Monteringsrettleiing for rømmingshol i kongekrabbeteiner
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i kongekrabbeteiner.
Krav til rømmingshol
Alle teiner som benyttes til fangst av kongekrabbe skal ha rømmingshull som holdes lukket av bomullstråd.
Bomullstråden og monteringa av denne må oppfylle desse krava:
- Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 3 mm i diameter. Ved fiske med merkeregistrert fartøy kan bomullstråden likevel vere inntil 4 mm.
- Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.
- Bomullstråden skal vere enkel.
- Monteringa skal gjerast slik at det er fri utgang når bomullstråden ryker.
Krav til montering i samanleggbare teiner med toppramme, botnramme og flyteelement i taket
I nedre kant av teina (eventuelt like over fluktopningane) skal det skjerast eit horisontalt hol i notlinet. Opninga på holet skal vere stor nok til at ein sylinder med minst 30 cm i diameter kan førast gjennom. Holet skal deretter snørast saman med enkel bomullstråd. Bomullstråden skal berre knytast i endane, slik at når tråden ryk, vil heile holet opne seg.
For å redusere presset på bomullstråden (frå vekta av fangsten) når teina vert henta opp og teken om bord, blir det tilrådd å montere rømmingsholet på den sida av teina der løftestroppane peikar (trekkeretning), sjå figur 1. Alternativt kan rømmingsholet lagast på ei av tverrsidene (inngangssidene), sjå figur 2.
Figur 1

Figur 2

Krav til montering i andre typar kongekrabbeteiner
Teiner med samanleggbar eller stiv ramme
For andre typar teiner med samanleggbar eller stiv (rigid) ramme kledd med notlin, skal bomullstråden monterast tilsvarande som i førre beskriving. For teiner med stiv ramme og notlin gjeld det likevel ikkje noko krav om at holet skal vere horisontalt.
Teiner laga av andre materiale
I teiner laga av andre materiale (til dømes netting) skal det skjerast eit hol i nedre del av teina. Holet kan vere firkanta eller rundt, men opninga må vere stor nok til at ein sylinder med minst 30 cm i diameter kan førast gjennom. Opninga skal dekkjast av ei luke (i stive materiale kan det nyttast ei utskoren luke), som festast til teina med bomullstråd. I eitt av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å sikre at luka vert hengjande fast i teina etter at rømmingsholet har opna seg.
For å redusere presset på bomullstråden (frå vekta av fangsten) når teina vert henta opp og teken om bord, blir det tilrådd å montere rømmingsholet på den sida av teina som løftestroppane peikar mot (trekkretninga).
Forskrifter
-
Monteringsrettleiing for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner – for fritidsfiskarar
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i hummar- og krabbeteiner for fritidsfiskarar og turistfiske utan merkeregistrert fartøy.
-
Monteringsrettleiing for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner – for yrkesfiskarar
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i hummar- og krabbeteiner ved fiske frå merkeregistrert fartøy i yrkesfiske.
-
Rømmingshol i teiner
Her finn du krav til rømmingshol i teiner ved fiske etter hummar, krabbe, sjøkreps og kongekrabbe – og rettleiing til montering.