Ruser
Reglar for bruk av ruser knytt til antal, område, røkting og merking.
Antal ruser
Du kan fiske med inntil 20 teiner eller ruser. Talet på ruser og teiner kan altså til saman ikkje vere meir enn 20 per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord.
I hummarfiskeperioden er avgrensinga på 10 hummarteiner og ruser.
Det er ikkje krav til fluktopningar i ruser.
Er doble ruser éin reiskap?
Med dobbel ruse meiner vi eit fiskereiskap med fangstkammer i begge endar av eit ledegarn. Det er ledegarnet som utgjer fangstarealet. Sidan dette arealet er det same uavhengig av om ein har eitt eller to fangstkammer, reknar vi ei dobbel ruse som eitt reiskap.
Røkting
Ruser skal røktast slik at ein unngår skade og tap av fangst. Reiskapane skal røktast minst kvar sjuande dag.
Forbod mot bruk av ruser
Det er forbode å bruke ruser frå og med 1. mai til og med 30. september.
Dersom du får ein hummar i rusa, skal den løysast forsiktig og settast tilbake i sjøen igjen. Dette gjeld også i hummarfisketida, for hummar skal kun fangast med hummarteiner.
Det er også totaltforbod mot å fiske ål. Får du ål i rusa, skal den også settast ut igjen i sjøen. Det er lov å bruke åleruser til å fiske fisk.
Merkekrav
Det er innført krav til merking av teiner og ruser i fritidsfiske. I tillegg er det krav til merking av vak/blåser.
Merket bør festast i reiskapens øvre del og må tåle saltvatn. Merket bør vere av ein slik kvalitet at det ikkje losnar og dermed bidrar til marin forsøpling. Dersom fleire reiskaper er satt i lenke, gjeld kravet kvart enkelt reiskap i lenka.
Les meir om merking av reiskap.
Reiskapsavgrensingar i fredningsområda
I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av ruser. Presiseringar om kva for reiskap som er tillate kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar.
-
Reiskap
Her finn du reglar for bruk, merking, røkting og rapportering av fiskereiskap i fritidsfiske – som teiner, garn, ruser og fastståande reiskap.
-
Last ned Fritidsfiskeappen
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.