Sameksistens

Det er stadig fleire aktørar frå andre næringar som ønsker å bruke havområda. Fiskeridirektoratet bidrar med å legge til rette for sameksistens.

Akvakultur og fiskeri krev tilstrekkeleg areal av god kvalitet og er avhengige  av reine og rike hav over tid for å oppnå god lønnsemd. Fiskeridirektoratet bidrar med å legge til rette for sameksistens med andre næringar, slik at både nye og tradisjonelle næringar kan drive best mogleg og med færrast mogleg konfliktar.

Under kan du lese om korleis ulike næringar påverkar havmiljøet, og korleis Fiskeridirektoratet samarbeider med desse for å sikre omsynet til fiskeri og fangst, mens vi samtidig tek vare på eie berekraftig utvikling. Les meir om korleis Fiskeridirektoratet arbeider for FNs berekraftsmål nr. 14 - «Livet i havet».

Fiskerireiskap på norsk sokkel

Sjå kva slags fiskeriaktivitet du kan vente å finne, og lær meir om korleis fiske vert utført. Fiskeridirektoratet har også laga ei brosjyre med oversikt over reiskap, som vert nytta i fiskeri i norske farvatn.

Seismikk

Fiskeridirektoratet er høyringsinstans i forbindelse med geofysiske undersøkingar. I ein slik prosess søker vi i størst moleg grad å ivareta omsynet til ulike fiskeri og fangst.

Nærings- og fiskeridepartementet og Energidepartementet har utarbeidd ein rettleiar for gjennomføring av geofysiske undersøkingar på norsk kontinentalsokkel. Hensikta er å sikre eit godt samarbeid mellom fiskeriinteressentane og petroleumsverksemda. Seismikkaktiviteten har gradvis flytta seg nordover, men framleis er det høgast aktivitet i Nordsjøen. Rettleiar for gjennomføring av geofysiske undersøkingar (regjeringen.no)

Kurs for fiskerikyndige

For å bidra til auka forståing mellom næringane arbeider vi med å auke kunnskapen om dei ulike fiskeria og arealbehov. Dessutan må alle seismiske fartøy, som opererer i område der fiske og fangst kan forventast, vere bemanna med ein fiskerikyndig person. Denne personen skal vere godkjend av Fiskeridirektoratet og Sokkeldirektoratet og ha bestått kurs. Alle partar er einige om at dette tiltaket bidrar til å redusere faren for konfliktar. Les meir om fiskerikyndige og kursing på sodir.no.

Skremmeeffekt på fisk

Når det gjeld skremmeeffekt på fisk som følge av seismisk aktivitet, så følger Fiskeridirektoratet forskaranes konklusjon om at det er dokumentert skremmeeffekt på torsk og hyse. Effekten er likevel differensiert etter type undersøking.

Fotomontasje av en fiskebåt og en oljeplattform. Foto © MIR

Havbruk til havs

Fiskeridirektoratet arbeider saman med Nærings- og fiskeridepartementet og andre styresmakter med å leggje til rette for havbruk til havs. Les meir om havbruk til havs her.

Havvind

Havvind til havs er svært arealkrevjande, og Fiskeridirektoratet har fått tydelege signal om at utbygginga av vindturbinar til havs vil komme fort og krevje betydelege areal. Derfor jobbar Fiskeridirektoratet for at fiskeriaktivitet skal takast omsyn til i rammeverk i framtidige utbyggingsplanar.

Ein legg også mykje ressursar ned i å auke forståinga mellom næringane ved å auke kunnskapen om dei ulike fiskeria og arealbehov.

Per dags dato finst det eit testsenter for vindturbinar til havs i Noreg, vest for Karmøy. Det er også etablert eit område med 11 vindturbinar utanfor dei opna områda, "Hywind Tampen", som er i tilknyting til petroleumsinstallasjonar.

Regjeringa sin ambisjon er innan 2040 å opne område for 30.000 MW havvindproduksjon i Noreg. Per 2024 er to område vedtekne opna for havvind: Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II.  I 2024 og 2025 bidrar Fiskeridirektoratet i arbeidet med gjennomføring av strategisk konsekvensutgreiing for 20 område som eigna for havvind.

Rørleidningar og kablar i sjø

Det ligg mykje rør og kablar i norske havområde. Dette er alt frå straum og oljerelaterte installasjonar til fiberoptiske kablar. All kabellegging er knytt til ein anleggsperiode, noko som i enkelte tilfelle kolliderer med viktig fiskeriaktivitet eller akvakulturinnretningar.

I tillegg opplever Fiskeridirektoratet at det er ein mangel på koordinering av rør- og kabelleggingsprosjekt, noko som fører til unødvendig mange anleggsperiodar og ein lav grad av koordinering av traséar. Anleggsperiodar i tilknyting til fiskefelt er ofte til hinder for fiskeri og manglande koordinering av traséar kan føre til at rør og kablar kryssar kvarandre. Slike kryssingspunkt vert ofte dekka med steinfyllingar, noko som kan føre til hefter på botnen som kan skade fiskereiskapen eller gjere at reiskapen blir sittande fast.

For å redusere ulempene for akvakultur og spesielt fiskeri, gir Fiskeridirektoratet uttalar i tilknyting til prosjekt som inneber legging av rør og kablar på havbotnen. Her er vi spesielt opptatt av å koordinere kabeltraséar, redusere bruk av steinfylling og frie spenn, og å legge anleggsperiodar utanfor periodar der det føregår intensive fiskeri på områda.

Petroleum, mineralutvinning, CCS (karbonfangst og lagring), skytefelt

Petroleumsindustrien, mineralutvinning, CCS (karbonfangst og lagring) og skytefelt er aktivitetar som krev areal, og Fiskeridirektoratet arbeider aktivt med å redusere faren for arealkonflikt ved noverende og framtidig utbygging i norske havområde. Dette vert gjort gjennom dialog med selskap, myndigheiter og gjennom uttaler i tilknyting til prosjekt.

Det er mykje aktivitet i norske havområde, og fiskeri er nok ein av de aktivitetane som har lengst tradisjon. På 60-tallet kom også petroleumsindustrien til norske havområde og har bygd ut mange installasjonar sidan den gong. Forsvaret har også eit stort antal skyte- og øvingsfelt som i periodar legg beslag på areal.  I tillegg er Norge i startfasen med å bygge ut karbonfangst og lagring der lagringsreservoara er i bergartar under havbotnen på norsk sokkel. Mykje tyder på at vi også i framtida kan sjå mineralutvinning i Noregs djuphavsområde.

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju