Ungdomsfiskeordninga kongekrabbe
Skjema for påmelding til fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga i 2023. Målet er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.
Kven kan bruke skjemaet?
Ungdom som fyller 16 år i løpet av 2023 og som ikkje enda har fylt 25 år den 28. april 2023.
Frist for å sende inn skjemaet var 1. juni.
Grense for omsetnad
Innanfor ungdomsfiskeordninga kan det per person og per fartøy ikkje bli omsett fangst for meir enn 50 000 kroner. Dette gjeld samla for fangst av kongekrabbe og andre artar.
Ungdom påmeld fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga kan fiske og lande inntil 37 kilo kongekrabbe. Kvoten gjeld hannkrabbe, hokrabbe og skadd krabbe.
Krav til bustad
Ungdom som skal delta i fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga må vere busett i Finnmark.
Kvittering
Hugs å ta vare på kvitteringa på at du har sendt inn skjemaet. Kvitteringa må være tilgjengeleg og må kunne visast fram ved kontroll.
Registrering hos salgslag
Når registreringen hos Fiskeridirektoratet er gjort, må ungdomsfiskeren kontakte sitt salgslag. Salgslaget trenger informasjon for å betale ut penger for fangst og for å gi tilgang til signeringsappen CatchSign.