Måling av maskestørrelse i garn

Det er vanskeleg å vite korleis ein skal måle maskene i garn. Her forklarar vi ulike måtar å måle masker på.

Stolpelengde

illustrasjon av maskestørrelse og stolpelengde
Stolpelengda er avstanden mellom to knutar (målt frå midt på knutane) når tråden er strekt mellom desse knutane.

Maskeopning (maskevidde)

Omgrepet «maskevidde» vert brukt i samband med påbod om nedsenking av garn i sjøen, som er fastsett ut frå omsynet til laks og aure (anadrome artar), men som også regulerar fiske etter marine artar. Laks og aure vert forvalta Klima- og miljødepartementet. Det er dei som har fastsett påbodet om nedsenking og som brukar omgrepet «maskevidde».

Maskevidde tilsvarar éi stolpelengde. Maskevidda er altså halvparten av maskestørrelsen.

Maskestørrelse (maskelengde)

Omgrepet «maskestørrelse» vert brukt i reglar som regulerar fiske med garn i sjøen. Eit eksempel er regelen om at botnsette garn, som vert brukte sør for 62°N, må ha ein minste maskestørrelse på 126 mm. Fiske i sjøen vert forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet (altså med unntak av anadrome artar som vert forvalta av miljømyndigheitene) og i dette regelverket vert omgrepet «maskestørrelse» brukt.

Maskestørrelsen er det same som stolpelengda x 2, og stolpelengda er altså avstanden mellom to knutar.

Maskestørrelsen vert fastsett som eit gjennomsnitt av lengda på 10 masker. 

Omfar

Tidlegere blei størrelsen på garnmasker oppgitt i omfar, og blant fiskarar er dette omgrepet framleis i bruk.

Talet på omfar beskriv kor mange masker (stolpar) som får plass på ein alen. Ein alen = 627,5 mm. I eit 10-omfars garn vil maskestørrelsen derfor vere 627,5/10 x 2 = 126 mm (avrunda).