Ruser

Reglane for bruk av ruser; antal, geografiske område, røkting og merking.

Du kan fiske med inntil 20 teiner eller ruser. Talet på ruser og teiner kan altså til saman ikkje vere meir enn 20 per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord.

Det er ikkje krav til fluktopningar i ruser.

Alle teiner og ruser skal merkast tydeleg med namn og adresse på minst eit av vaka/ei av blåsene.

Ruser kun til fisk

Dersom du får ein hummar i rusa, skal den løysast forsiktig og settast tilbake i sjøen igjen. Dette gjeld også i hummarfisketida, for hummar skal kun fangast med hummarteiner.

Det er også totaltforbod mot å fiske ål. Får du ål i rusa, skal den også settast ut igjen i sjøen. Det er lov å bruke åleruser til å fiske fisk.

Røkting

Ruser som vert nytta til fangst av leppefisk skal røktast dagleg. Bestemminga gjeld ikkje søndagar og heilagdagar.

Frå svenskegrensa til og med Møre og Romsdal

1. januar - 30. april: 
Inntil 20 ruser. Altså aldri meir enn 20 ruser og teiner per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord.

1. mai - 30. september: 
Forbode å fiske med ruser.

1. oktober - 31. desember: 
Inntil 10 ruser og hummarteiner per person og per fartøy. Dersom du brukar 10 hummarteiner kan du altså ikkje fiske med ruser.

Frå Trøndelag til og med Finnmark

Heile året: Inntil 20 ruser per person og per fartøy.

Fiske etter leppefisk

Fritidsfiskarar med leveringsavtale kan søkje Fiskeridirektoratet om å få drive fiske etter leppefisk med ruser.

Meir om fisket etter leppefisk

Film om lovlige redskap i fritidsfiske

Oppdatert: 12.02.2021