Veiledning for innføring av ERS og VMS

Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy frå og med 8 meter følgje krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsrapportering (ERS og VMS).

Innføringa er i tråd med anbefalingane i NOU 2019:21 om framtidas fiskerikontroll, og svarar på nokre av utfordringane med dagens manglande kontroll av den minste flåten.

Kva system treng du, og kva meldingar skal sendast?

Det er to system som må skaffast: eit system for posisjonsrapportering (VMS), som må installerast og aktiverast av ein autorisert installatør, og eit system for rapportering om haustingsaktivitet (ERS), som må vere aktivert og klart til bruk i samband med haustinga.

Fartøyeigar og ansvarshavande om bord må sørge for at nødvendig utstyr er installert og aktivert, og gjere seg kjend med kva meldingar og tidsfristar som gjeld. For fartøy under 11 meter gjeld det i hovudsak krav om å sende melding om hamneanløp (POR-melding).

Gjer deg kjend med nettsida og ERS-forskrifta

Oversikt og forklaringar om rapporteringskrava finn du på Fiskeridirektoratet si heimeside. Du finn òg oversikt over leverandørar av sporingsutstyr og rapporteringssystem, samt kva for godkjende installatørar som er nærast di heimehamn. Fiskeridirektoratet kan ikkje gje råd om kva leverandør du bør velje, og oppmodar deg om å undersøkje dei ulike alternativa.

Sjå Rapportering på havet for meir informasjon.

Sjå òg forskrift 21. desember 2009 nr. 1743 om posisjonsrapportering og elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy (ERS-forskrifta, lovdata.no). I § 13 kan du sjå kva POR-meldinga skal innehalde, og kva tidsfristar som gjeld.

Manglar fartøyet ditt kjenningssignal (radiokallesignal)?

Dersom fartøyet ditt manglar kjenningssignal må du skaffe dette frå Sjøfartsdirektoratet ved registrering av fartøyet i Skipsregisteret. Alternativt kan ein skaffe kjenningssignal gjennom registrering av fartøyet sitt radioutstyr hos Telenor Kystradio. Kjenningssignalet må vere registrert i Fartøyregisteret til Fiskeridirektoratet før du kan aktivere sporingsutstyret (VMS) og ta i bruk system for rapportering om haustingsaktivitet (ERS). Fiskeridirektoratet oppmodar om at dette vert gjort i god tid før fristen, då saksbehandlinga med etterregistrering av kjenningssignal kan ta noko tid.

Sjekk her om fartøyet ditt er registrert med kjenningssignal (radiokallesignal) i Fartøyregisteret til Fiskeridirektoratet: Søk i fartøyregisteret | Fiskeridirektoratet

Lenkje til Sjøfartsdirektoratet: Registrer et fiskefartøy under 15 meter i NOR (Sjøfartsdirektoratet)

Lenkje til Telenor Kystradio: Lisens for yrkesfartøy (kystradio.no)

For å etterregistrere kjenningssignal (radiokallesignal) i Fartøyregisteret til Fiskeridirektoratet, kan følgjande skjema nyttast: Melde inn kjenningssignal | Fiskeridirektoratet

Sjekkliste

  1. Kontroller at fartøyet har kjenningssignal (radiokallesignal) registrert i Fartøyregisteret til Fiskeridirektoratet. Sørg for etterregistrering dersom det manglar.
  2. Vel ein leverandør for posisjonsrapportering (VMS) og bestill nødvendig utstyr og abonnement.
  3. Vel ein godkjend installatør for posisjonsrapportering (VMS) og avtal installasjon.
  4. Vel ein leverandør for rapportering om haustingsaktivitet (ERS), bestill og aktiver abonnement, og eventuelt bestill nødvendig utstyr.
  5. Kontroller at posisjonsrapporteringsutstyret (VMS) er stadfesta aktivert av Fiskeridirektoratet og at vi mottek posisjonsmeldingar.
  6. Send minst to elektroniske ERS-testmeldingar, og kontroller at du mottek returmelding (ACK) frå Fiskeridirektoratet som stadfestar godkjenning.