Kongekrabbe for fritidsfiskarar

Som fritidsfiskar kan du fiske inntil 10 kongekrabber årleg innanfor kvoteregulert område til eige hushald. Fiske etter kongekrabbe i kvoteregulert område er rapporteringspliktig. Du kan berre bruke éi teine, og minstemålet er 13 cm.

Kongekrabbe fanns tidlegere berre i det nordlege Stillehavsområdet, frå Japanhavet i sør til Kamtsjatkahalvøya i nord.

Arten blei introdusert til Murmanskfjorden av sovjetiske forskarar på 1960-talet for å auke verdigrunnlaget for befolkninga i Murmansk. Sidan har den spreidd seg aust- og vestover i det sørlege Barentshavet, og også langs delar av norskekysten.

Kvoteregulert område

På norsk side har kongekrabbens invasjon skapt store utfordringar med påverknad på botnfauna, fiskeri og ressursforvalting. Dette har bidrege til at det i dag er ei todelt fangstordning. Omtrent ved Nordkapp går det eit skille mellom kvoteregulert område i aust og uregulert område i vest.

  • Innanfor kvoteregulert område aust for 26° A (inkludert blant anna delar av Magerøysundet, Porsangerfjorden og Kamøyfjorden) er kongekrabben ein ressurs for fiskerinæringa, og regulert med kvotar.
  • Utanom kvoteregulert område vest for 26° A (omlag ved Nordkapp) er det fri fangst og eit ønske om å avgrense meir spreiing. Utanfor kvoteregulert område er det ingen avgrensning i fiske til eige bruk.

Kart som viser regulering av kongekrabbe (Fiskeridirektoratets kartløsning)

Rapportering

Også fritidsfiskere skal rapportere fangst til Fiskeridirektoratet - både utenfor og innenfor kvoteregulert område.

Skjema for å rapportere fangst av kongekrabbe for fritidsfiskarar

Reiskap

Krava til reiskap, røkting og merking av reiskap som kjem fram i utøvingsforskrifta gjeld også for fritidsfiske, uavhengig av fangstområde.

I kvoteregulert område er det påbode med fluktopning i teiner.

Utanom kvoteregulert område skal teiner ikkje ha fluktåpning: 
Fangst av kongekrabbe utanfor kvoteregulert område (lovdata.no)

Teiner må merkast og røktes:
Krav til merking (lovdata.no)
Krav til røkting av garn, teiner og ruser (lovdata.no)

Utanom kvoteregulert område er det ingen krav til minstemål eller avgrensing på kor mykje du kan fangste til eige bruk.

Utanom kvoteregulert område er det forbode å setje ut igjen kongekrabbe: 
Forbod mot å setje ut kongekrabbe (lovdata.no)

Ta kontakt med Fiskeridirektoratet region Nord for meir informasjon.