfisket.
For yrkesfiskarar
I yrkesfiske gjeld det samme kravet om merking av ei av blåsene/bøyene, men i yrkesfiske er det ikkje krav om merking av sjølve reiskapen.
Derfor er merking av reiskap viktig
Det overordna målet med merking av sjølve reiskapen er å redusere marin forsøpling og spøkelsesfiske gjennom at færre tapte fiskereiskapar står att.
Det er ikkje ulovleg å miste reiskap, men på grunn av den store mengda reiskap som årleg blir mista, så må alle bidra til å redusere dette gjennom ansvarleg bruk av reiskap.
Teiner og ruser blir hyppigast brukt i fritidsfiske, og er reiskapane vi finn flest av ved oppreinsking. Derfor gjeld kravet desse reiskapane.
Korleis kan du vere ein ansvarleg fiskar?
Du kan enkelt bidra til ansvarleg fiske ved å:
- bruke gode og godt synlege vak. Ikkje bruk plastflasker og -kanner!
- ikkje setje reiskapen i ei trafikkert skipslei eller område med sterk straum.
- ta omsyn til vêrforholda.
- ha riktig lengde på tauet: Det bør vere samsvar mellom djupn og taulengde.
- røkte reiskapen etter gjeldande reglar.
- ta kurset: Skitt fiske!
-
Last ned Fritidsfiskeappen
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.
-
Generelle reglar
Ei kjapp innføring i regelverket som gjeld for fritidsfiske. Meir detaljert informasjon om reglane finn du til dømes under reiskap og artar.