Kjøparregistrering

All førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skal skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Den som skal kjøpe fangst i første hand skal vidare vere registrert som kjøpar i Fiskeridirektoratet sitt register over kjøparar (Kjøparregisteret). Det er forbode å kjøpe fangst på andre stader enn dei anlegg eller stader som er registrerte i kjøparregisteret.

Dersom du har fått dispensasjon frå ditt salslag til å selje fangst ved kai direkte til forbrukar, må du i tillegg vere registrert i kjøparregisteret. Dette følgjer av forskrift om registrering som kjøpar av fangst § 2 femte ledd (lovdata.no) For å bli registrert som kjøpar i kjøparregisteret må søkjar vere registrert i Føretaksregisteret og Einingsregisteret, og sende søknad til Fiskeridirektoratet region Nordland. Kravet om registrering av kaiseljarar i kjøparregisteret gjeld både yrkes- og fritidsfiskarar. Ved innsending av søknad, bruk skjema for kjøparregistrering som kaiselgar.

Ordinære kjøparar av fisk i første hand direkte frå fiskar må ved søknad om registrering i kjøparregisteret nytte skjema for registrering som kjøpar av fangst.

Det må reknast med saksbehandlingstid.

Kjøpsstaden ID-nummer

Ein kjøpar kan stå registrert i kjøparregisteret med fleire kjøpsstader. Kvar enkelt kjøpsstad blir i registeret tildelt eit unikt ID-nummer. Ved leveringar til for eksempel eit ubemanna mottaksanlegg utan eit eige verksemdsnummer, så vil dette ID-nummeret vere det einaste som kan gi informasjon ut frå sluttsetelen om kvar fangsten er landa og omsett.

Ved innvilga søknad om opptak i kjøparregisteret, så vil det i vedtaka framover også bli opplyst om dei aktuelle kjøpsstadene sine tildelte ID-nummer. Kjøpsstadens ID-nummer er også å finne på vår nettside:

Kjøparregisteret

Registreringskrav for fritidsfiskarar med kaisalgsdipensasjon frå 01.01.2022 

Frå 01.01.2022 må fritidsfiskarar med kaisalgsdispensasjon også vere registrerte i Føretaksregisteret og Einingsregisteret for å bli registrerte i kjøparregisteret.

For å registrere enkeltpersonføretak i Føretaksregisteret og Einingsregisteret må den det gjeld planlegge å drive næringsverksemd, ha norsk forretningsadresse, og dessutan vere fylt 18 år. Dersom personen er over 15 år, så kan enkeltpersonføretak registrerast etter løyve frå føresette/verje og Statsforvaltaren. Dette inneber samtidig at det ikkje kan registrerast fritidsfiskarar med kaisalgsdispensasjon under 15 år i kjøparregisteret.

Forskrift om registrering som kjøpar av fangst (lovdata.no)

Mobile kjøpestasjonar

I samsvar med forskrift om fangst av kongekrabbe aust for 26° Ø mv. i 2021 § 8 fjerde ledd (lovdata.no) er det frå 1. mars 2021 ikkje lenger tillate å nytte mobile kjøpestasjonar ved landing og omsetning av kongekrabbe. Fiskeridirektoratet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå forbodet. Det er lagt til rette for ei dispensasjonsordning for mobile kjøpestasjonar for kongekrabbe på stader der det er lang avstand frå fangstfeltet til næraste ordinære mottaksanlegg. Søknad må sendast til Fiskeridirektoratet region Nord.
E-post: 

Dersom ein ønsker å registrere mobil kjøpestasjon ved kjøp av andre artar, sjå også kva reglar som gjeld ved fiske, landing og omsetjing av fisk (mattilsynet.no). Dersom den mobile kjøpestasjonen er tildelt eit godkjenningsnummer frå Mattilsynet, så skal dette leggjast fram ved søknad om registrering i kjøparregisteret. Det går føre seg ein prosess for å vurdere forhold rundt bruk av mobile kjøpestasjonar som vil kunne få betydning for registrering og bruk av mobile kjøpestasjonar framover.