Vern av korallrev

Ni korallrevområde har særskild beskyttelse gjennom utøvelsesforskriftens § 66. Alt fiske med botnslepande reiskap er forbode i desse områda. Utøvelsesforskriften slår også fast at det skal utvisast særleg aktsomhet ved fiske i nærleiken av kjende førekomstar av korallrev (aktsomhetsplikta).

I forskrift om regulering av fiske med botnreiskap (bunnfiskeforskriften) er det gitt generelle reglar for å beskytte sårbare habitat på alle havdjup. Alle fiskefartøy må føre nøye oversikt over kontakt med sårbare habitat under fiske heilt inn til fjæresteinane. For kvar fiskeoperasjon må ein sjekke om det har vore samanstøyt med eit sårbart habitat, det vil seie korall eller svamp på botnen.

Dersom det kjem opp meir enn 30 kilo levande korall eller 400 kilo levande svamp, må fartøyet rapportere det til Fiskeridirektoratet og flytte seg minst to nautiske mil før fisket kan halde fram.

Det finst sårbare habitat på havbotnen mange stader, og vi treng ytterlegare kunnskap om kvar dei er. Tilbakemeldingane skal gi forvaltninga meir kunnskap samstundes som flytteplikta gir habitata eit betre vern enn i dag. Kunnskapen om kvar habitata er, blir deretter delt med næringa.

Fiskeridirektoratet har bestilt ein gjennomgang av område for beskyttelse av korallrev frå Havforskningsinstituttet. Rapporten «Vurdering av norske korrallrev (lenke til Havforskningsinstituttet)»  svarar på denne bestillinga.

Ein annan rapport frå Havforskningsinstituttet gir ei skildring av fiskereiskapar brukt i norske fiskerier som opererer nær botn. Berørte område og grad av eksponering blir skildra i rapporten «Impacts of fisheries and aquaculture on sediments and benthic fauna: suggestions for new management approaches ».

Oppdatert: 19.05.2015