Ressursområde i arealplanar

Gyteområde, oppvekstområde, beiteområde og vandringsruter er leveområde for fisk i ulike livsfasar. Å ta vare på desse områda i arealplanlegginga er viktig for fiskerinæringa og for ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane.

Område som er viktige for at ulike marine artar skal kunne formeire seg, vekse opp og inngå i haustbare bestandar vert i fiskeriforvaltinga kalla for «ressursområde». Dei omfattar gyteområde, oppvekstområde, beiteområde og vandringsruter.

Ressursområda kan ha behov for beskyttelse både mot arealbeslag og mot tiltak som har negative konsekvensar for naturtilhøva i og ved områda.

Nedbygging kan skje i form av mellom anna utfylling i sjø for å etablere nytt landareal for utbygging, hamner og moloar, dumping av overskotsmassar frå utbygging, anleggsarbeid og gruvedrift på land, og mudring og undervassprenging for å legge kablar, røyr eller utdjupe farleier.

Tiltak kan påverke omgjevnadane gjennom mellom anna oppvirvling av sediment, utslepp av kjemikaliar, endringar i topografi og straumtilhøve. Dei samla konsekvensane av fleire tiltak, eller fleire konsekvensar av eit tiltak, er også viktige problemstillingar. Tålegrensa i konkrete saker vil vere avhengig av lokale tilhøve.

Torsk

Torsk er ein av dei viktigaste kommersielle fiskeartane i Noreg. Kysttorsken bruker i stor grad skjergardsbeltet/kystnære område og fjordane som gyte- og oppvekstområde. Bestandane av kysttorsk er under press. Fiskeridirektoratet har særleg fokus på gyte- og oppvekstområde for torsk. Etter gyting er egg og larver ekstra utsette for ytre påkjenningar, og det er viktig at dei har best mogleg miljøforhold.

Torsk i norske farvatn vert forvalta som fire bestandar: Nordaustarktisk torsk, kysttorsk nord for 62°N, Nordsjøtorsk og kysttorsk sør for 62°N. Nord for Stad gjekk bestanden betydeleg ned på slutten av 1990-talet. Sidan har den variert noko, utan ein klar trend, men fiskedødelegheita viser ein svak minkande tendens. Sør for Stad er bestanden redusert kraftig dei siste tiåra. Havforskningsinstituttets dataserie på vaksen torsk langs Skagerrakkysten viser ein nedgåande trend, der dei siste åra er spesielt dårlege.

Kunnskapen om korleis akvakultur påverkar gyte- og oppvekstområde er mangelfull. Forskingsprosjektet ICOD (Interactions of salmon farming on Atlantic cod spawning grounds) vart avslutta i 2021. Forskingsprosjektet SalCod (Impact of salmon farming on Atlantic cod stock) pågår fram til 2023. Korleis torskeoppdrett kan påverke ville torskebestandar er tema i Havforskningsinstituttet sin årlege kunnskapsstatus til risikorapporten for norsk fiskeoppdrett.

Kystnære fiskeridata

Gyte-, oppvekst- og beiteområde er kartlagt av Fiskeridirektoratet gjennom innsamling av kystnære fiskeridata. Data er samla inn gjennom intervju med i hovudsak fiskarar. Kartlegginga er knytt til nøkkelområde for fiskeria, og dekkjer derfor i hovudsak kommersielt interessante fiskebestandar.

Kartlaget «Gyteområder alle arter» viser gyteområde med informasjon om art og gyteperiode. I område registrert som gyteområde har yrkesfiskarar opplyst å ha fått fisk med rennande rogn eller å ha sett fiskerogn på havbotnen.

Kartlaget «Oppvekst - beiteområde» viser oppvekstområde for yngel/fangstbar fisk og beiteområde for større fangstbar fisk.

Oppvekstområde er område og habitat som er viktige for overlevinga til yngel og småfisk i perioden fram til dei når fangstbar storleik eller kan rekruttere til bestanden. For meir informasjon om oppvekstområde, sjå oppvekstområder (hi.no).

Beiteområde er avgrensa område med store ansamlingar av beitande fisk i fangstbar storleik.

Vandringsruter er arealavgrensa område der stimar av fisk i fangstbar storleik tradisjonelt kan vere på gyte- eller beitevandring.

Marinbiologiske data

Datasettet «Gytefelt torsk MB» viser gytefelt for kysttorsk. Data er innsamla av Havforskningsinstituttet (HI), først gjennom ”Nasjonalt program for kartlegging av marine naturtyper” (2007-2019), og vidare gjennom prosjektet «Kartlegging av gytefelt og oppvekstområder for kommersielt viktige arter i kystsonen». Kartlegginga dekkjer ikkje ytre kyststrøk, Lofoten og Vesterålen. HI nyttar data frå feltinnsamling av egg, straummodelleringar og intervjuundersøkingar for å vurdere kva område som kan vere dei viktigaste gytefelta for kysttorsk.

HI kategoriserer gytefelta som:

  • A – nasjonalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 6)
  • B – Regionalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 5)
  • C – lokalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 1-4)

Kategoriseringa baserer seg på mengde egg som er funne i eit område, og i kva grad havstraumane gjer at egga vert haldne tilbake i området. Eit område med mykje egg og stor tilbakehalding av egg, vil oppnå høgaste verdivurdering, medan eit område med lite egg og stor spreiing av egga vil verte vurdert som mindre viktig.

For meir informasjon om metodar for innsamling av data om kysttorsk, sjå kapittel 9.3 i Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2022 - kunnskapsstatus (hi.no).

Kart over viktige leveområde for fisk

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til ressursområde av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om eit ressursområde har slik betydning er mellom anna:

Samanfall med fiskeplassar og viktige naturtypar for fiskeria

Viktige ressursområde er ofte samanfallande med gode fiskeplassar og førekomstar av naturtypar som er viktige for fiskeria. I vurderinga av om eit konkret ressursområde er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, kan også slikt samanfall vere eit vurderingskriterium. Samanfall mellom registreringar i fleire av desse datasetta vil kunne gjere eit område meir betydningsfullt.

Kysttorsk

Gytefelt som er klassifisert av HI som nasjonalt eller regionalt viktige gytefelt for kysttorsk, vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Desse gytefelta representerer etter Fiskeridirektoratet si vurdering eit viktig ressursgrunnlag for dagens haustbare bestandar av kysttorsk.

Også gytefelt kategorisert som lokalt viktige av HI, kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning for fiskeriinteressene. Det gjeld særleg for gytefelt i område med stor tilbakehalding av egg (høg retensjon). I desse områda kan det vere små og lokale bestandar av kysttorsk. Desse bestandane kan vere særleg tilpassa det lokale miljøet. Den genetiske variasjonen er biologisk mangfald som også kan vere grunnlag for eit haustbart overskot. Slike gytefelt er derfor verdifulle både som genetisk variasjon knytt til biologisk mangfald, og som eit framtidig ressursgrunnlag for fiskeria.

Trua artar på «Norsk rødliste for arter 2021»

Gyte-, oppvekst- og beiteområde for fiskeartar som er kategorisert som trua i «Norsk rødliste for arter 2021» vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Dette er område som vanlegvis vil vere viktige for at bestanden av den aktuelle arten skal kunne bygge seg sterkare.

I raudlista for 2021 er følgjande fiskeartar kategorisert som trua:

  • CR – kritisk trua: storskate, nebbskate
  • EN – sterkt trua: ål, polartorsk, brugde, stillehavssild, blålange, vanleg uer
  • VU – sårbar: svartskate, håbrann, arktisk niøye, pigghå

Les meir: Norsk rødliste for arter 2021 (artsdatabanken.no)

Merk: Kystnære fiskeridata inneheld lite data om raudlista artar, på grunn av at dei gjerne er forbodne å fiske og slik lite kommersielt interessante.

Artar som er heilt eller delvis freda med heimel i havressurslova

Tilsvarande som for dei raudlista artane, vil gyte-, oppvekst- og beiteområde for freda og delvis freda artar som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Områda vil vanlegvis vere viktige for at bestanden av den aktuelle arten skal kunne bygge seg sterkare.

Blålange, brugde, håbrann, pigghå, silkehai, vanleg ål og hummar med utvendig rogn er totalfreda med heimel i havressurslova. Det er også torsk i Oslofjorden.

Blåkveite, breiflabb, hummer, kveite, leppefisk, makrellstørje, rognkjeks og uer er delvis freda. Det same gjeld for torsk langs Skagerakkysten. For desse artane gjeld særskilte reglar knytt til fisket.

Les meir: Freda og delvis freda artar (fiskeridir.no)

Det er viktig å beskytte gyte- og oppvekstområde og andre ressursområde mot nedbygging. Det er også viktig at det i eller i nærleiken av ressursområda ikkje vert opna for arealføremål/tiltak som kan øydeleggje eller forringe den funksjonen områda har for fisken.

Planframstilling

For råd om framstilling av gyte- og oppvekstområde i plankartet viser vi til Veileder om planlegging i sjøområdene (regjeringen.no), side 77-78.

I rettleiaren står det at gyte- og oppvekstområde kan visast som fiskeføremål, omsynssone naturmiljø eller begge deler. Det er viktig å vere merksam på at det ikkje kan gjevast føresegner til omsynssone naturmiljø, med mindre den ligg i randsona til nasjonalpark eller landskapsvernområde, og føresegnene vert fastsette samstundes som vedtak eller revidering av verneforskrift/forvaltningsplan (pbl § 11-8  bokstav c). For at viktige gyte- og oppvekstområde skal verte sikra med rettsleg bindande føresegner, rår derfor Fiskeridirektoratet til at slike område ikkje berre vert vist som omsynssone med retningsliner. Områda bør ha føremålet «fiske», eventuelt i kombinasjon med omsynssone «naturmiljø».

Fiske inngår som føremål i hovudføremålet «bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone», i underføremålet «fiske» og i kombinerte føremål der fiske er eitt av fleire underføremål.

Gyteområde kan sikrast gjennom alle desse arealføremåla, såframt føresegnene til arealføremåla inneheld krav om at det i områda ikkje er tillate med tiltak som kan forringe funksjonen områda har som gyteområde registrert av Fiskeridirektoratet, eller gytefelt registrert av Havforskingsinstituttet § 11-11 nr. 3, pbl §§ 12-7 nr. 2 og 6 

Der omsynssone naturmiljø vert nytta for gyteområde, rår Fiskeridirektoratet til at det vert knytt retningsline til sona, som får fram

  • at sona er gyteområde for fisk,
  • at omsynet til gyting skal vektleggast ved handsaming av søknad om tiltak i sona, og
  • at i dei tilfella der det vert vurdert å gje løyve til tiltak i sona, bør det vurderast å setje vilkår om at anleggsperioden ikkje bør leggast til tider på året der den kan påverke gytesuksessen negativt
    (heimel: pbl § 118 bokstav c).

I tilfelle der ein arealplan opnar for arealføremål som vil kunne ha negativ påverknad på nærliggjande gyteområde i bygge- og anleggsfasen, rår Fiskeridirektoratet til at det i planen vert innarbeidd ei generell føresegn som sikrar at tiltak vert gjennomført i periodar der dei ikkje kan påverke gytesuksessen negativt (heimel: pbl §§ 11-9 nr. 6 og 11-11 nr. 3, pbl § 12-7 nr. 3).

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju