Hummarteiner

Det er særskilde krav til teiner brukt i hummarfiske når det gjeld mengd, fluktopning, nedbrytbar bomullstråd og merking av vak.

Hugs!

Hummar kan berre fangstast med teiner tilpassa hummarfiske. Får du hummar med anna reiskap må du setje hummaren tilbake i sjøen.

Mengd teiner og ruser

Som fritidsfiskar kan du fiske etter hummar med inntil 10 hummarteiner per person og per båt. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du ikkje bruke meir enn 10 hummarteiner.

Mengd teiner for hummar og mengd ruser for fisk kan heller ikkje overstige 10 stykk totalt i hummarfiskeperioden, fordi ruser er ein effektivt fangstreiskap for hummar. Men - du kan i tillegg bruke inntil 10 andre teiner, for eksempel krepse- og krabbeteiner.

Dersom du brukar både 10 hummarteiner og 10 andre teiner i hummarfiskeperioden, kan du fange hummar berre med hummarteinene.

Reglane for fiske med ruser

Fluktopningar

Ei hummarteine skal ha minst to sirkelforma fluktopningar - éi på kvar side av reiskapen. Fluktopningane må vere minst 60 millimeter og vere plasserte nede ved botnen, slik at hummar under minstemål lett kan ta seg ut. 

Reglane for bruk av teiner; mengd, røkting, merking og fluktopning

Krav om rømmingshol i teiner

Det er ingen krav til minimumsdjupn for teiner i hummarfisket.

Merkekrav

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak, som er tydeleg merkt med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse. Teinene kan framleis setjast fleire i lenke.

Sanke- og samleteiner skal, som all annan fiskereiskap som står i sjøen, vere tydeleg merka med eigars namn og adresse.

Det er innført krav om merking av teiner og ruser i fritidsfiske. I tillegg er det krav om merking av vak/blåser.

Les meir om merking av reiskap

Merking for fritidsfiskar

Ola Nordmann

Svingen 4

5550 Kysten

OLA-NOR-168 (deltakarnummer)

Merking for yrkesfiskar

SF-123-F (fartøyets registreringsmerke)

OLA-NOR-321 (deltakarnummer)

Reiskapsavgrensingar i fredingsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reiskap heile året. Presiseringar om kva for reiskap som er tillate kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar.

Amerikansk hummar

Amerikansk hummar kan spreie sjukdommar til vår hummar, og han kan formeire seg med den europeiske hummaren. Ein antar at amerikansk hummar har blitt sloppe ut frå teiner der han er lagra for seinare bruk. Dei seinare åra er det ikkje funne amerikansk hummar i Noreg.