For at potensialet for sjømatproduksjon frå norske kyst- og havområde kan utnyttast på ein berekraftig måte, skal Fiskeridirektoratet bidra til at fiskeri- og akvakulturnæringane sine interesser vert ivaretekne i saker etter plan- og bygningslova.
Eit reint og rikt hav, som ikkje er forureina og som har eit rikt naturmangfald, er ein nødvendig føresetnad for sjømatnæringane.
Arealplanlegging for fiskeri og akvakultur
Fiskeridirektoratet som offentleg organ har både rett og plikt til å delta i planlegginga når den berører vårt saksfelt. Det går fram av plan- og bygningslova. Fiskeridirektoratet skal medverke i alle relevante plansaker i sjø. Det inneber mellom anna å gje uttale til kommuneplanar, reguleringsplanar og i dispensasjonssaker. Vi bidrar også med kunnskapsgrunnlag til kommunale planprosessar.
Fiskeridirektoratet kan fremje motsegn til arealplanar i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunnar er av vesentleg betydning for saksområdet vårt. Motsegnskompetansen vår er knytt til fiskeri, og tang- og tarehausting.
Fiskeridirektoratets planrettleiing
Øvst på denne sida finn du lenker til Fiskeridirektoratets planfaglege råd om fiskeri og akvakultur. Hovudmålgruppa for rettleiinga er tilsette i kommunar, fylkeskommunar og statsetatar, konsulentselskap, organisasjonar knytt til sjømatnæringane, og andre som arbeider med arealplanlegging. Målet er å informere og gje planfaglege råd om mellom anna
- arealbehovet til sjømatnæringane
- kunnskapsgrunnlag i kartløysinga «Yggdrasil»
- kriterium Fiskeridirektoratet nyttar for å vurdere kva spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning innanfor saksområda fiskeri, og tang og tarehausting, jamfør plan- og bygningslova § 5-4
- korleis fiskeri og akvakulturinteresser kan sikrast i plankart og -føresegner
Rettleiinga erstattar «Retningslinjer for arbeid med kystsoneplanlegging i Fiskeridirektoratet» (2011, sist revidert 2021).