Reiskapsopprensking
Tapte fiskereiskapar fører til spøkelsesfiske og forsøpling. Fiskeridirektoratet ryddar havbotnen og oppmodar alle om å melde frå om tapt reiskap.
Bakgrunn for opprensking
Noreg har høg kommersiell fiskeriaktivitet med ulike typar fiskereiskapar. I periodar er det òg mykje aktivitet innan fritidsfiske, særleg med teiner. Historikken viser at det går tapt ein god del reiskapar, spesielt det som blir kalla fastståande fiskereiskapar som teiner, garn, liner og ruser. Dette er uheldig både av omsyn til marin forsøpling og spøkelsesfiske.
Ved å rydde havbotnen for tapte fiskereiskapar blir den skjulte beskatninga av fisk og skalldyr gjennom spøkelsesfiske redusert. I tillegg minkar faren for nye tap ved at nytt reiskap hektar seg fast i det som ligg på botnen, og for spreiing av små plastbitar og mikroplast som slitast av reiskapen.
Opprensking på fiskefelta
Fiskeridirektoratet har sidan tidleg på 1980-talet drive opprydding av tapte fiskereiskapar frå yrkesfiskarar. Fokuset har vore å rydde dei viktigaste fiskefelta langs norskekysten.
Hovudfokuset under toktet er garn og teiner, sidan desse reiskapane blir rekna som dei farlegaste med tanke på spøkelsesfiske. Det blir òg fjerna store mengder anna fiskereiskap, som liner, snurrevad og not, samt andre gjenstandar knytte til fiske – til dømes tauverk, trålvaier, anker og dreggar.
Sidan starten på oppryddingsarbeidet med havgåande tokt er det teke opp fleire tusen tonn med fiskereiskap, mellom anna over 29 500 garn med ei samla lengd på om lag 800 kilometer.
Funne fiskereiskap i kart
Her kan du sjå funne fiskereiskap i kart frå siste tokt, eller i vår eiga kartportal Yggdrasil for tidlegare tokt (2017-2025) (portal.fiskeridir.no). Kartet viser alle stasjonar der det er utført opprydding i toktserien. Klikk på dei runde symbola for å lese meir om funna.
År | Garn (stk) | Teiner (stk) | Liner (meter) | Wire (meter) | Tauverk (meter) | Trål/not (kvm) | Anker/dregg (stk) | Bøyer (stk) |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2020 | 681 | 2669 | 38800 | 4745 | 133800 | 210 | 66 | 46 |
2021 | 1029 | 82 | 78600 | 3000 | 15400 | 136 | 46 | 29 |
2022 | 1128 | 204 | 25200 | 8540 | 68100 | 125 | 40 | 39 |
2023 | 1339 | 229 | 42000 | 8000 | 30000 | 250 | 41 | 30 |
2024 | 1637 | 78 | 25000 | 5200 | 25000 | 325 | 37 | 44 |
2025 | 1687 | 101 | 34000 | 6400 | 24000 | 650 | 52 | 22 |
Kyst- og fjordopprensking
I kyst- og fjordområda er det ofte ei blanding av fiskeriaktivitet frå både yrkesfiske og fritidsfiske.
I perioden 2019–2023 gjennomførte Fiskeridirektoratet fleire lokale oppryddingstokt på strekninga frå svenskegrensa til Molde. Her blei det teke opp mange tusen fiskereiskapar, særleg teiner. Desse funna inngjekk i datagrunnlaget for ein rapport (norden.org).
Både etablerte og nye aktørar gjer ein svært viktig jobb med å fjerne tapte fiskereiskapar i kyst- og fjordområda. Nokre bidreg gjennom dugnad, medan andre tek del i ulike oppryddingsprosjekt.
I 2023 fekk Fiskeridirektoratet eit eige fartøy med oppryddingskapasitet. Fartøyet «Fjorgyn» blir koordinert av Sjøtenesta og blir hovudsakleg nytta til kontroll- og tilsynsformål. Fartøyet representerer ein tilleggskapasitet for opprydding i kyst- og fjordområda.
År | Garn (stk) | Teiner (stk) | Liner (meter) | Wire (meter) | Tauverk (meter) | Trål/not (hel/del) | Anker/dregg (stk) | Bøyer (stk) |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2023 | 184 | 27 | 300 | 0 | 1000 | 3* | 2 | 0 |
2024 | 178 | 21 | 10090 | 1600 | 1700 | 2* | 4 | 0 |
2025 | Ikke klart |
*Komponenter fjernet fra strandsonen
Kva gjør du dersom du mistar eit fiskereiskap?
Det er svært viktig at alle som har tapt fiskereiskap, eller veit om tilfelle der det har skjedd, melder frå til Fiskeridirektoratet. For reiskap som meldes tapt innan yrkesfiske, inngår desse meldingane i grunnlaget for å planlegginga av det årlige opprenskingstoktet. For fritidsfiske gir tapsmeldingane eit godt grunnlag for ulike ryddeinitiativ langs kysten.
Yrkesfiskarar har plikt til å gjere eigne på å finne att tapt reiskap, og dersom reiskapen ikkje blir funne, så skal han meldast som tapt.
Fritidsfiskarar har ikkje same plikt, men vi rår også dei til å gjere sitt ytste for å finne att sakna reiskap, og dersom ein ikkje lykkast med å finne reiskapen, meld frå i Fritidsfiskeappen.
-
Kva skjer med reiskapen vi finn?
På opprenskingstokt tek vi årleg opp store mengder tapt reiskap. Tilstand og mogleg eigaridentitet avgjer korleis reiskapen blir håndtert vidare.
-
Fiskeridirektoratet og FNs berekraftsmål
Fiskeridirektoratet arbeider for FNs berekraftsmål knytt til miljø og klima, sosiale tilhøve og økonomi.