Fritidsfiske med garn i sjøen
Her finn du reglar for bruk av garn; blant anna lengde, maskestorleik, merking, nedsenking og forbodsområde.
Garnlengda
Du kan bruke garn med samla lengde på inntil 210 meter. Men dersom du fiskar etter torsk, kan garnet maksimalt ha ei samla lengde på 165 meter.
Krav til maskestørrelse
Minste tillatte maskestørrelse for botnsette garn (også trollgarn), som vert sette sør for 62°N, er 126 mm.
Dette gjeld ikkje for fiske etter sild med sildegarn med trådar av multifilament (polyamid) der maskestørrelsen er mindre enn 64 mm.
Du må hugse å innrette fisket og garnbruken slik at du ikkje får fisk under minstemål.
Type fiske | Område | Minste lovlege maskestørrelse |
---|---|---|
Torsk | Nord for 62°N | 156 millimeter |
Breiflabb | Heile landet | 360 millimeter |
Kveite | Heile landet | 470 millimeter |
Rognkjeks | Heile landet | 267 millimeter |
Korleis måler ein masker i garn?
Det er vanskeleg å vite korleis ein skal måle maskene i garn. Her forklarar vi ulike måtar å måle masker på.
Nedsenking av garn
Garn med maskevidde større enn 32 millimeter skal frå og med 1. mars til og med 30. september senkast, slik at fangstdelen står 3 meter under havoverflata.
Statsforvaltaren kan for heile fylket eller for avgrensa område bestemme at nedsenkingspåbodet skal gjelde for garn uansett maskevidde.
Du må derfor kontakte statsforvaltaren i ditt område, for å vere sikker på lokalt regelverk.
Merking
Det er ikkje tillate å bruka reiskap som ikkje har vak.
Røkting av garn
Det er forbode å la reiskap, fortøyingar og andre gjenstandar stå igjen i sjøen eller på sjøbotnen utan grunn.
Garn skal røktast minimum ei gong per veke, men fiske etter nokre arter nokre stader er pålagt ei anna røktingsplikt:
- I fiske etter torsk, hyse og sei skal garna røktast dagleg. Liner skal røktast minst kvar andre dag.
- I fiske etter breiflabb og kveite skal garna røktast minst kvar fjerde dag.
- I fiske etter blåkveite, kvitlange og brosme skal garna røktast minst annan kvar dag.
Forbod mot garn i visse område
Det er forbode å fiske med botnsette garn innanfor grunnlinja frå og med Telemark til grensa mot Sverige. Forbodet gjeld heile året.
Det er forbod mot fritidsfiske med garn på grunnare vatn enn 25 meter i Skagerrak i perioden frå og med 1. juni til og med 15. august.
Nord for 62°N er det forbode å bruke garn som er høgare enn 23 meter målt på strekt maske. I dette området er det også forbode å bruke garn som har ein trådtjukkelse mindre enn 0,40 mm monofilament, eller tilsvarande materiale.
Forbod mot garn for visse artar
Breiflabb
Nord for 64°N er det forbode å fiske med garn etter breiflabb med garn frå og med 20. desember til og med 20. mai.
Mellom 62°N og 64°N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai.
Hummar
Det er ikkje lov å fiske etter hummar med garn. Dersom du likevel får hummar i garnet, skal den løysast forsiktig og settast ut igjen i sjøen. Meir om hummarfiske.
I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av garn i fiske etter andre arter. Presiseringar om kva for reiskap som er tillete kor er på sida om fredingsområde for hummar.
Kveite
Det er ikkje lov å fiske kveite frå og med 20. desember til og med 20. april. Forbodet gjeld i heile Noreg, og for alle reiskap.
Det gjeld dessutan eit generelt forbod mot å drive fiske etter kveite med garn framstilt av monofilament eller tilsvarande materiale.
Laks, aure og sjørøye
Hovudregelen er at det ikkje er lov å fiske laks, sjøaure eller sjørøye med garn, og du pliktar å sette garnet ditt på ein slik måte at du ikkje får desse artane. Dersom du likevel får laksefisk i garnet, skal den sleppast ut i sjøen igjen uavhengig av om den lever eller ikkje. Meir om laksefiske i sjøen.
Uer
Nord for 62°N er det forbode å fiske uer, med unntak av fiske med juksa frå og med 1. juni til og med 31. august.
-
Last ned Fritidsfiskeappen
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.
-
Reiskap
Her finn du reglar for bruk, merking, røkting og rapportering av fiskereiskap i fritidsfiske – som teiner, garn, ruser og fastståande reiskap.
-
Måling av maskestørrelse i garn
Det er vanskeleg å vite korleis ein skal måle maskene i garn. Her forklarar vi ulike måtar å måle masker på.