Kaisal
Hovudregelen er at all fangst skal selgas gjennom godkjent førstehandskjøpar. Nokre salslag kan dispensera for sal av fangst direkte til brukar, sokalla kaisal.
Den som har fått dispensasjon frå ein salsorganisasjon for å drive kaisal, skal også vere registrert som kjøpar i Fiskeridirektoratet sitt register over kjøpare.
Føretaksregisteret og Einingssregisteret
Frå 1. januar 2022 må fritidsfiskarar med kaisalsdispensasjon vere registrert i Føretaksregisteret og Einingssregisteret for å bli registrert i kjøparregisteret.
Salslag
At kjøpar pliktar å halde seg orientert om og å overhalde dei forretningsreglar og omsetnads-og salsreglar som gjeld i salsorganisasjonen. Her medrekna til ei kvar tid å stille den bankgaranti eller tilsvarande som salsorganisasjonane krev. Jf. Lov 21.juni 2013 nr.75 om førstehandsomsetnad av viltlevande marine ressursar § 10.
Ved kaisal skal fiskaren, slik alle andre som sel marin fisk, skrive seddel for kvar landing.
Meir informasjon hos det einskilde salslag: