Freda og delvis freda artar

Nokre artar er totalfreda, mens andre artar er delvis freda. Her finn du oversikt over dei ulike artane.

Totalfreda artar

Brugde, pigghå, håbrann og silkehai

Blålange

Hummar med utvendig rogn

Torsk i Oslofjorden

Vanlig ål

Forskrift om fangst av ål (lovdata.no) (åpnes i ny fane)

Det er den vanlege ålen (Anguilla anguilla) som er freda. Den såkalla havålen (Conger conger) er ikkje freda. Dei to artane kan skiljast frå kvarandre slik:

Vanleg ål (Anguilla anguilla)Havål (Conger conger)
Hoa blir opptil 1,5 meter. Hannen sjeldan lenger enn 0,5 meter.Dei største blir opptil 3 meter. Hoa er som regel 1,5-2 meter. Hannen ikkje meir enn 1 meter.
Svakt underbitt.Markert overbitt.
Ryggfinnen startar et stykke bak brystfinnane. Ryggfinnen starter like bak brystfinnane.

Delvis freda artar

Blåkveite

Nord for Stad (62°N) er det forbode å fiske blåkveite med garn frå og med 1. september til og med 30. april.

Du kan sjå kvar linja går ved 62°N går i kartet under.

Breiflabb

Det er forbudt å fiske breiflabb med garn nord for Stad (62°N) i tidsrommet fra og med 20. desember til og med 20. mai.

Du kan sjå kvar linja går ved 62°N går i kartet under.

Hummar

Frå svenskegrensa til og med Vestland fylke er hummaren freda frå og med 1. desember til 1. oktober kl.08.00 

Frå Vestland til og med Troms og Finnmark fylke er hummaren freda frå og med 1. januar til 1. oktober kl.08.00

Det er ikkje tillate å oppbevare hummar i sjøen frå 1. januar til 1. oktober.

Les meir om fangst av hummar.

Kveite

  • Det er forbode å fiske kveite sør for Stad (62°N) heile året.
  • Det er ikkje lov å fiske kveite Nord for Stad (62°N) frå og med 20. desember til og med 20. april.
  • Forboda gjeld for alle fiskereiskap.
  • Les meir om utkastpåbod for stor kveite.

Du kan sjå kvar linja går ved 62°N går i kartet under.

Leppefisk

Det er forbode for fritidsfiskarar å fiske leppefisk med ruse. 

Fritidsfiskarar med leveringsavtale for sal av leppefisk kan søkje om tilgang til å fiske leppefisk med teiner. 

Les meir om leppefiske for fritidsfiskarar.

Makrellstørje

Det er forbode å fiske makrellstørje utan særskild løyve frå Fiskeridirektoratet.

Les meir om fiske etter makrellstørje.

Rognkjeks

Det er forbudt å drive fritidsfiske etter rognkjeks i Nordland, Troms og Finnmark.

Raudspette

Det er forbode å fiske etter raudspette i Borgenfjorden i Trøndelag fylke frå og med 1. februar til og med 30. juni.

Forskrift om fredningstid for fiske etter rødspette (gullflyndre) i Borgenfjorden, Nord-Trøndelag (lovdata.no) (åpnes i ny fane)

Torsk

I Oslofjorden, frå Telemark til grensa mot Sverige og innanfor grunnlinja, er det forbode å fiske torsk heile året. Det er òg forbode å fiske med botnsette garn. Streken i kartet under viser kvar grensa for området går.

Innafor 14 definerte gyteområder frå Lindesnes langs Skagerrakkysten, i Oslofjorden og til grensa mot Sverige er det forbod mot alt fiske i gyteperioden for torsk frå og med 1. januar til og med 30. april. Undervassjakt i gytefelta er tillatt sidan dette er heilt selektivt. Sjå områda markert i raudt i kart under.

Uer

Nord for Stad (62°N) er det forbode å fiske uer, med unntak av fiske med jukse frå og med 1. juni til og med 31. august.

Du kan sjå kvar linja går ved 62°N går i kartet under.