Fangst av kongekrabbe for turistfiskebedrifter
Retningslinjer for fangst av kongekrabbe for reiselivsbedrifter som ikkje nyttar merkeregistrerte fartøy. Gjeld innanfor kvoteregulert område aust for 26°A, Nordkapp.
Kven kan delta?
Bedrifta må vere registrert i Brønnøysundregistra og bedrifta sitt formål må inkludere «turistfiske» eller liknande. Turistar kan ikkje på eigen hand drive fangst av kongekrabbe gjennom bedrifta sitt løyve.
Det er kun nødvendig å søke éin gong per reguleringsår. Bedrifter som ikkje sender inn søknad innan 04.12.22 får ny moglegheit sommaren 2023 til å søke om løyve til å delta i fangst for perioden 01.07.23-31.12.23.
Fiskeridirektoratets forvaltningsdivisjon avgjer kven av søkarane som i 2023 kan fangste kongekrabbe.
Forskrift for fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område i 2022 (lovdata.no)
Når totalkvantumet er berekna oppfiska vert fisket stoppa.
Område
Kart som viser regulering av kongekrabbe (kartverktøyet vert opna i nytt vindauge)
Minstemål
Det er forbode å fange kongekrabbar med ei skjoldlengde mindre enn 130 millimeter. Skjoldlengda målast frå indre ende av augehola til innbukting i bakkant midt på ryggskjoldet.
Fartøy og andre framkomstmiddel
Fartøy skal vere registrerte i Småbåtregisteret eller Skipsregistra. Det er ikkje tillate å nytte merkeregistrert fartøy. Andre framkomstmiddel kan nyttast for transport fram til fiskestaden/samleteine dersom fangstområdet er på is, men er ikkje omfatta av krav til AIS.
Identifikasjonssystem (AIS)
Kvart fartøy som vert nytta i turistfisket skal vere utstyrt med typegodkjent identifikasjonssystem (AIS) klasse A eller B. AIS-systemet skal alltid haldast i gong. Unntak gjeld dersom straumtilførselen må brytast på grunn av vedlikehald av systemet, verkstadopphald eller når fartøyet skal ligge uverksamt i meir enn 14 dagar. Det skal sendast melding til Fiskeridirektoratet før straumen vert broten. Når straumen til AIS-systemet er broten kan ikkje fartøyet endre posisjon. Meldinga skal sendast på elektronisk skjema, Elektronisk skjema for melding om påslått/avslått AIS .
Reiskap, fangstmetodar og merking av reiskap
- Fangsten kan berre drivast med teiner. Tal på teiner, inkludert samleteiner er avgrensa til 8 teiner per bedrift. Teinene kan setjast enkeltvis.
- Reiskap som vert nytta i turistfisket skal merkast med «Turistfiske», bedrifta sitt namn og telefonnummer.
- Posisjon på fangst- og samleteiner skal meldast til Kystvaktsentralen på telefon: 07611.
- Innkjøpt kongekrabbe og kongekrabbe som bedrifta har fangsta sjølv kan ikkje lagrast i same samleteine.
Forbod mot omsetting
Kongekrabbe som vert fangsta i samband med turistfiske kan ikkje omsetjast eller nyttast til ordinær servering.
Landing av kongekrabbe
Det er berre tillate å lande kongekrabbe i følgjande tilfelle:
- For å gjere i stand og servere kongekrabben til same turistgruppe som deltok på turen,
- For mellomlagring av kongekrabbe i samleteine for seinare opphenting av krabben til ny turistgruppe. Kongekrabben som vert teken opp etter dette punktet kan berre brukast i tråd med bokstav a.
Uavhengig av første ledd i dette punktet kan det enkelte føretak ikkje fangste meir enn 500 kongekrabbar kvar månad. Fiskeridirektoratet region Nord kan endre den månadlege grensa.
Refordeling
Om 50% eller mer av tildelt kvote står ubenyttet 01.09.2023, kan Fiskeridirektoratet inndra hele eller deler av kvoten og refordele den til aktører som har benyttet hele sin tildelte kvote.
Utestenging
Føretak som ikkje etterlever retningslinjene kan bli utestengde frå turistfisket.
Søknad
Fiskeridirektoratet kan etter søknad gje løyve til deltaking i turistfiske etter kongekrabbe. Søknadsskjema for deltaking i turistfisket etter kongekrabbe for turistfiskebedrifter
Løyve til turistfiske etter kongekrabbe vert gjeve årleg, og løyvet er gyldig ut siste dag i det året løyvet vart gjeve.