Marine naturtypar i arealplanar

Mange av ressursområda og bruksområda som fiskerinæringa er avhengig av, er tett knytte til bestemte marine naturtypar. Å ta vare på desse naturtypane i arealplanlegginga er viktig for å sikre det framtidige grunnlaget for fiske og anna hausting av viltlevande marine ressursar.

Ålegrasenger, tareskogar, blautbotnområde i strandsona, skjelsandområde, korallførekomstar og ruglbotn er døme på naturtypar som er viktige for fiskeria. Desse naturtypane tener som gyte-, oppvekst- og leveområde for fisk; dei fungerer som gøymestad og beiteplass.

Ålegras

Ålegrasenger kan fungere som skjulestad for fisk og andre organismar på stader der det elles ville ha vore open blautbotn, og vil i tillegg innehalde ei mengde organismar som er mat for fiskeyngel. Denne økologiske funksjonen gjer at ålegras kan fungere som viktige oppvekst- og beiteområde for fisk.

Ålegrasenger og andre undervannsenger (hi.no)

Tareskog

Tareskogane vert rekna som spesielt produktive økosystem med stor artsrikdom. Mellom dei store tareplantane som veks på botnen vert det danna lysningar som i ein skog. Tareskogen utgjer eit variert habitat for små krepdsyr, blautdyr, børstemark og pigghudingar, samt skjul for fisk. Her finn mange artar skjul og næring.

Tareskogforekomster (hi.no)

Blautbotnområde i strandsona

Blautbotn består av mudder og/eller fin, leirhaldig eller grovare sand som ofte vert tørrlagt ved lågvatn. Vanlege blautbotnartar er fjøremark, sandmusling, knivskjel, hjertemusling, pelikanfotsnegl, tårnsnegl, sjøstjerner og sjøpiggsvin. Blautbotnområde er viktige beiteområde for kysttorsk, og for sei i vinter og vårhalvåret.

Bløtbunnsområder i strandsonen (hi.no)

Skjelsand

Skjelsand er eit habitat som ofte er rikt på blautbotnsfauna, og fungerer som gyte- og oppvekstområde for fleire fiskeartar. Sanden består i stor grad av knuste og delvis nedbrotne kalkskal frå skjel og andre marine organismar. Større krepsdyr nyttar skjelsandbankane til paringsplassar og ved skalskifte, i tillegg til at dei finn matgrunnlag her.

Skjellsandforekomster (hi.no)

Ruglbotn

Ruglbotn er ein naturtype som består av laustliggande kalkalgar som er svært sakteveksande. Kalkalgane dannar eit tredimensjonalt habitat som er levestad for mange dyr. Naturtypen er ikkje kartlagt i Noreg, men er truleg langt meir vanleg langs kysten frå Nordland og nordover enn lenger sør. Lofoten, Steigen, Vesterålen og Andfjorden er område med særleg mykje ruglbotn.

Ruglbunn (hi.no)

Korallar

Korallar er ei gruppe botnlevande nesledyr. Nokre artar dannar store koloniar, og der dei veks tett vert det danna ein kompleks struktur på botnen (rev) som verkar som levestad for tusentals andre artar. Korallane kan mellom anna fungere som vern for små organismar som fiskeyngel. Korallområda har høgt artsmangfald. Det er ikkje korallartane i seg sjølv som representerer det høge mangfaldet, men dei assosierte artane.

Korallforekomster (hi.no)

Korallrev er føreslått som utvald naturtype etter naturmangfaldlova.

Høring av forslag om korallrev og typisk høgmyr som utvalgt naturtype (regjeringen.no)

Naturtypane kan ha behov for beskyttelse både mot fysiske inngrep og mot tiltak som har negative konsekvensar for dei.

Fysiske inngrep kan skje i form av mellom anna bygging av brygger, utfylling i sjø for å etablere nytt landareal for utbygging, hamner og moloar, dumping av overskotsmassar frå utbygging, anleggsarbeid og gruvedrift på land, mudring og undervassprenging for å legge kablar, røyr eller utdjupe farleier, og uttak av sand og grus.

Plansaker i kystsonen (hi.no)

Marine naturtypar er eit eige kartlag i Yggdrasil. Datasettet vert henta inn frå Miljødirektoratet. Eit utval marine naturtypar er kartlagt av Havforskningsinstituttet gjennom ”Nasjonalt program for kartlegging av marine naturtyper” (2007-2019). Naturtypane er verdisette i kategoriane «A – Svært viktig», «B – Viktig» og «C – Lokalt viktig».

For meir informasjon om verdisetjinga, sjå DN-handbok 19: Kartlegging av marint biologisk mangfold (miljodirektoratet.no).

Korallrev er eit eige kartlag i Yggdrasil. Dette datasettet vert henta frå Havforskningsinstituttet .

Kart over marine naturtypar

Marine naturtypar i Fiskeridirektoratets kartverktøy (Yggdrasil)

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til naturtypar som for fiskeria er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om ein naturtype-førekomst har slik betydning er mellom anna:

Verdivurdering i naturtype-kartlegging

Førekomstar av ålegrasenger, tareskogar, blautbotnområde i strandsona, skjelsandområde og korallar som har fått verdi A- eller B i naturtypekartlegging vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

Også førekomstar med C-verdi kan etter ei konkret vurdering vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning for fiskeriinteressene. Dei økologiske kriteria som ligg til grunn for verdisetjinga etter DN-handbok 19, vil ikkje alltid samsvare med den verdien ein førekomst har for fiskeria. Verdien for fiskeria spesielt, kan vere større enn verdien for naturen generelt.

Utvald naturtype

Korallrev som samsvarer med definisjonen i høyringsnotatet om korallrev som utvald naturtype, vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning:

«Med korallrev menes et havbunnsområde med revbyggende koralldyr i kolonier bestående av både levende og døde deler, som dekker minst 25 m2. Korallrevet kan bestå av flere enkeltstående korallkolonier som sammen dekker minst 75 % av minsteområdet.»

Ruglbotn

Ruglbotn er ikkje kartlagt og verdisett. Om ein førekomst av ruglbotn er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, vil vere ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Samanfall med fiskeplassar og ressursområde

Viktige naturtypar for fiskeria, er ofte samanfallande med gode fiskeplassar og ressursområde. I vurderinga av om ein konkret naturtype-førekomst er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, kan også slikt samanfall vere eit vurderingskriterium. Samanfall mellom registreringar i fleire av desse datasetta vil kunne gjere eit område meir betydningsfullt.

Marine naturtypar som er viktige for fiskeria bør av omsyn til fiskeriinteressene beskyttast mot både fysiske inngrep og mot negative konsekvensar av andre tiltak i nærområdet.

Planframstilling

For råd om framstilling av naturområde i plankartet viser vi til Veileder om planlegging i sjøområdene (regjeringen.no), side 82-87.