Monteringsrettleiing for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner – for fritidsfiskarar
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i hummar- og krabbeteiner for fritidsfiskarar og turistfiske utan merkeregistrert fartøy.
Krav til rømmingshol
Alle teiner som blir brukte til fangst av hummar og krabbe skal ha rømmingshol som blir halde lukka av bomullstråd.
Bomullstråden og monteringa av rømmingshol må oppfylle desse krava:
- Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 3 mm i diameter.
- Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.
- Bomullstråden skal festast slik at det er tilstrekkeleg med eit trådbrot før rømmingshol vert frigjort.

- I dei tilfelle der det er tillate å bruke tømmeluker som rømmingshol, er tillaten montering beskriven under kvar hovudtype av teiner.
- Rømmingsholet skal vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter. For rømmingshol i notlin, vel brukaren sjølv om det passar best å lage eit «rett hol» eller hol som «vinkel».
- Rømmingshol i kalvar (inngangar) kan berre lagast dersom kalven er laga av notlin.
- Det er ikkje tillate med montering av rømmingshol i botnen av teina. På ei teine med tønneform, er den tredjedelen av teina som har botnkontakt å rekne som botnen av teina.
Råd i forbindelse med montering
- Ved bruk av løysingar der frigjering av «festekrokar» er ein del av løysinga for rømmingsholet, anbefaler vi anordningar som også bidrar til at kroken ikkje vert mista ved trådbrot under pågåande fiske.
- Ved bruk av løysingar med plater som tettar rømmingshol vert det anbefalt å ha ei tilleggsløysing som gjer at sjølve plata ikkje forsvinn frå teina ved trådbrot under pågåande fiske.
Type "skotteteine"

- Dersom teina består av berre eit kammer, er det valfritt kva for ei av tømmelukene på sida eller kva for ei av sideflatene som vert brukte til rømmingshol.
- Dersom teina har «sovekammer», er det dette kammeret som skal ha rømmingshol.
- Dersom teina har fleire «sovekammer» skal desse ha rømmingshol.
Metode 1: rømmingshol på sideflate
Brukaren vel sjølv plassering og retning på holet som vert laga. Holet må vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter, slik at det er fri utgang.

Metode 2: rømmingshol med bomullstråd festa i strikk
Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot. Dersom det vert laga ei festeløysing for å unngå tap av sjølve kroken ved brot i bomullstråd, skal luka uansett kunne opnast minst 15 cm.

Metode 3: rømmingshol med bomullstråd i feste til tømmeluke
Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.

Ytterlegare løysingar: dersom teina har meir enn eit kammer
I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar. Dersom teina har meir enn eit kammer skal løysinga vere plassert i «sovekammer».
Metode 4: inngang/kalv er laga av notlin
I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er fest i endane, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 5: seperat lukeløysing på sideflata
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflate på teine, som vert halde lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på ei av sidene. Det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga skal vere fri og må vere minimum 15 cm i diameter. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
Type "plastkasseteine"

Standard «plastkasseteine» med tilnærma heildekkande tømmelokk på toppen, eit kammer og inngangar (kalvar) i begge ender av teina.
Bomullstråden skal inkluderast i anordninga som held lokket på plass. Eit enkelt brot på bomullstråden skal medføre at feste for luka er frigjort. Ved brot på bomullstråden skal luka kunne opnast minimum 15 cm frå ramma, men det er ein fordel om den kan opnast fritt.
Metode 1: festekrok i strikk for tømmeluke
Ved bruk av denne løysinga må det lagast hol på undersida av teina for krok- eller gummifeste. Kroken (raud på bilde) vert festa til strikken på ein måte slik at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal frigjerast.

Metode 2: festekrok i strikk for tømmeluke
Ved bruk av denne løysinga må det lagast hol på undersida av teina for krok- eller gummifeste. Kroken (raud på bilde) vert festa til strikken på ein måte slik at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal frigjerast.

Metode 3: hempe av bomullstråd i strikk for tømmeluke
Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.

Metode 4: lukeløysing på siden av teina
Ved denne løysingen vert det laga eit hol i sida på teina som skal vere stort nok til å kunne trekke gjennom ein sylinder med diameter på minimum 15 cm. Holet vert tetta med ei plate som vert festa til teina i minst fire punkt med bomullstråd. For denne løysingen gjeld ikkje kravet om at eit enkelt trådbrot skal vere tilstrekkeleg for opning av hele rømmingsholet.

Ytterlegare løysingar:
I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar.
Metode 5: inngang/kalv er laga av notlin
I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 6: seperat lukeløysing på sideflata av teina
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
Type "klappeteine"

Brukaren vel sjølv kvar i teina det skal lagast hol, men holet skal vere plassert slik at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter slik at det er fri utgang. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.
Metode 1: rømmingshol i tak

Ytterlegare løysingar:
I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar
Metode 2: inngang/kalv er laga av notlin
I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimu 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 3: seperat lukeløysing på sideflata av teina
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata eller taket på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
Type "treteine"

Tillatne løysingar er baserte på at teina har eit kammer. Dersom det er laga sovekammer, skal rømmingshol dekke dette kammeret.
Metode 1: inngang/kalv er laga av notlin
I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.
Metode 2: hol på ei av sideflatane
Det er tillate å lage eit hol på ei av sideflatene på teina. Holet skal vere stort nok til å kunne trekke gjennom ein sylinder med diameter på minimum 15 cm. Holet skal tettast med plate som er festa til teina med bomullstråd i minst fire punkt. For denne løysingen gjeld ikkje kravet om at eit enkelt trådbrot skal vere tilstrekkeleg for opning av hele rømmingsholet.
Metode 3: seperat lukeløysing
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
Andre teinetypar
For andre typar teiner, eller teiner laga av anna materiale enn det som er angitt ovanfor, kan følgjande løysingar brukast:
Metode 1: inngang/kalv er laga av notlin
I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på min. 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 2: hol på ei av sideflatane
Det er tillate å lage eit hol på ei av sideflatene på teina. Holet skal vere stort nok til å kunne trekke gjennom ein sylinder med diameter på minimum 15 cm. Holet skal tettast med ei plate som er festa til teina med bomullstråd i minst fire punkt. For denne løysinga gjeld ikkje kravet om at eit enkelt trådbrot skal vere tilstrekkeleg for opning av hele rømmingsholet.
Metode 3: seperat lukeløysing
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
Rømmingshol i kombinasjon med gjenfinningsløysingar
Rømmingshol i kombinasjon med flytbare gjenfinningsløysingar er tillatne.
For at ei slik løysing skal vere tillaten må det lagast eit hol i sideveggen på teina med ei fast opning på minimum 15 cm i diameter. Holet skal lukkast med ei flytbar gjenfinningsløysing som vert halden lukka (låst) med bomullstråd på ein måte slik at eit enkelt trådbrot er tilstrekkeleg for at holet opnast med fri utgang.