Fiskeridirektoratets planrettleiing

I Fiskeridirektoratets planrettleiing finn du råd om korleis interessene til fiskeri- og akvakulturnæringane kan sikrast i saker etter plan- og bygningslova.

Om rettleiaren

Arealplanlegginga er viktig for at potensialet for sjømatproduksjon frå norske kyst- og havområde kan utnyttast på ein berekraftig måte. Eit reint og rikt hav, som ikkje er forureina og som har eit rikt naturmangfald, er ein nødvendig føresetnad for sjømatnæringane.

Målet med rettleiinga er å informere og gje planfaglege råd om mellom anna

  • arealbehovet til sjømatnæringane
  • kunnskapsgrunnlaget i kartløysinga «Yggdrasil»
  • korleis fiskeri og akvakulturinteresser kan sikrast i plankart og -føresegner
  • kriterium Fiskeridirektoratet nyttar for å vurdere kva spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning innanfor saksområda fiskeri, og tang og tarehausting, jamfør plan- og bygningslova § 5-4 (lovdata.no)

Hovudmålgruppa for rettleiinga er tilsette i kommunar, fylkeskommunar og statsetatar, konsulentselskap, organisasjonar knytt til sjømatnæringane, og andre som arbeider med arealplanlegging.

Rettleiinga erstattar «Retningslinjer for arbeid med kystsoneplanlegging i Fiskeridirektoratet» (2011, sist revidert 2021).

Kapittel 1: Fiskeridirektoratet si rolle i arealplanlegginga

Fiskeridirektoratet som offentleg organ har både rett og plikt til å delta i planlegginga når den berører vårt saksfelt. Det går fram av plan- og bygningslova.

Fiskeridirektoratet skal medverke i alle relevante plansaker i sjø. Det inneber mellom anna å gje uttale til kommuneplanar, reguleringsplanar og i dispensasjonssaker. Vi bidrar også med kunnskapsgrunnlag til kommunale planprosessar.

1.1 Kva sakar berører Fiskeridirektoratets saksfelt?

Fiskeridirektoratet legg til grunn at vi har rett til å bli involvert i følgjande saker etter plan- og bygningslova:

  • Planstrategiar i kommunar og fylke med kystlinje (pbl kap. 7 og 10)
  • Kommuneplanens samfunnsdel og -arealdel i kommunar med kystlinje (pbl kap. 11)
  • Kommunedelplanar som berører sjøområda, mellom anna om vatn og avlaup, nærings-, natur- og miljøtema, hamneplanar (pbl kap. 11)
  • Reguleringsplanar som omfattar sjøareal og/eller areal i strandsona langs kysten (pbl kap. 12)
  • Interkommunalt plansamarbeid langs kysten (pbl kap. 9)
  • Regionale planar og -planføresegner i fylke med kystlinje (pbl kap 8)
  • Dispensasjonssaker i sjø og/eller i strandsona langs kysten (pbl kap. 19)

Når vi skal vurdere om ei konkret plansak berører saksfeltet vårt, tek vi utgangspunkt i registrerte kystnære fiskeridata, data om akvakulturlokalitetar, marine naturtypar m.m. som er allment tilgjengeleg. I tillegg bruker vi informasjon frå fangst- og sporingsdata som av omsyn til personvern er unnateke offentlegheit. Planmyndigheitene har såleis ikkje tilgang til all nødvendig informasjon for å gjere ei meir konkret vurdering enn den som følgjer av punktlista ovanfor.

Fiskeridirektoratet legg til grunn at i saker der kommunen vurderer å gje dispensasjon, får vi dispensasjonssøknaden tilsendt for uttale saman med saksutgreiinga frå kommunen. Vi har ikkje som praksis å gje førehandsuttale med konkrete vurderingar til søkjar/tiltakshavar i dispensasjonssaker.

Fiskeridirektoratet er ikkje omfatta av den kommunale samordningsplikta i byggesaksforskrifta § 6-2. Vi har ikkje som rutine å gje uttale til byggesaker etter førespurnad frå søkjar/tiltakshavar. I nokre byggesaker kan kommunen ha behov for ein uttale frå Fiskeridirektoratet for at saka skal verte godt nok opplyst før kommunen fattar vedtak i saka. I slike tilfelle kan Fiskeridirektoratet gje ein uttale etter førespurnad frå kommunen.

1.2 Motsegn og klagerett

Fiskeridirektoratet kan fremje motsegn til arealplanar i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunnar er av vesentleg betydning for saksområdet vårt. Motsegnskompetansen vår er knytt til fiskeri, og tang- og tarehausting.

Fiskeridirektoratet har klagerett i dispensasjons- og byggesaker, jamfør pbl § 1-9 tredje ledd.

1.3 Nasjonale styringsdokument

Planlegging etter plan- og bygningslova (regjeringen.no)

Rundskriv H-6/18: Lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystnære sjøområder (regjeringen.no)

Veileder om planlegging i sjøområdene (regjeringen.no)

Kapittel 2: Fiskeplassar i arealplanar

Å sikre fiskarane tilgang til naudsynt areal for utøving av fiske er viktig i arealplanlegginga.

2.1 Om utøving av fiske

Fiskeriaktivitet kan føregå meir eller mindre over alt i sjøen. Omgrepet «fiskeplass» er å forstå som eit arealavgrensa område der det vert drive eller har vore drive kommersielt fiske og/eller fangst etter marine artar, og som kan påreknast brukt i framtida. 

Aktiviteten i kystsona varierer over tid, geografisk og etter type fiskeri. Det kystnære fiskeriet og fisket inne på fjordane kan føregå gjennom heile året. Dei store fiskeria etter skrei og sild skjer når fisken samlar seg i mindre område for kortare eller lengre tid. Over tid kan det endre seg kva som er dei viktigaste fiskeplassane, mellom anna med bakgrunn i endringar i fiskebestandane, i gyteområda og vandringsrutene til fisken, og i reiskapsbruken.

Fiskeplassar vert i fiskeriforvaltninga kategorisert som ein type «bruksområde». Det er ei samlenemning på områda som vert brukt i samband med fiske.

2.2 Arealbehov

Utgangspunktet for ein fiskeplass er fisk eller skaldyr som står i eller vandrar gjennom eit bestemt område. Kva type fiskereiskap som vert nytta er avhengig av fleire faktorar, mellom anna om fisken som skal fangstast i hovudsak lever i dei frie vassmassane (pelagisk) eller ved sjøbotnen (bentisk), kva reiskapar som er mest effektive, kva reiskapar som gjev best kvalitet og/eller pris, kva reiskapar som er tillatne og kva reiskapar fiskarane har tilgang til.

I tillegg til tilgang på sjølve fiskeplassen, er fiskarane avhengige av tilstrekkeleg plass til å manøvrere farty og fiskereiskap. Ulike fiskereiskapar har ulike arealbehov. Djupne, vêr- og straumtilhøve spelar også inn på arealbehovet.

Bruk av fiskereiskapar krev som eit minimum tilgang til areal i vassoverflata og rom i vassøyla. Mange reiskapar vil i tillegg krevje tilgang til areal på sjøbotnen.

Flytetrål og snurpenot er døme på aktive fiskereiskapar som vert brukt i dei frie vassmassane. Dei er i bevegelse i samband med setjing, haling og trekking av reiskapen. På grunn av slepinga av reiskapen etter båten, krev desse reiskapane som hovudregel tilgang til meir areal og rom i både vassoverflata og vassøyla enn det fastståande reiskap gjer.

Botntrål og snurrevad er døme på aktive botnberørande reiskapar. Bruk av slike reiskapar krev at også sjøbotnen er fri for fysiske hindringar.  Også passive botnberørande reiskapar, som garn, line og teine (fastståande bruk), krev tilgang til areal på sjøbotnen.

Fysiske hindringar i sjøen, til dømes fortøyingar, kan gjere fiske vanskeleg. Legging av kablar og leidningar gjennom fiskeplassar kan også vere konfliktskapande.

2.2.1 Om reketråling

Arealbehovet knytt til reketråling er særeigen. I utgangspunktet er det ikkje tillate å fiske kystnært med trål. Det er gjort unntak for m.a. reketrål, som er ein type botntrål. Rekefiske skjer i hovudsak med reketrål. Vidare er det etter haustingsforskrifta § 16 avgrensa kor grunt det er tillate å tråle etter reker. Det er såleis avgrensa både kva reiskap som er eigna for rekefangst, og i kva område denne reiskapen er eigna og tillaten å bruke. Det er viktig å vere merksam på at farty med reketrål kan ha behov for manøvreringsareal som strekker seg inn i grunnare vatn enn der sjølve trålen går.

2.3 Kartlag i Yggdrasil

2.3.1 Kystnære fiskeridata

Fiskeplassar er kartlagt av Fiskeridirektoratet. Data er i hovudsak samla inn gjennom intervju med fiskarar.

Fiskeplassane vert vist i to kartlag; «Fiskeplasser – Aktive redskap» og «Fiskeplasser – Passive redskap». I tillegg finst det eit tredje kartlag for «Rekefelt – Aktive redskap», som er eit utval av område frå «Fiskeplasser – Aktive redskap» der det vert drive eller har blitt drive rekefiske.

Fiskereiskapar vert kategorisert i passive og aktive reiskapar. I fiske med passive reiskapar er det fisk og skaldyr som oppsøkjer reiskapen. Døme på passive reiskap er garn, line, teine, ruse, jukse og dorg. Garn, line og teine har vidare samlenemninga «fastståande bruk». Desse fiskereiskapane vert sette ut i sjøen og vert ståande i ein varierande tidsperiode før dei vert henta opp att.

I fiske med aktive reiskapar er det fiskereiskapen som aktivt fangar fisken eller skaldyra. Døme på dette er trål, snurpenot og snurrevad.

Fiskeplassane er kategorisert etter om bruken er nasjonal, regional eller lokal

  • Nasjonal bruk: Felt brukt av fartøy frå fleire fylke
  • Regional bruk: Felt brukt av fartøy også frå andre kommunar enn der feltet er registrert
  • Lokal bruk: Felt brukt berre av fartøy registrert i same kommune som feltet

Det vert også samla inn data om kva artar som vert fiska, med kva reiskap og til kva tider på året. Det kan også vere registrert opplysningar om særlege kvalitetar ved ein fiskeplass. Registreringane omfattar ikkje alltid alt det nødvendige manøvreringsarealet knytt til fiskeplassen.

Her kan du sjå art over fiskeplassar for passive og aktive reiskap, eller sjå det i vår kartportal (portal.fiskeridir.no)

Meir informasjon om kystnære fiskeridata.

2.3.2 Fangst- og sporingsdata

Informasjonen om fiskeplassar innhenta gjennom intervju kan supplerast med informasjon innhenta gjennom registeringar av fiskeriaktivitet.

Fangst- og sporingsdata vert eit stadig viktigare verkty for å kartlegge kvar dei viktigaste fiskeria føregår. Det er viktig å merke seg at spesielt kystnære fiskeri med mindre fiskefarty i liten grad inngår i eksisterande datasett. Årsaka til det er manglande rapporteringskrav. At det ikkje er registrert slike spor etter fiskeriativitet i eit område, utelukkar derfor ikkje at det kan føregå fiske i området.

Fiskeridirektoratet samanstiller posisjonssignal (Vessel Monitoring System, VMS) frå norske fiskefarty med opplysningar frå elektronisk fangstrapportering (Electronic Reporting System, ERS). Kartlaget «Fiskeriaktivitet etter redskap» viser kva marine artar som vert fangsta i ulike område, og kva fiskereiskap som er brukt. Kartlaget inneheld data frå 2011 og framover.

Tilsette i Fiskeridirektoratet har tilgang til meir data enn det som er tilgjengeleg for ålmenta i Yggdrasil. Direktoratet samanstiller sporingsdata frå det automatiske identifikasjonssystemet (AIS) til Kystverket, som har god dekning i kystnære område der mindre farty opererer, med sluttseddeldata frå fiskesalslaga.  Per i dag er dette data som av personvernomsyn er unnateke offentlegheit. I arbeidet med arealplansaker kan sakshandsamarane i Fiskeridirektoratet også nytte desse datakjeldene for å innhente informasjon om fiskeplassar. Anonymiserte opplysningar kan vidareformidlast til kommunar, plankonsulentar og andre.

Her kan du sjå kart over fiskeriaktivitet etter reiskap.

2.3.3 Fastståande bruk

Intervjudata kan også supplerast med informasjon henta frå innrapportering av fastståande bruk. Haustingsforskrifta § 25 set krav om rapportering av fastståande reiskap og fløytline. Ei historisk oversikt over liner, garn og teiner som har blitt sett ut og rapportert, frå slutten av 2014 og framover, er samla i kartlaget «Fiskeredskaper – Faststående bruk».

Også for dette kartlaget er det viktig å vere merksam på at det i hovudsak dekkjer ytre deler av kysten. Før 2022 gjaldt rapporteringskravet berre nord for 62°N, og berre utanfor grunnlina.

I 2022 tok nye krav til å gjelde. Nord for 62°N gjeld krava no utanfor fjordlina. Sør for 62°N gjeld dei utanfor grunnlina, med unntak av Skagerak. For kongekrabbe, breiflabb og blåkveite gjeld særlege reglar.

Også ein del farty utan rapporteringskrav melder frå om setjing og fjerning av reiskap. Det er fleire fordelar ved å rapportere kvar ein set bruket. Samstundes er det ulemper knytt til å synleggjere gode fiskeplassar for andre. 

Fangst- og sporingsdata kan også gje kunnskap om nye område som har utvikla seg til viktige fiskeplassar, utan at dei først er registrert gjennom intervju. Sporingsdata er slik ei viktig kjelde for å kunne følgje med på dei endringane som kontinuerleg skjer i tilgangen på fiskeriressursane, mellom anna på bakgrunn av endringar i vandringsruter, gyteområde, nye fangstmetodar og hausting av fleire artar.

Her kan du sjå kart over faststående reiskap.

2.4 Planfagleg råd

Når ein kommune startar opp arbeid med rullering av kommuneplanens arealdel, vil Fiskeridirektoratet ta stilling til om det er behov for, og tilgjengelege ressursar til, å oppdatere kystnære fiskeridata i planområdet. Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag bør liggje til grunn for eventuelle endringar i arealplanen.

Viktige fiskeplassar bør ikkje setjast av til arealføremål som kan bli til hinder eller ulempe for fisket.

Bruk av aktive botnberørande reiskapar krev som nemnt ovanfor at sjøbotnen er fri for fysiske hindringar. I planføresegnene er det viktig at fiskeplassar for botntrål og snurrevad vert sikra mot slike tiltak. Fiskeridirektoratet rår til følgjande føresegn for areal som omfattar slike fiskeplassar:

«I områda er det ikkje tillate med tiltak som hindrar eller er til ulempe for fiske, under dette kablar, røyr, flytebrygger, kaiar, plassering av anlegg, fortøyingsinnretningar og dumping. (pbl § 11-11 nr. 3)»

Med bakgrunn i at fiskeplassar for botntrål og snurrevad har særeigne arealbehov, rår Fiskeridirektoratet i utgangspunktet til at dei får underføremålet fiske (einbruk) i plankartet. I nokre tilfelle går det farlei gjennom slike fiskeplassar. Då rår vi til kombinert føremål fiske/farlei (fleirbruk). Føresegna nemnd ovanfor kan nyttast i begge tilfella.

Avhengig av lokale tilhøve, kan det vere behov for at føresegna også gjeld for fiskeplassar for passive botnberørande reiskapar (fastståande bruk).

For råd om framstilling av fiskeplassar i plankartet viser vi også til Veileder om planlegging i sjøområdene (regjeringen.no), side 75-76.

2.5 Fikseplassar av nasjonal eller vesentleg regional betydning

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til fiskeplassar av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om ein fiskeplass har slik betydning er mellom anna:

2.5.1 Nasjonal/regional/lokal bruk

Nasjonal bruk: Fiskeplassar med nasjonal bruk er i utgangspunktet av nasjonal betydning. Det må likevel gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Regional bruk: Fiskeplassar med regional bruk kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Lokal bruk: Fiskeplassar med lokal bruk er i utgangspunktet å rekne som av lokal betydning. Også for slike område må det gjerast konkrete vurderingar i enkeltsaker, basert på fleire vurderingskriterium enn den geografiske bakgrunnen til brukarane. Fiskeplassar med lokal bruk kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

2.5.2 Tal brukarar

Di fleire brukarar ein fiskeplass har, di større betydning kan den ha. Talet brukarar må vurderast opp mot omfanget fiskeria har i området den konkrete saka gjeld. Eit område med fem brukarar kan være lite viktig i eit område med stor fiskeriaktivitet, men veldig viktig ein stad der fiskeria er meir marginale.

Den relative viktigheita for enkeltbrukarar kan også vektleggast. At ein eller fleire fiskarar hentar ein betydeleg del av driftsgrunnlaget sitt frå eit bestemt område, kan etter ei konkret vurdering tilleggast vekt.

2.5.3 Bruk ved bestemte vêrtypar eller årstider

Ein fiskeplass kan ha unike kvalitetar ved å vere særleg godt eigna på bestemte tider av året eller ved bestemte vêrtypar der andre fiskeplassar  er utilgjengelege. Opplysingar om dette kan vere registrert som del av merknad i kystnære fiskeridata eller kome fram i arealplanprosessen.

2.5.4 Samnfall med ressursområde og viktige naturtypar for fiskeria

Gode fiskeplassar (bruksområde) er ofte samanfallande med gyteområde, beiteområde og vandringsruter for fisk (ressursområde). Ressursområda vil i sin tur ofte samanfalle med førekomstar av naturtypar som er viktige for fiskeria. I vurderinga av om ein konkret fiskeplass er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, kan også slikt samanfall vere eit vurderingskriterium. Samanfall mellom registreringar i fleire av desse datasetta vil kunne gjere at eit område vert vurdert som meir betydningsfullt.

Kapittel 3: Låssettingsplassar i arealplanar

At gode låssetjingsplassar vert sikra i arealplanlegginga er ein føresetnad for mykje av fisket etter sild, makrell, sei og brisling.

3.1 Om låssetjing

Låssetjingsplassar er område der fiskarane i ein avgrensa tidsperiode fortøyer nøter/merder for mellomlagring av fangst frå notfiske på pelagiske artar. Føremålet kan vere både å gjere fisken åtefri, og å mellomlagre den i påvente av seinare opptak. Låssetjing bidreg slik til både betre råstoffkvalitet og til stabil levering av råstoff til fiskeindustrien. Dette aukar lønsemda for både fiskar og industri. Nota/merda vert fjerna når låssetjingsplassen ikkje er i bruk.

Låssetjing skjer gjerne i skjerma viker og vågar eller inne mellom holmar og skjær der naturtilhøva ligg særleg til rette for det. Ein låssetjingsplass må først og fremst gje tilstrekkeleg vern mot vêr, vind og straum. Det er nødvendig for å hindre tap av fangst ved dårleg vêr, skade og stress på fisken, og slitasje og øydelegging av utstyr. I tillegg er stabil gjennomstrøyming av friskt sjøvatn viktig. Temperaturtilhøva, salthaldigheita og oksygeninnhaldet i sjøen kan vere viktig.

Fisket kan erfaringsvis variere mykje frå år til år med omsyn til kvar fisket føregår. Ein låssetjingsplass som ikkje har blitt nytta på nokre år, kan som følgje av endringar i vandringsmønsteret til fisken verte aktuell for bruk igjen. Mange låssetjingsplassar har blitt nytta gjennom generasjonar.

For meir utfyllande informasjon om låssetjingsplassar, sjå rapporten Låssettingsplasser – kriterier for egnethet (forprosjekt)  (Havforskningsinstituttet/Else Torstensen, 2007) (fhf.no)

3.2 Arealbehov

Låssetjing krev areal i vassoverflata, i vassøyla og på sjøbotnen: til sjølve nota/merda, til fortøyingar, til manøvrering av nota, og til området som er omfatta av haustings- og ferdsleforbodet som gjeld når låssetjingsplassen er i bruk, jamfør havressurslova § 27 andre ledd:

«Det er forbode å hauste nærare enn 100 meter og å ferdast nærare enn 20 meter frå slepekast eller steng som er fortøydde i land eller oppankra på annan måte».

Låssetjingsplassar kan bandleggje og krevje areal på landsida, i form av fortøyingspunkt. Havressurslova § 27 første ledd gjev fiskarane rett til slik fortøyinging i samband med låssetjing:

«Alle som haustar med not, har rett til å fortøye slepekast i land når det skjer i rimeleg avstand frå hus der det bur folk, eller hytte som er i bruk, og utan utilbørleg fortrengsle eller ulempe for andre.»

3.3 Kartlag i Yggdrasil

Kartlaget "Låssettingsplasser" viser låssetjingsplassar kartlagt av Fiskeridirektoratet.

Låssetjingsplassane er kategorisert etter om bruken er nasjonal, regional eller lokal.

  • Nasjonal bruk: Låssetjingsplassen vert brukt også av farty registrert i andre fylke (minst 3 fylke).
  • Regional bruk: Låssetjingsplassen vert brukt også av farty registrert i andre kommunar enn der den er registrert.
  • Lokal bruk: Låssetjingsplassen vert berre brukt av heimeflåten, det vil sei av farty som er registrert i samme kommune som den.

Her kan du sjå kart over låssetjingsplassar, eller sjå det i vår kartportal (portal.fiskeridir.no)

3.4 Planfaglege råd

Mange av låssetjingsplassane i landet er innarbeidde i kommuneplanane, med bakgrunn i registeringane i Yggdrasil. Når ein kommune startar opp arbeid med rullering av kommuneplanens arealdel, vil Fiskeridirektoratet ta stilling til om det er behov for og tilgjengelege ressursar til å oppdatere kystnære fiskeridata om temaet. Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag bør liggje til grunn for eventuelle endringar i arealplanen.

Viktige låssetjingsplassar bør ikkje setjast av til arealføremål som kan bli til hinder eller ulempe for låssetjing.

I arealplanlegginga knytt til låssetjingsplassar er det viktig å sjå arealbruken i sjø og på land i samanheng. Når det gjeld samlokalisering med andre arealføremål, også på landsida, er det viktig å vere merksam på både at nye tiltak/aktivitetar på land kan verte til ulempe for fiskeria, og at låssetjingsaktivitet kan kome i konflikt med eventuell ny bruk av landareala.

I nærleiken av låssetjingsplassar bør kommunane vere tilbakehaldne med å planlegge for endra bruk som kan gje dårlege miljøtilhøve for fisken.

3.4.1 Planframstilling

Med bakgrunn i at låssetjingsplassar har særeigne arealbehov, rår Fiskeridirektoratet i utgangspunktet til at dei får underføremålet fiske (einbruk, pbl § 11-7 nr. 6 – SOSI 6300) i plankartet.

Låssetjing krev, som nemnt ovanfor, areal i vassoverflata, i vassøyla og på sjøbotnen. I planføresegnene er det viktig at låssetjingsplassar vert sikra mot tiltak i alle desse vertikalnivåa. Fiskeridirektoratet rår til følgjande føresegn for areal som omfattar låssetjingsplassar:

«I områda er det ikkje tillate med tiltak som hindrar eller er til ulempe for fiske, under dette kablar, røyr, flytebrygger, kaiar, plassering av anlegg, fortøyingsinnretningar og dumping. (pbl § 11-11 nr. 3)»

Der låssetjingsplassar har fortøying i land, kan fortøyingspunktet i strandsona ha arealføremålet fiske i kommuneplan (pbl § 11-7 nr. 6 – SOSI 6300) og låssetjingsplass i reguleringsplan (pbl § 12-5 nr. 6 – SOSI 6320). I planføresegnene kan det i slike tilfelle stå at arealet omfattar fortøyingspunkt for låssetjingsplass, og at i områda er fiske prioritert framfor annan bruk (pbl § 11-11 nr. 3 / pbl § 12-7 nr. 2).

For råd om framstilling av låssetjingsplassar i plankartet viser vi også til Veileder om planlegging i sjøområdene (regjeringen.no), side 79.

3.5 Låssetjingsplassar av nasjonal eller vesentleg regional betydning

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til låssetjingplassar av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om ein låssetjingsplass har slik betydning er mellom anna:

3.5.1 Nasjonal/regional/lokal bruk

Nasjonal bruk: Låssetjingsplassar med nasjonal bruk er i utgangspunktet av nasjonal betydning. Det må likevel gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Regional bruk: Låssetjingsplassar med regional bruk kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Lokal bruk: Låssetjingsplassar med lokal bruk er i utgangspunktet å rekne som av lokal betydning. Også for slike område må det gjerast konkrete vurderingar i enkeltsaker, basert på fleire vurderingskriterium enn den geografiske bakgrunnen til brukarane. Låssetjingsplassar med lokal bruk kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

3.5.2 Tal brukarar

Di fleire brukarar ein låssetjingsplass har, di større betydning kan den ha.

3.5.3 Alternative låssetjingsplassar i nærområdet

Om det finst alternative låssetjingsplassar i nærområdet som har dei same kvalitetane som den vurderinga gjeld, kan ha betydning for vurderinga av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

Kapittel 4: Samiske fiskeriinteresser i arealplanar

Fiskeridirektoratet har også ansvar for å ivareta dei samiske fiskeriinteressene. Med samiske fiskeriinteresser meiner vi tradisjonell samisk fiskeri- og fangstaktivitet etter viltlevande marine ressursar som vert driven av yrkesfiskarar.

4.1 Kartlegging

Fiskeridirektoratet har ikkje gjennomført eigne kartleggingar av samiske fiskeriinteresser. Utøvinga av dette fisket føregår oftast i dei same områda som anna fiskeri, og inngår dermed i kartlegginga av kystnære fiskeridata.

Når vi vurderer samiske fiskeriinteresser i arealplansaker, nyttar vi også andre kjelder for å få informasjon om område der det føregår samisk fiskeri. I Fiskeridirektoratets kartverktøy Yggdrasil er det to administrative kartlag som kan indikere at eit geografisk område er viktig for samiske interesser:

  • Område omfatta av Sametinget si tilskotsordning for støtte til samisk næringsutvikling (STN-område)
  • Område omfatta av deltakarlova § 21: Som følgje av kystfiskeutvalet sitt arbeid for å ivareta sjøsamiske fiskeriinteresser vart det i deltakarlova inkludert rettar til fiske i Finnmark og Nord-Troms og enkelte område i Sør-Troms og Nordland.

Sjølv om det ikkje er kartlagt fiskeriinteresser i eit område, betyr ikkje det at det ikkje føregår fiske i området. Dette gjeld særleg fritids-, sports- og rekreasjonsfiske, inkludert fiske til eige bruk. I kystnære område vert det fiska der fisken befinn seg. Område som er viktige for ikkje-kommersielt fiske vil ofte vere overlappande med områda der dei mindre fiskefartøya fiskar, og slik vere inkludert i vurderingane vi gjer av fiskeriinteressene.

Her kan du sjå kart over samiske fiskeriinteresser.

Kapittel 5: Ressursområde i arealplanar

Gyteområde, oppvekstområde, beiteområde og vandringsruter er leveområde for fisk i ulike livsfasar. Å ta vare på desse områda i arealplanlegginga er viktig for fiskerinæringa og for ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane.

5.1 Kva er eit ressursområde?

Område som er viktige for at ulike marine artar skal kunne formeire seg, vekse opp og inngå i haustbare bestandar vert i fiskeriforvaltinga kalla for «ressursområde». Dei omfattar gyteområde, oppvekstområde, beiteområde og vandringsruter.

5.2 Arealbehov

Ressursområda kan ha behov for beskyttelse både mot arealbeslag og mot tiltak som har negative konsekvensar for naturtilhøva i og ved områda.

Nedbygging kan skje i form av mellom anna utfylling i sjø for å etablere nytt landareal for utbygging, hamner og moloar, dumping av overskotsmassar frå utbygging, anleggsarbeid og gruvedrift på land, og mudring og undervassprenging for å legge kablar, røyr eller utdjupe farleier.

Tiltak kan påverke omgjevnadane gjennom mellom anna oppvirvling av sediment, utslepp av kjemikaliar, endringar i topografi og straumtilhøve. Dei samla konsekvensane av fleire tiltak, eller fleire konsekvensar av eit tiltak, er også viktige problemstillingar. Tålegrensa i konkrete saker vil vere avhengig av lokale tilhøve.

5.2.1 Torsk

Torsk er ein av dei viktigaste kommersielle fiskeartane i Noreg. Kysttorsken bruker i stor grad skjergardsbeltet/kystnære område og fjordane som gyte- og oppvekstområde. Bestandane av kysttorsk er under press. Fiskeridirektoratet har særleg fokus på gyte- og oppvekstområde for torsk. Etter gyting er egg og larver ekstra utsette for ytre påkjenningar, og det er viktig at dei har best mogleg miljøforhold.

Torsk i norske farvatn vert forvalta som fire bestandar: Nordaustarktisk torsk, kysttorsk nord for 62°N, Nordsjøtorsk og kysttorsk sør for 62°N. Nord for Stad gjekk bestanden betydeleg ned på slutten av 1990-talet. Sidan har den variert noko, utan ein klar trend, men fiskedødelegheita viser ein svak minkande tendens. Sør for Stad er bestanden redusert kraftig dei siste tiåra. Havforskningsinstituttets dataserie på vaksen torsk langs Skagerrakkysten viser ein nedgåande trend, der dei siste åra er spesielt dårlege.

Kunnskapen om korleis akvakultur påverkar gyte- og oppvekstområde er mangelfull.

Forskingsprosjektet ICOD (Interactions of salmon farming on Atlantic cod spawning grounds) vart avslutta i 2021. Forskingsprosjektet SalCod (Impact of salmon farming on Atlantic cod stock) pågår fram til 2023. Korleis torskeoppdrett kan påverke ville torskebestandar er tema i Havforskningsinstituttet sin årlege kunnskapsstatus til risikorapporten for norsk fiskeoppdrett.

5.3 Kartlag i Yggdrasil

5.3.1 Kystnære fiskeridata

Gyte-, oppvekst- og beiteområde er kartlagt av Fiskeridirektoratet gjennom innsamling av kystnære fiskeridata. Data er samla inn gjennom intervju med i hovudsak fiskarar. Kartlegginga er knytt til nøkkelområde for fiskeria, og dekkjer derfor i hovudsak kommersielt interessante fiskebestandar.

Kartlaget «Gyteområder alle arter» viser gyteområde med informasjon om art og gyteperiode. I område registrert som gyteområde har yrkesfiskarar opplyst å ha fått fisk med rennande rogn eller å ha sett fiskerogn på havbotnen.

Kartlaget «Oppvekst - beiteområde» viser oppvekstområde for yngel/fangstbar fisk og beiteområde for større fangstbar fisk.

Oppvekstområde er område og habitat som er viktige for overlevinga til yngel og småfisk i perioden fram til dei når fangstbar storleik eller kan rekruttere til bestanden. For meir informasjon om oppvekstområde, sjå oppvekstområder (hi.no).

Beiteområde er avgrensa område med store ansamlingar av beitande fisk i fangstbar storleik.

Vandringsruter er arealavgrensa område der stimar av fisk i fangstbar storleik tradisjonelt kan vere på gyte- eller beitevandring.

5.3.2 Marinbiologiske data

Datasettet «Gytefelt torsk MB» viser gytefelt for kysttorsk. Data er innsamla av Havforskningsinstituttet (HI), først gjennom ”Nasjonalt program for kartlegging av marine naturtyper” (2007-2019), og vidare gjennom prosjektet «Kartlegging av gytefelt og oppvekstområder for kommersielt viktige arter i kystsonen». Kartlegginga dekkjer ikkje ytre kyststrøk, Lofoten og Vesterålen. HI nyttar data frå feltinnsamling av egg, straummodelleringar og intervjuundersøkingar for å vurdere kva område som kan vere dei viktigaste gytefelta for kysttorsk.

HI kategoriserer gytefelta som:

  • A – nasjonalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 6)
  • B – Regionalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 5)
  • C – lokalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 1-4)

Kategoriseringa baserer seg på mengde egg som er funne i eit område, og i kva grad havstraumane gjer at egga vert haldne tilbake i området. Eit område med mykje egg og stor tilbakehalding av egg, vil oppnå høgaste verdivurdering, medan eit område med lite egg og stor spreiing av egga vil verte vurdert som mindre viktig.

For meir informasjon om metodar for innsamling av data om kysttorsk, sjå kapittel 9.3 i Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2022 - kunnskapsstatus (hi.no).

Her kan du sjå kart over viktige leveområde for fisk.

5.4 Planfaglege råd

Det er viktig å beskytte gyte- og oppvekstområde og andre ressursområde mot nedbygging. Det er også viktig at det i eller i nærleiken av ressursområda ikkje vert opna for arealformål/tiltak som kan øydeleggje eller forringe den funksjonen områda har for fisken.

5.4.1 Planframstilling

Fiskeridirektoratet rår til at gyte- og oppvekstområde i kartet til kommuneplanens arealdel vert vist både med arealformål som inkluderer fiske og som omsynssone naturmiljø.

Arealformålet fiske kan vere

  • underformål fiske (formålskode 6300, feltkode FI),
  • inngå som del av kombinert formål (formålskode 6800, feltkode VK), eller
  • inngå som del av hovudformålet (formålskode 6001, feltkode BSV).

Ved at gyte- og oppvekstområde får arealformål fiske, vert fiskeriinteressene knytt til areala rettsleg sikra i arealplanen. Arealformål som opnar for tiltak som kan vere til skade for konkrete gyte- og/eller oppvekstområde må vere utelukka frå kombinerte formål/hovudformålet når dei vert brukt.

I reguleringsplanar opnar kart- og planforskrifta også for underformålet «Gytefelt eller oppvekstområde for yngel» (formålskode 6330, feltkode GYO).

Å synleggjere gyte- og oppvekstområda med omsynssone naturmiljø i plankartet, kan bidra til å sikre at brukarane av planen vert merksame på verdiane i områda tidleg i plan- og byggesaksarbeid. Det er viktig å vere merksam på at det som hovudregel berre kan gjevast retningslinjer til omsynssone naturmiljø (jamfør pbl § 11-8  bokstav c). Omsynssone naturmiljø sikrar derfor ikkje områda rettsleg.

Døme på retningslinje til omsynssone naturmiljø som dekker gyteområde for fisk kan vere: «Sona er gyteområde for fisk. Omsynet til gyting skal vektleggast ved behandling av planar og tiltak i sona.»

I kommuneplanens arealdel kan det i strandsona verte opna for utbyggingsformål som kan ha negative konsekvensar for nærliggande gyteområde. Når det er behov for vidare utgreiing av desse verknadane før det kan gjevast løyve til tiltak, er det viktig at det i føresegnene vert sett krav om reguleringsplan (pbl § 11-9 nr. 1). Vidare er det i slike tilfelle viktig at det kjem klart fram av føresegnene at verknadane reguleringsplanen kan få for gyteområdet skal avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid (pbl § 11-9 nr. 8).

Med bakgrunn i utgreiingane som vert gjort i ein reguleringsplanprosess, kan det i føresegnene til reguleringsplanar i/ved gyteområde innarbeidast krav om konkrete avbøtande tiltak. Å forby bygge- og anleggstiltak i gytetida, er døme på eit avbøtande tiltak. Fiskeridirektoratet kan gje råd om kva tidsrom som bør inngå i forbodsperioden i konkrete saker. Heimel for slike krav er pbl § 12-7 nr. 3.

5.5 Ressursområde av nasjonal eller vesentleg regional betydning

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til ressursområde av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om eit ressursområde har slik betydning er mellom anna:

5.5.1 Samanfall med fiskeplassar og viktige naturtypar for fiskeria

Viktige ressursområde er ofte samanfallande med gode fiskeplassar og førekomstar av naturtypar som er viktige for fiskeria. I vurderinga av om eit konkret ressursområde er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, kan også slikt samanfall vere eit vurderingskriterium. Samanfall mellom registreringar i fleire av desse datasetta vil kunne gjere eit område meir betydningsfullt.

5.5.2 Kysttorsk

Gytefelt som er klassifisert av HI som nasjonalt eller regionalt viktige gytefelt for kysttorsk, vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Desse gytefelta representerer etter Fiskeridirektoratet si vurdering eit viktig ressursgrunnlag for dagens haustbare bestandar av kysttorsk.

Også gytefelt kategorisert som lokalt viktige av HI, kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning for fiskeriinteressene. Det gjeld særleg for gytefelt i område med stor tilbakehalding av egg (høg retensjon). I desse områda kan det vere små og lokale bestandar av kysttorsk. Desse bestandane kan vere særleg tilpassa det lokale miljøet. Den genetiske variasjonen er biologisk mangfald som også kan vere grunnlag for eit haustbart overskot. Slike gytefelt er derfor verdifulle både som genetisk variasjon knytt til biologisk mangfald, og som eit framtidig ressursgrunnlag for fiskeria.

5.5.3 Trua artar på «Norsk rødliste for arter 2021»

Gyte-, oppvekst- og beiteområde for fiskeartar som er kategorisert som trua i «Norsk rødliste for arter 2021» vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Dette er område som vanlegvis vil vere viktige for at bestanden av den aktuelle arten skal kunne bygge seg sterkare.

I raudlista for 2021 er følgjande fiskeartar kategorisert som trua:

  • CR – kritisk trua: storskate, nebbskate
  • EN – sterkt trua: ål, polartorsk, brugde, stillehavssild, blålange, vanleg uer
  • VU – sårbar: svartskate, håbrann, arktisk niøye, pigghå

Norsk rødliste for arter 2021 (artsdatabanken.no)

Merk: Kystnære fiskeridata inneheld lite data om raudlista artar, på grunn av at dei gjerne er forbodne å fiske og slik lite kommersielt interessante.

5.5.4 Artar som er heilt eller delvis freda med heimel i havressurslova

Tilsvarande som for dei raudlista artane, vil gyte-, oppvekst- og beiteområde for freda og delvis freda artar som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Områda vil vanlegvis vere viktige for at bestanden av den aktuelle arten skal kunne bygge seg sterkare.

Blålange, brugde, håbrann, pigghå, silkehai, vanleg ål og hummar med utvendig rogn er totalfreda med heimel i havressurslova. Det er også torsk i Oslofjorden.

Blåkveite, breiflabb, hummer, kveite, leppefisk, makrellstørje, rognkjeks og uer er delvis freda. Det same gjeld for torsk langs Skagerakkysten. For desse artane gjeld særskilte reglar knytt til fisket.

Kapittel 6: Marine naturtypar i arealplanar

Mange av ressursområda og bruksområda som fiskerinæringa er avhengig av, er tett knytte til bestemte marine naturtypar. Å ta vare på desse naturtypane i arealplanlegginga er viktig for å sikre det framtidige grunnlaget for fiske og anna hausting av viltlevande marine ressursar.

6.1 Viktige naturtypar for fiskerinæringa

Ålegrasenger, tareskogar, blautbotnområde i strandsona, skjelsandområde, korallførekomstar og ruglbotn er døme på naturtypar som er viktige for fiskeria. Desse naturtypane tener som gyte-, oppvekst- og leveområde for fisk; dei fungerer som gøymestad og beiteplass.

6.1.1 Ålegras

Ålegrasenger kan fungere som skjulestad for fisk og andre organismar på stader der det elles ville ha vore open blautbotn, og vil i tillegg innehalde ei mengde organismar som er mat for fiskeyngel. Denne økologiske funksjonen gjer at ålegras kan fungere som viktige oppvekst- og beiteområde for fisk.

Ålegrasenger og andre undervassenger (hi.no)

6.1.2 Tareskog

Tareskogane vert rekna som spesielt produktive økosystem med stor artsrikdom. Mellom dei store tareplantane som veks på botnen vert det danna lysningar som i ein skog. Tareskogen utgjer eit variert habitat for små krepdsyr, blautdyr, børstemark og pigghudingar, samt skjul for fisk. Her finn mange artar skjul og næring.

Tareskogførekomstar (hi.no)

6.1.3 Blautbotnområde i strandsona

Blautbotn består av mudder og/eller fin, leirhaldig eller grovare sand som ofte vert tørrlagt ved lågvatn. Vanlege blautbotnartar er fjøremark, sandmusling, knivskjel, hjertemusling, pelikanfotsnegl, tårnsnegl, sjøstjerner og sjøpiggsvin. Blautbotnområde er viktige beiteområde for kysttorsk, og for sei i vinter og vårhalvåret.

Blautbotnmråde i strandsona (hi.no)

6.1.4 Skjelsand

Skjelsand er eit habitat som ofte er rikt på blautbotnsfauna, og fungerer som gyte- og oppvekstområde for fleire fiskeartar. Sanden består i stor grad av knuste og delvis nedbrotne kalkskal frå skjel og andre marine organismar. Større krepsdyr nyttar skjelsandbankane til paringsplassar og ved skalskifte, i tillegg til at dei finn matgrunnlag her.'

Skjelsandførekomstar (hi.no)

6.1.5 Ruglbotn

Ruglbotn er ein naturtype som består av laustliggande kalkalgar som er svært sakteveksande. Kalkalgane dannar eit tredimensjonalt habitat som er levestad for mange dyr. Naturtypen er ikkje kartlagt i Noreg, men er truleg langt meir vanleg langs kysten frå Nordland og nordover enn lenger sør. Lofoten, Steigen, Vesterålen og Andfjorden er område med særleg mykje ruglbotn.

Ruglbotn (hi.no)

6.1.6 Korallar

Korallar er ei gruppe botnlevande nesledyr. Nokre artar dannar store koloniar, og der dei veks tett vert det danna ein kompleks struktur på botnen (rev) som verkar som levestad for tusentals andre artar. Korallane kan mellom anna fungere som vern for små organismar som fiskeyngel. Korallområda har høgt artsmangfald. Det er ikkje korallartane i seg sjølv som representerer det høge mangfaldet, men dei assosierte artane.

Korallførekomstar (hi.no)

Korallrev er føreslått som utvald naturtype

Høring av forslag om korallrev og typisk høgmyr som utvalgt naturtype (regjeringen.no).

6.2 Arealbehov

Naturtypane kan ha behov for beskyttelse både mot fysiske inngrep og mot tiltak som har negative konsekvensar for dei.

Fysiske inngrep kan skje i form av mellom anna bygging av brygger, utfylling i sjø for å etablere nytt landareal for utbygging, hamner og moloar, dumping av overskotsmassar frå utbygging, anleggsarbeid og gruvedrift på land, mudring og undervassprenging for å legge kablar, røyr eller utdjupe farleier, og uttak av sand og grus.

Plansaker i kystsona (hi.no)

6.3 Kartlag i Yggdrasil

Marine naturtypar er eit eige kartlag i Yggdrasil. Datasettet vert henta inn frå Miljødirektoratet. Eit utval marine naturtypar er kartlagt av Havforskningsinstituttet gjennom ”Nasjonalt program for kartlegging av marine naturtyper” (2007-2019). Naturtypane er verdisette i kategoriane «A – Svært viktig», «B – Viktig» og «C – Lokalt viktig».

For meir informasjon om verdisetjinga, sjå DN-handbok 19: Kartlegging av marint biologisk mangfold (miljodirektoratet.no).

Korallrev er eit eige kartlag i Yggdrasil. Dette datasettet vert henta frå Havforskningsinstituttet.

Her kan du sjå kart over marine naturtypar, eller i vår kartportal (portal.fiskeridir.no)

6.4 Planfaglege råd

Marine naturtypar som er viktige for fiskeria bør av omsyn til fiskeriinteressene beskyttast mot både fysiske inngrep og mot negative konsekvensar av andre tiltak i nærområdet.

Planframstilling For råd om framstilling av naturområde i plankartet viser vi til Veileder om planlegging i sjøområdene (regjeringen.no), side 82-87.

6.5 Marine naturtypar av nasjonal eller vesentleg regional tydning

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til naturtypar som for fiskeria er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om ein naturtype-førekomst har slik betydning er mellom anna:

6.5.1 Verdivurdering i naturtype-kartlegging

Førekomstar av ålegrasenger, tareskogar, blautbotnområde i strandsona, skjelsandområde og korallar som har fått verdi A- eller B i naturtypekartlegging vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

Også førekomstar med C-verdi kan etter ei konkret vurdering vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning for fiskeriinteressene. Dei økologiske kriteria som ligg til grunn for verdisetjinga etter DN-handbok 19, vil ikkje alltid samsvare med den verdien ein førekomst har for fiskeria. Verdien for fiskeria spesielt, kan vere større enn verdien for naturen generelt.

6.5.2 Utvald naturtype

Korallrev som samsvarer med definisjonen i høyringsnotatet om korallrev som utvald naturtype, vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning:

«Med korallrev menes et havbunnsområde med revbyggende koralldyr i kolonier bestående av både levende og døde deler, som dekker minst 25 m2. Korallrevet kan bestå av flere enkeltstående korallkolonier som sammen dekker minst 75 % av minsteområdet.»

6.5.3 Ruglbotn

Ruglbotn er ikkje kartlagt og verdisett. Om ein førekomst av ruglbotn er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, vil vere ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

6.5.4 Samanfall med fiskeplassar og ressursområde

Viktige naturtypar for fiskeria, er ofte samanfallande med gode fiskeplassar og ressursområde. I vurderinga av om ein konkret naturtype-førekomst er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, kan også slikt samanfall vere eit vurderingskriterium. Samanfall mellom registreringar i fleire av desse datasetta vil kunne gjere eit område meir betydningsfullt.

Kapittel 7: Tarehasting i arealplanar

Tarehausting vert regulert med heimel i havressurslova. Hausting krev ikkje løyve etter plan- og bygningslova. Arealdisponeringar etter plan- og bygningslova kan ha betydning for næringa.

7.1 Om tarehausting

Tareskogen er ein fornybar ressurs. Tarehausting er døme på hausting av artar lågt i næringskjeda i havet. Fiskeridirektoratet er opptekne av å sikre omsynet til berekraftig bruk og kunnskapsbasert forvaltning av denne marine ressursen.

7.2 Arealbehov

Tarehausting skjer i hovudsak med taretrål (grindtrål), i område med relativt ukupert sjøbotn, utan stor stein som kan hindre bruk av slik trål. I områda som skal trålast kan det ikkje vere hindringar, slik som fortøyingar, sjøkablar, rør eller andre installasjonar.

7.3 Kartlag i Yggdrasil

7.3.1 Område som har blitt hausta

Kartet nedanfor viser posisjonsmeldingar frå tarehaustingsfartøy under hausteoperasjon. I datasettet er det lagt til informasjon frå fangstmeldingar, mellom anna om reiskapstype. Det kan vere nokre feilkjelder i datasettet.

Her kan du sjå kart over område som har blitt hausta.

7.3.2 Område som kan bli hausta

Kartet nedanfor viser område der det med grunnlag i tarehaustingsforskriftene kan vere potensiale for tarehausting. Kartet viser

  • Tarehaustefelt: Område som er opna for tarehausting i regional tarehausteforskrift.

Merk: Innanfor opne område kan det vere område der det ikkje er tillate å hauste tare. Forbod kan kome av at eit område er referanseområde i den regionale forskrifta. I desse områda er det ikkje tillate å hauste tare utan særskilt løyve frå Fiskeridirektoratet. Område kan også vere verna med heimel i anna lovverk slik som kulturminnelova (til dømes freda skipsvrak) og naturmangfaldlova (til dømes verneforskrift som forbyr tarehausting).

  • Tareskogførekomstar: Områda er kartlagt etter DN-håndbok 19 «Kartlegging av marint biologisk mangfold». Data er publisert av Miljødirektoratet.
  • Område grunnare enn 20 meter: Datasett med djupne-data lasta ned frå Kartverket.

Her kan du sjå kart over område som kan bli hausta.

7.4 Planfaglege råd

I arealplanane bør det ikkje opnast for faste installasjonar i område som er særleg eigna for tarehausting. Planføresegnene for slike område bør utelukke etablering av kablar, leidningar, røyr og fortøyingar.

7.5 Tarehaustingsområde av nasjonal eller vesentleg regional betydning

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til område som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning for tarehausting, jamfør plan- og bygningslova § 5-4.

Eit viktig vurderingskriterium for å avklare om eit område har slik betydning for tarehausting er den dokumenterte bruken. Område der innrapporteringar viser at det har føregått tarehausting av eit visst omfang, kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Nye marine ressurser til mat og fôr - Havforskningsinstituttet (hi.no).

Kapittel 8: Fiskerihamnar i arealplanar

Fiskerihamnene er infrastrukturen som knyter fiskeriaktiviteten på sjø og land saman. I arealplanlegginga er det viktig å sikre desse områda, slik at fiskerinæringa kan bruke dei vidare.

8.1 Kva er ei fiskerihamn?

Fiskerihamner er hamner som er tilrettelagde for verksemd innan fiskerinæringa.

Hamnene kan ha ein eller fleire av desse funksjonane

  • mottak av fisk
  • foredling, produksjon og handelsverksemd i fiskerinæringa
  • vidaretransport av fisk og fiskeprodukt
  • ulike former for sørvis overfor fartøy og mannskap
  • trygge liggeplassar for fiskefartøy når dei ikkje er i aktivt fiske

8.2 Arealbehov

Det er viktig å sikre god tilkomst til fiskerihamnene frå både sjø- og landsida.

8.3 Kartlag i Yggdrasil

Her kan du sjå kart over fiskerihamnar i kart, eller i vår kartportal (portal.fiskeridir.no).

8.4 Planfaglege råd

Nye tiltak i eller ved slike hamner må ikkje vanskeleggjere ilandføring og/eller uttransportering av fisk.

Det er også viktig å unngå nye tiltak som kan legge grunnlag for konfliktar som på sikt kan medføre restriksjonar på fiskeria sin bruk av hamneområda. Aktivitetane i ei fiskerihamn kan medføre støy og lukt som kan gjere samlokalisering med andre føremål krevjande. Døme på støy- og luktsensitive tiltak er bustader/fritidsbustader, hotell, restaurant, handel og servicenæring.

8.5 Verdisetjing av fiskerihamner

Kor viktig ei fiskerihamn er for fiskerinæringa, avheng mellom anna av tal fiskarar på staden, tal fiskefartøy, mengde ilandført fangst, verdien på fangsten og avstand til næraste hamn med tilsvarande standard. Både offentlege og private hamner kan ha funksjon som fiskerihamn.

Kapittel 9: Forsking i arealplanar

God forvaltning av marine ressursar og marint miljø krev eit godt kunnskapsgrunnlag. Sjøområda er viktige for forskingsaktivitet. Strandnotstasjonane langs Skagerrakkysten utmerkar seg i denne samanhengen.

9.1 Om strandnot-undersøkingane

Havforskingsinstituttet gjennomfører årleg innsamling av fisk og andre dyr i grunnvassområda langs den norske Skagerrakkysten. Meir enn 130 faste stasjonar vert undersøkte på strekninga frå Søgne vest for Kristiansand til svenskegrensa.

Strandnot-undersøkingane har blitt gjennomført årleg sidan 1919, og er ein av dei lengste marine tidsseriane i verda. Data frå undersøkingane er av internasjonal betydning for vitskapen om det marine miljøet og dei marine ressursane.

9.2 Arealbehov

Strandnotundersøkingane er avhengig av at det i området ligg til rette for gjennomføring av notkast og -trekk. Stasjonane er avmerka som punkt i kart i Yggdrasil. For å gjennomføre undersøkingane, er Havforskingsinstituttet avhengig av at det i ei sone på 50 meter i radius rundt punktet ikkje er tiltak som kan hindre notkast og trekk. Døme på tiltak som må unngåast er moringar, bøyer, brygger, leidningar og utfyllingar. I ei sone som går ytterlegare 50 meter ut, er det viktig å unngå tiltak som kan forstyrre undersøkingane.

For at strandnotundersøkingane skal kunne vidareførast på ein konsistent og nøyaktig måte kvart år, er det viktig at heile stasjonsnettet vert oppretthalde.

9.3 Kartlag i Yggdrasil

Her kan du sjå kart over strandnotstasjonar.

9.4 Planfagleg råd

Fiskeridirektoratet rår til at strandnotstasjonane vert sikra i arealplanlegginga. I plankartet bør arealet rundt stasjonane setjast av til underføremålet «fiske». Fiskeføremålet bør dekke ein radius på 100 meter rundt dei kartfesta punkta i Yggdrasil.

9.5 Forskingsareal av nasjonal eller vesentleg regional betydning

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til areal som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning for fiskeriinteressene, jamfør plan- og bygningslova § 5-4 og rundskriv H-2/14.

Strandnotstasjonane er i utgangspunktet av nasjonal betydning. Andre område som er viktige for forsking på marine ressursar og marint miljø, kan også, etter ei konkret vurdering, vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

Kapittel 10: Akvakultur i arealplanar

Det er ei nasjonal forventing at kommunane set av tilstrekkelege og eigna areal for akvakultur gjennom oppdaterte planar for kystområda (Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027, kgl.res. 20.06.2023).

Akvakulturnæringa femnar om dyrking, oppdrett og havbeite av mange ulike artar og artsgrupper, med ulike arealbehov. Næringa er i kontinuerleg utvikling, mellom anna når det gjeld kva artar det vert drive akvakultur med, teknologi- og driftskonsept og offentlege reguleringar. Kva areal som er eigna for næringa er derfor i stadig endring. Det gjeld i kystnære sjøområde, i meir eksponerte havområde, og på land.

Fiskeridirektoratet skal saman med fylkeskommunane ta i vare interessene til akvakulturnæringa i arealplanlegginga. Fiskeridirektoratet har ansvar for å kome med innspel om akvakultur i kommunale planprosessar (Ot. prp. nr. 10 (2008-2009) side 56 og 59, jamfør også plan- og bygningslova § 3-2). Fylkeskommunane kan fremje motsegn knytt til akvakultur (Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt rundskriv H-2/14 «Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven»).

Råda nedanfor er i hovudsak retta mot arbeidet med kommuneplanens arealdel.

10.1 Forholdet mellom plan- og bygningslova og akvakulturlova

10.1.1 Plandelen

Det følgjer av akvakulturlova § 15 at «Tillatelse til akvakultur kan ikke gis i strid med vedtatte arealplaner etter plan- og bygningsloven». Dette er eit av fleire vilkår for tildeling av akvakulturløyve. Vilkåret inneber ikkje eit krav om at tildeling av løyve må vere i samsvar med vedteken arealplan. At det ikkje er krav om samsvar med plan, har særleg betydning i sjøområde som ikkje er planlagt. I uplanlagde område kan det  gjevast løyve.

I Ot.prp. nr. 61 2004–2005 «Om lov om akvakultur (akvakulturloven)» er det presisert at «I forhold til planer etter plan- og bygningsloven er det kun de planer som kan gis rettsvirkning etter plan- og bygningsloven som omfattes av denne bestemmelsen». Regionale planar er ikkje rettsleg bindande, jamfør pbl § 8-2. Regionale planar er derfor ikkje omfatta av føresegna i akvakulturlova § 15.

At eit område er opna for akvakultur i arealplan inneber at det er opna for søknader etter akvakulturlova. Om det skal gjevast løyve til akvakultur vil likevel verte avgjort i ein søknadsprosess der det «kan» gjevast løyve dersom alle vilkåra er oppfylt. Sjølv om eit område er avklara i arealplan, kan det ikkje utelukkast at området viser seg å ikkje vere aktuelt for akvakultur etter ei nærare vurdering i søknadsprosessen.

Dersom planmyndigheita har fatta vedtak om dispensasjon, kan det gjevast løyve etter akvakulturlova til akvakulturtiltaket det er dispensert for, sjølv om tiltaket før dispensasjonen var å rekne som i strid med plan. I akvakulturlova § 15 andre ledd står det at «Tillatelse til akvakultur kan likevel gis dersom det foreligger samtykke fra vedkommende plan- eller vernemyndighet». Det inneber at planmyndigheita kan samtykke til parallell behandling av akvakultursøknad og planendring/dispensasjon. I Ot.prp. nr. 61 2004–2005 er det presisert at «om søknadsbehandlingen ferdigstilles etter akvakulturloven før en dispensasjon er gitt eller planendring er foretatt, vil ikke tiltakshaver har mulighet til i drive akvakultur før plan- eller vernemyndighet har fattet de nødvendige vedtak slik at tiltaket ikke lenger er i strid med planen».

Fiskeridirektoratet rår til at kommunane, gjennom aktiv planlegging, tek eit val om kva område dei vil opne for akvakultur.

10.1.2 Byggesaksdelen

Flytande akvakulturanlegg i sjø som det er gjeve løyve til etter akvakulturlova er unnatekne mange av byggesaksreglane i plan- og bygningslova. Dei konkrete unntaka går fram av byggesaksforskrifta § 4-3.

10.2 Akvakultur i planprogrammet

Fiskeridirektoratet rår til at det i planprogrammet for kommuneplanens arealdel vert teke inn at kommunen skal greie ut om det i gjeldande kommuneplan er sett av tilstrekkeleg areal til akvakultur rundt eksisterande akvakulturlokalitetar/-område. Det gjeld både for

  1. dei områda der det er gjeve løyve til akvakultur etter akvakulturlova og
  2. eventuelle areal som er sett av til akvakultur i kommuneplanen, men som det ikkje er gjeve akvakulturløyve til enno.

Viktige spørsmål knytt til dette utgreiingstemaet er:

  • Har eksisterande anlegg stort nok areal? Ligg anlegget og fortøyingane innanfor avsett areal til akvakultur, eller kombinerte føremål der akvakultur er inkludert, eller treng området å utvidast?
  • Er det innanfor avsett areal rom nok til å nytte ny teknologi, som mellom anna kan betre miljøet kring anlegget? Til dømes treng plastringar større plass enn stålbur, og semi-lukka anlegg eller lagringstankar for oppsamla slam kan også krevje meir plass.

Tilsvarande spørsmål bør også svarast ut i samband med avsetjing av nye akvakulturområde i planen.

10.3 Konsekvensutgreiing av akvakultur på kommuneplannivå

Det er ulike syn på kva detaljkrav som bør setjast til konsekvensutgreiing av akvakultur på kommuneplannivå. Kommunal- og distriktsdepartementet publiserte i 2024 rapporten «Kartlegging av, og innspill til, videreutvikling av veiledning for planlegging og konsekvensutredning i sjøområder - (regjeringen.no) (SALT- rapport 1087)». I vedlegg 5 til rapporten har forfattarane synspunkt på innan kva tema det er realistisk at kommunane kan gjennomføre eigne undersøkingar. For alle dei fire temaa «Interaksjon med villaks og annen anadrom fisk», «Viktige marine naturtyper», «Sårbare arter og naturtyper på dypt vann – korallskog, sjøfjær og gravende megafaunasamfunn og svampskog» og «Torsk- gyteområder og gytefelt» vurderer rapporten at det ikkje kan forventast at kommunane gjer eigne undersøkingar.

Fiskeridirektoratet vil framheve at nye undersøkingar knytt til marine naturtypar og sårbare artar kan påleggast søkjar i samband med søknad om akvakulturløyve. Krav om undersøkingar kan heimlast i fleire forskrifter, m.a. forskrift om konsekvensutgreiing, forureiningsforskrifta og tildelingsforskrifter etter akvakulturlova. Det er derfor etter vårt syn heller ikkje nødvendig å pålegge kommunen som planmyndigheit denne oppgåva.

Vi viser også til nettsida Forurensningsregelverk for havbruk

10.4 Akvakultur i planomtalen

Fiskeridirektoratet rår til at det i planomtalen til kommuneplanens arealdel vert gjort greie for korleis kommunen har søkt å oppfylle den nasjonale forventninga om at

«Det blir sett av tilstrekkelege og eigna areal for akvakultur gjennom oppdaterte regionale og kommunale planar for kystområda, som også kan omfatte utvikling av akvakultur utanfor kysten og landbasert akvakultur. Planane varetek miljøomsyn og andre samfunnsinteresser».

(Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027, side 23)

Vidare rår Fiskeridirektoratet til at planomtalen forklarer bakgrunnen for framstillinga av akvakultur i plankartet og føresegnene om temaet. Det gjeld særleg korleis kommunen planlegg for fortøyingar, og kva som er grunngjevinga for eventuelle føresegner om artar/artsgrupper.

10.5 Akvakultur i plankartet

I plankartet til kommuneplanens arealdel kan det opnast for akvakultur i sjø i tre ulike arealføremål:

  • hovudføremålet «bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone» (formålskode 6001, feltkode BSV)
  • kombinert føremål der akvakultur inngår som eit av fleire føremål (formålskode 6800, feltkode VK)
  • underføremålet «akvakultur» (formålskode 6400, feltkode AKV).

Ei samlenemning på hovudføremålet og kombinert føremål med akvakultur er «fleirbruksområde». Areal med underføremål akvakultur, vert som motsats omtala som «einbruksområde» eller «einbruk akvakultur».

10.5.1 Eksisterande akvakultur

Fiskeridirektoratet rår til at eksisterande akvakulturanlegg (lokalitetar med løyve etter akvakulturlova) vert vist med underføremål «akvakultur» (einbruk). Som eit minimum bør dette området omfatte anlegget i overflata, inkludert fôrflåtar og andre tekniske anlegg, samt området rundt anlegget som er omfatta av ferdsleforbodet i akvakulturdriftsforskrifta § 18:

«Det er forbudt (…)å ferdes nærmere enn 20 meter. Avstanden måles fra en rett linje trukket mellom anleggets faktiske ytterpunkt i overflaten».

Dette er areal som akvakulturnæringa har ein eksklusiv rett til å bruke.

I tillegg bør det innanfor einbruksområdet vere rom for at anlegget kan justerast og tilpassast den teknologiske utviklinga. Det er viktig å sikre at det kan gjerast mindre justeringar på eksisterande lokalitetar utan at det utløyser krav om planendring eller dispensasjon.

Avsetjing av areal/rom til fortøyingar er omtala i eit eige punkt nedanfor.

Her kan du sjå kart over eksisterande lokalitetar.

10.5.2 Framtidig akvakultur

Areal for framtidig akvakultur kan setjast av både som einbruksområde og som fleirbruksområde. Det er fordelar og ulemper knytt til begge tilnærmingane.

Einbruksområde og fleirbruksområde – fordelar og ulemper

Konsekvensutgreiing: Mindre einbruksområde kan vere enklare å konsekvensutgreie enn større fleirbruksområde, då dei er meir avgrensa i omfang. Erfaringsmessig ser vi at det ofte vert fremja motsegn til store fleirbruksområde på grunn av mangelfull konsekvensutgreiing.

Moglege konfliktar mellom akvakultur og andre omsyn/interesser bør avdekkast så tidleg som mogleg.

Føreseielegheit for akvakulturnæringa: Einbruksområde for akvakultur kjem som regel inn i arealplanar på bakgrunn av innspel frå næringsaktørar. Areala har då i første omgang blitt vurdert som eigna for akvakultur frå næringa sin ståstad. Det kan vere meir usikkerheit knytt til om det innan fleirbruksområde er eigna areal.

Gjennom planprosessen har det for einbruksområde blitt gjort arealavvegingar som inneber at akvakultur på overordna plannivå er prioritert framfor andre arealføremål. Med eit slikt utgangspunkt er det meir sannsynleg at arealet vert vurdert som eigna for akvakultur også på tiltaksnivå, og at det vert gjeve løyve ved behandling av søknad etter akvakulturlova.

I praksis har det vist seg at store fleirbruksområde kan omfatte større areal der det ikkje kan gjevast løyve til akvakultur (Håkan T. Sandersen: «Interkommunal kystsoneplanlegging på Helgeland. Noen erfaringer med omvendt planleggingsmetodikk», Kart og plan 2021/3-4 s. 274-290 (idunn.no)). Det kan gjere det mindre føreseieleg om ein akvakultursøknad vil kunne føre fram.

Også for andre interesser enn akvakulturnæringa bidrar einbruksområde til føreseielegheit, ved at det er meir avgrensa kvar det kan kome akvakultursøknader.

Fleksibilitet for akvakulturnæringa: Fleirbruksområde kan gje meir fleksibilitet til å tilpasse konkrete søknader til lokale straum- og botntilhøve. Dette er tilhøve som kommunen sjeldan har inngåande kjennskap til i overordna arealplanlegging. Slik informasjon vert som hovudregel henta inn av søkjar i samband med utarbeiding av akvakultursøknad etter akvakulturlova. Fleirbruksområde kan også gje rom for søknader tilpassa endra behov i næringa, til dømes nye arealbehov i tilknyting til ny teknologi.

Interesseavveging mot andre samfunnsinteresser: Planlegging for akvakultur med store fleirbruksområde i kommuneplanen, kan sjåast på som fråvær av kommunal planlegging. Mange stader langs kysten er det motstridande interesser knytt til sjøareala. Ved å planlegge for fleirbruk med akvakultur på denne måten, tek ikkje kommunen stilling til kva interesse(r) som skal prioriterast på overordna plannivå. I staden skjer heile interesseavveginga på tiltaksnivå, når tildelingsmyndigheita etter akvakulturlova (i dei fleste tilfelle fylkeskommunen) avveg arealinteresser etter krava i akvakulturlova §§ 6 og 16.

10.5.3 Fortøyingar

Akvakulturanlegg i sjø vil ha fortøyingar som strekker seg langt utover det synlege anlegget i vassoverflata. Lengda på fortøyingane er mellom anna avhengig av djupna og straumtilhøva på lokaliteten, og krava til rømmingssikre anlegg. Som utgangspunkt, før det er gjort detaljerte utrekningar, kan ein legge til grunn at fortøyingane vert tre gonger lengre enn djupna på staden.

Illustrasjon: Eit akvakultur sett frå lufta.
Illustrasjon: Eit akvakultur sett frå lufta.
Illustrasjon: Eit akvakulturanlegg sett frå under vann
Illustrasjon: Eit akvakulturanlegg sett frå under vann

Arealplanar kan opne for fortøyingar til akvakulturanlegg i område avsett til

  • hovudføremålet «bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone» (formålskode 6001),
  • kombinert føremål der akvakultur inngår som eit av fleire føremål (formålskode 6800), og
  • underføremålet «akvakultur» (formålskode 6400).

Gjennom føresegnene kan bruken av eit fleirbruksområde til akvakultur avgrensast til berre å gjelde fortøyingar. Heimelen for slike føresegner er pbl § 11-11 nr. 3.

10.5.4 Akvakultur på land

Ved planlegging for akvakultur på land, kan arealføremålet «bebyggelse og anlegg» nyttast. Kart- og planforskrifta har ikkje underføremål for akvakultur på land.

I samband med akvakulturanlegg på land vil det som regel vere behov for inntaks- og/eller utsleppsleidningar i sjø. Fiskeridirektoratet rår til at slike leidningar vert regulert i reguleringsplanar for nye akvakulturanlegg. Det er viktig for å sikre at utbygging og drift av anlegget kan gjennomførast.

10.6 Akvakultur i føresegnene

Føresegner til arealplanar må ha heimel i plan- og bygningslova. Fiskeridirektoratet rår i frå føresegner som det er klart at ikkje har heimel, og som har uklart heimelsgrunnlag. Heimelen for føresegner bør kome klart fram av plandokumenta.

Føresegner utan heimel i plan- og bygningslova kan, når dei skal nyttast i konkrete saker, verte erklærte ugyldige. Arealinteresser som vert forsøkt tekne i vare ved bruk av slike føresegner, er derfor ikkje rettsleg sikra.

10.6.1 Artar og artsgrupper

Pbl § 11-11 nr. 7 gjev heimel til føresegner om kva artar eller artsgrupper det kan etablerast akvakultur av i eit område avsett til akvakultur.

Fiskeridirektoratet rår til at det kjem fram av planomtalen kva som er grunngjevinga for eventuelle føresegner som avgrensar art/artsgrupper.

10.6.2 Krav om reguleringsplan for akvakulturanlegg i sjø

Kommuneplanens arealdel kan ha føresegn med krav om reguleringsplan for visse areal eller tiltak. I rundskriv H-6/18 «Lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystnære sjøområder» (Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2018) står det (side 8):

«For nye områder for akvakultur vil det vanligvis ikke være nødvendig med reguleringsplan fordi kommuneplanen og påfølgende behandlingen etter akvakulturloven gir de nødvendige avklaringer.»

I rettleiaren «Planlegging i sjøområdene» (Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2020) er det utdjupa (side 92):

«Kommunene kan stille krav om reguleringsplan i områder med særlig komplekse interesseforhold eller som et alternativ til dispensasjonssøknad for lokaliteter som ikke er i tråd med kommuneplanens arealdel.»

I nokre område avsett til akvakultur i sjø kan det vere sektorinteresser som ikkje er direkte involvert i lokalitetsklareringa etter akvakulturlova. Eit døme på det er skredfare. Avklaring av reell naturfare skal skje på siste plannivå (Kommunal- og moderniseringsdepartementets rundskriv H-5/18 «Samfunnsikkerhet i planlegging og byggesaksbehandling» side 12). For akvakulturområde i aktsemdsone for skred kan det derfor vere behov for reguleringsplan.

I kystplan for Harstad kommune (planID 19030760) er det krav om detaljregulering for akvakulturområdet «1903-VA08 Toppsundet øst». Grunngjevinga er ras-fare. Plankravet er kombinert med følgjande retningslinje:

«Dersom reell fare blir/er avklart i før saken sendes over til kommunene til uttalelse i forbindelse med søknad kan kommunen vurdere om det kan gis dispensasjon fra krav til reguleringsplan. Kommunen må høre saken hos fagmyndighet før dispensasjon gis.»

Det vart i denne konkrete saka gjeve dispensasjon (Harstad kommunes saksnr. 23/9677).

Snøskred har kome inn i merd. Illustrasjonsfoto: © Narve Leonhardsen / Fiskeridirektoratet
Snøskred har kome inn i merd. Illustrasjonsfoto: © Narve Leonhardsen / Fiskeridirektoratet

Det går fram av plan- og bygningslova § 3-1 tredje ledd at planlegginga ikkje skal vere meir omfattande enn nødvendig. Fiskeridirektoratet kan ikkje sjå at det er nødvendig med reguleringsplan av omsyn til sektorinteresser som vert tekne i vare av sektormyndigheiter ved søknad om akvakulturløyve. Det går fram av akvakulturlova § 6 at det berre kan gjevast løyve til akvakultur når dei nødvendige løyva etter matlova, forurensingslova, hamne- og farvasslova og vassressurslova er gjevne. Akvakulturregelverket inneheld vidare krav om at «Forvaltningsmyndigheter for fiskeri-, vilt-, naturvern- og friluftsinteresser skal gis adgang til uttalelse før lokalitet klareres» (laksetildelingsforskrifta § 8-3 og andre artar-forskrifta § 9).

I tilfelle der det i kommuneplanens arealdel vert sett krav om reguleringsplan for akvakulturanlegg i sjø, rår Fiskeridirektoratet til at det i planomtalen vert grunngjeve kvifor eit plankrav er nødvendig i det konkrete tilfellet.

Det kan vere ein fordel om utarbeiding av eventuell reguleringsplan for akvakulturanlegg i sjø vert samordna med behandling av søknad om akvakulturløyve etter akvakulturlova. Tildelingsforskriftene etter akvakulturlova innheld minstekrav til søknader. Av omsyn til ressursbruken hos både søkjaren og forvaltninga, bør dobbeltarbeid unngåast. Også for andre med interesse i saka, og som ønsker å medverke i saka, er det ein fordel at det er klart kva avgjerder som vert fatta av kven og på kva tidspunkt (jamfør også pbl § 5-1).  Planomtalen til kommuneplanar med reguleringsplankrav for akvakulturanlegg i sjø kan med fordel rå til slik samordning.

10.6.3 Rekkefølgekrav om akvakultur

I arealplanprosessar kan det vise seg at det er behov for at eit eksisterande akvakulturanlegg vert fjerna før det vert etablert eit nytt, til dømes av omsyn til samla belastning frå akvakultur.  For å sikre at det nye området i eit slikt tilfelle skal erstatte det gamle, og ikkje kome i tillegg til det, kan kommunen bruke rekkefølgekrav som verkemiddel.

Interkommunal kystsoneplan for Vesterålen inneheld døme på bruk av slikt rekkefølgekrav. I konsekvensutgreiinga av planen vart det lagt til grunn at eit nytt akvakulturområde kunne takast inn i planen, under føresetnad av at ein eksisterande lokalitet vart teken ut. For å sikre dette, vart følgjande rekkefølgekrav vedteke som føresegn til planen (heimel pbl § 11-9 nr. 4):

«For arealformål VA 04 Flaggskallen skal drift ved Uvåg (lokalitet 14678 Uvåg) være opphørt og lokalitetsklareringen knyttet til Uvåg være slettet fra Akvakulturregisteret, før det kan settes i gang drift ved Flaggskallen.»

Ein ny arealplan har ikkje tilbakeverkande kraft; den gjeld for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak (jamfør pbl § 11-6 første ledd). Eit akvakulturanlegg som er avvikla på staden, kan reetablerast så lenge lokaliteten er klarert for akvakultur i Akvakulturregisteret. For rettsleg å sikre at det eldre anlegget ikkje kan etablerast på nytt, er det derfor behov for at lokaliteten vert sletta frå Akvakulturregisteret.

I samband med planlegging for flytting av akvakulturverksemd frå eksisterande lokalitetar til nye område, er det viktig at akvakulturføremålet vert teke ut av plankartet i området der den eksisterande lokaliteten ligg. Dersom akvakulturføremålet vert vidareført i plankartet, vil området vere ope for nye akvakultursøknader etter at den eksisterande lokaliteten er avvikla og sletta frå Akvakulturregisteret.

I dei fleste tilfelle vil ei føresegn som den som er sitert ovanfor, i praksis innebere at det nye akvakulturområdet berre er tilgjengeleg for innehavaren av den eksisterande lokaliteten. Andre aktørar vil i utgangspunktet ikkje kunne oppfylle rekkefølgekravet om sletting av eksisterande lokalitet.

10.6.4 Miljøkrav til akvakultur

I rundskriv H-6/18 «Lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystnære sjøområder» (Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2018), side 23, står det:

«Kommunene bør være svært tilbakeholdne med å sette vilkår for akvakultur som reguleres av annet sektorregelverk, i sine arealplaner. Vilkår for godkjenning og drift av akvakultur fastsettes i lokalitetsgodkjenningssystemet som koordineres av fylkeskommunen.»

I rettleiaren «Reguleringsplan» (Kommunal- og distriktsdepartementet 2022) er det trekt det vi les som ei klarare grense mellom planføresegner og sektorregelverk. Der står det følgjande om miljøkvalitet-føresegner heimla i pbl § 12-7 nr. 3 (side 150):

«Denne bestemmelsen skal ikke gå utover de krav som blir stilt i sektorlovgivning, men kan være supplerende».

Det er uklart om/i kva grad det er heimel til føresegner om miljøkrav knytt til akvakulturanlegg. Fiskeridirektoratet har i fleire arealplansaker stilt spørsmål ved framlegg om miljøføresegner til akvakultur. Vi er kjent med at Statsforvalteren i Troms og Finnmark har sendt ei oppmoding om tolkingsuttale til Kommunal- og distriktsdepartementet om dette temaet (Statsforvalterens referanse 2023/6052).

I tillegg til det rettslege spørsmålet om heimelsgrunnlag, melder det seg ofte også meir praktiske spørsmål i dei tilfella der kommunen føreslår miljøføresegner til akvakulturføremålet. Det gjeld særleg tilsyn- og ulovlegheitsoppfølging. Fiskeridirektoratet som tilsynsmyndigheit har ikkje som oppgåve å følgje opp krav som er gjevne i føresegner til arealplan. Også av praktiske årsaker frårår derfor Fiskeridirektoratet planføresegner om tilhøve som vert regulert i sektorlovverket.

10.6.5 Teknologikrav

Fiskeridirektoratet meiner det ikkje er heimel i plan- og bygningslova til føresegner med krav om at akvakulturanlegg skal nytte ein bestemt teknologi.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet
Oppdrettsanlegg. Foto: © Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

10.6.6 Dokumentasjonskrav

I kommuneplanens arealdel kan det ikkje setjast krav om dokumentasjon som skal følgje søknad om akvakulturløyve etter akvakulturlova. Det kjem fram av rettleiaren «Kommuneplanens arealdel» (Kommunal- og distriktsdepartementet 2022) der følgjande står i kapittel 4.4.7 ‘Kva ein ikkje kan gje føresegner om’:

«Plan- og bygningslova §§ 11-9 til 11-11 gjev ikkje høve til å gje kommuneplanføresegner om sakshandsaming eller planprosess, eller om eventuelle dokumentasjonskrav til prosjekt søknader ut over det som følgjer av § 11-9 nr. 8. I retningslinjene eller planomtala kan det likevel vere tenleg å gjere greie for kva andre sakshandsamings- og utgreiingskrav som vil vere aktuelle etter plan- og bygningslova med byggjeforskrifter og konsekvensutgreiingsføresegner, forvaltningslova, kulturminnelova med meir.»

Kva utgreiingstema som kan vere aktuelle ved søknad om akvakulturløyve kan omtalast i retningslinene eller planomtalen til arealplanen.

10.6.7 Krav om konsekvensutgreiing

I kommuneplanens arealdel kan det ikkje setjast krav om konsekvensutgreiing i samband med søknad om akvakulturløyve. Det kjem fram av rettleiaren «Kommuneplanens arealdel», jamfør sitat ovanfor. Kva planar/tiltak som har krav om konsekvensutgreiing, vert styrt av forskrift om konsekvensutgreiing.

10.6.8 Saksbehandlingskrav

I kommuneplanens arealdel kan det ikkje setjast særlege krav om saksbehandling, til dømes i tilknyting til akvakultursøknader. Det kjem også fram av rettleiaren «Kommuneplanens arealdel», jamfør sitat ovanfor.

Eit døme på eit saksbehandlingskrav som Fiskeridirektoratet meiner at ikkje har heimel i lova, er føresegner om at kommunen skal vurdere og avklare moglege arealbrukskonfliktar i den enkelte akvakultursak. Desse avvegingane er det tildelingsmyndigheita etter akvakulturlova som skal gjere, jamfør akvakulturlova §§ 6 og 16.

10.7 Trafikklyssystemet

Trafikklyssystemet i havbruk (produksjonsområdeforskrifta) er ei ordning som staten har innført for å regulere produksjonskapasitet med akvakultur for laks, aure og regnbogeaure. Føremålet er føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa.

Her kan du sjå kart over produksjonsområda.

Les meir om trafikklyssystemet.

Det er inga direkte rettsleg kopling mellom produksjonsområdeforskrifta (trafikklyssystemet) og plan- og bygningslova (arealplanlegginga).

Fiskeridirektoratet vurderer at det er behov for avsetting av nye areal til akvakultur i kommunale planar langs heile kysten, uavhengig av fargen sjøareala har i trafikklyssystemet.

I raude og gule område kan det vere behov for nye, ledige areal avsett til akvakulturføremål for endring og flytting av eksisterande lokalitetar for laks, aure og regnbogeaure. Det kan også vere behov for nye lokalitetar for desse artane.  

Produksjonsområdeforskrifta gjeld berre for laks, aure og regnbogeaure. Akvakultur med andre artar/artsgrupper vert ikkje avgrensa gjennom den.

Kapittel 11: Fiskeri- og akvakulturinteresser i strandsona

Utbygging i strandsona kan påverke fiskeri- og akvakulturinteressene på fleire måtar.

11.1 Statlege planretningslinjer

Arealplanlegginga i strandsona må sjåast i samanheng med sjøområda utanfor. Det er ei føring i «Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen» (2021):

«Retningslinjene gjelder for landarealene i strandsonen, men planleggingen bør skje helhetlig slik at det blir god sammenheng mellom arealbruken i strandsonen, i sjøen og på landområdene bak 100-metersbeltet.»

11.2 Verdiar og aktivitet i landnære sjøområde

Dei landnære sjøområda har stor verdi som leveområde for haustbare marine artar. Grunnvassområde er mellom anna oppvekstområde og beiteområde for fiskeyngel.

Oppvekstområder | Havforskningsinstituttet (hi.no)

Låssetjing og rognkjeksfiske er døme på fiskeriaktivitet som føregår i avgrensa område nær land. Akvakulturanlegg kan ligge nær land. I slike område må planlegginga i strandsona ta særleg omsyn til arealbehova til sjømatnæringane.

11.3 Næringsområde og infrastruktur i strandsona

Nokre typar næringsverksemd treng tilgang til sjøen. Det kan også vere behov for å legge vegar og annan infrastruktur langs sjøen. Før det vert sett av nye areal til slike utbyggingar, må alternativ plassering vere vurdert.

Konsekvensane utbyggingar i strandsona kan få for fiskeri- og akvakulturinteressene må utgreiast for både byggefase og driftsfase. Det er særleg viktig å vere merksam på eventuelle overskot av massar, og korleis dei er tenkt nytta vidare. Det bør ikkje planleggast for dumping av massar i sjø.

11.4 Strandsone + båt = sant?

Utbygging på landareala langs sjøen inneber ofte også utbygging ut i sjøen. Den kan anten verte planlagt saman med utbygginga på land, eller i ettertid gjennom reguleringsendringar eller dispensasjonssøknader. Planlegginga må ta høgde for det utbyggingspresset arealføremåla på land kan medføre i sjøen.

Bustader, fritidsbustader og turistanlegg ved sjøen medfører ofte tilrettelegging for båt i strandsona. I sjøen kan det innebere bøyer, moringar, brygger, småbåtanlegg, marinaer, hamner, kaiar og moloar. Etablering og drift av slike tiltak kan kome i konflikt med utøvinga av fiske, drift av akvakulturanlegg og forringe natur- og miljøverdiar i sjøen som er viktige for sjømatnæringane. Dei kan også påverke straumtilhøva i sjøen på måtar som kan vere negativt for fiskeri og akvakultur. Konfliktar kan vere knytt til mellom anna sprenging og utfylling i sjøen, mudring, utslepp og unaturleg lys.

11.5 Samlokalisering

Fiskeri- og akvakulturaktivitet kan innebere lyd, lukt og lys. Fiskerihamner, låssetjingsplassar og akvakulturanlegg er døme på aktivitet som kan ha slike verknader. Samlokalisering kan derfor verte konfliktfylt. Bustader, fritidsbustader, hotell/overnatting og bevertning er døme på arealføremål som kan vere sensitive for lyd, lukt og lys. Det bør ikkje planleggast for slike føremål i område der det kan oppstå konflikt med fiskeri-/akvakulturaktivitet.