Spøkelsesfiske

Mista fiskereiskap som blir ståande på havbotnen kan fiske vidare i lang tid. Det fører til forsøpling og skjult dødelegheit, og vert kalla for spøkelsesfiske.

Korleis mister ein reiskap?

Fiskereiskapar går tapt på havet av ei rekkje ulike grunnar. Passive fiskeredskapar som garn, ruse, teine og line, er forbunde til havoverflata med eit tau og ofte ein flytegjenstand (overflate-vak).

Overflate-vaket kan forsvinne under havoverflata, til dømes dersom reiskapen vert frakta ut på djupare vatn med straumen, om reiskapen sklir utfor ein kant på havbotnen eller på grunn av endringar i fjo og fjære. Tauet som forbind reiskapen og overflate-vaket kan brytast på grunn av slitasje, for stor belastning, eller dersom knutar i reiskapen går opp. Skipstrafikk kan også utgjere ein risiko ved at tau går i propellar og vert kutta eller drar med seg reiskapen på djupare vatn.

Når overflate-vaket forsvinn eller tauet til reiskapen vert slite av, mister fiskaren forbindelsen til reiskapen, og det kan bli vanskeleg å få henta reiskapen opp att.

Tapte reiskapar utan oppgitt posisjon som ligg på botnen, utgjer også ein fare for at nye reiskap kan hektast fast i desse, og kan dermed også gå tapt. Det er difor viktig å rapportere tap av fiskereiskap og drive reiskapsopprensking.