Internasjonal konferanse om spøkelsesfiske

Den 7. og 8. november arrangerer Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet ein internasjonal konferanse i Arendal om spøkelsefiske.

Spøkelsesfiske er eit stort problem på alle hav og bidrar til eit enormt uregistrert uttak av fisk og skalldyr kvart år. Fiskereiskapar som går tapt i havet held nemleg fram med å fiske, gjerne i åresvis dersom dei ikkje blir fjerna.

Sjå program for arrangementet

Løysingar

Kor omfattande er problemet, kven jobbar med å løyse det og korleis skal vi få spøkelsesreiskap bort frå havet, er noko av det konferansen vil prøve å svare på.

Konferansen er arrangert av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet og vil føregå i Arendal Kulturhus. Sjølva konferansen startar tysdag 7. november og blir avslutta onsdag 8. november, mens det er planlagt registrering og eit uformelt arrangement på kveldstid måndag 6. november.

Bevisstgjering

Tysdag 7. november blir det ein gjennomgang av kva ulike aktørar og miljø jobbar med når det kjem til spøkelsesfiske, og ein vil kome inn på teknologi som alt er utvikla eller blir planlagt for å rydde tapte reiskapar frå havbotnen.

Dag to, onsdag 8. november skal handle om bevisstgjering og metodar for å hindre reiskapstap. Her vil ein også kome inn på reiskapsteknologi og resirkulering.

Les meir og finn påmelding (hi.no)

Oppdatert: 09.10.2023