Fiskeplassar i arealplanar

Å sikre fiskarane tilgang til naudsynt areal for utøving av fiske er viktig i arealplanlegginga.

Fiskeriaktivitet kan føregå meir eller mindre over alt i sjøen. Omgrepet «fiskeplass» er å forstå som eit arealavgrensa område der det vert drive eller har vore drive kommersielt fiske og/eller fangst etter marine artar, og som kan påreknast brukt i framtida.

Aktiviteten i kystsona varierer over tid, geografisk og etter type fiskeri. Det kystnære fiskeriet og fisket inne på fjordane kan føregå gjennom heile året. Dei store fiskeria etter skrei og sild skjer når fisken samlar seg i mindre område for kortare eller lengre tid. Over tid kan det endre seg kva som er dei viktigaste fiskeplassane, mellom anna med bakgrunn i endringar i fiskebestandane, i gyteområda og vandringsrutene til fisken, og i reiskapsbruken.

Fiskeplassar vert i fiskeriforvaltninga kategorisert som ein type «bruksområde». Det er ei samlenemning på områda som vert brukt i samband med fiske.

Utgangspunktet for ein fiskeplass er fisk eller skaldyr som står i eller vandrar gjennom eit bestemt område. Kva type fiskereiskap som vert nytta er avhengig av fleire faktorar, mellom anna om fisken som skal fangstast i hovudsak lever i dei frie vassmassane (pelagisk) eller ved sjøbotnen (bentisk), kva reiskapar som er mest effektive, kva reiskapar som gjev best kvalitet og/eller pris, kva reiskapar som er tillatne og kva reiskapar fiskarane har tilgang til.

I tillegg til tilgang på sjølve fiskeplassen, er fiskarane avhengige av tilstrekkeleg plass til å manøvrere farty og fiskereiskap. Ulike fiskereiskapar har ulike arealbehov. Djupne, vêr- og straumtilhøve spelar også inn på arealbehovet.

Bruk av fiskereiskapar krev som eit minimum tilgang til areal i vassoverflata og rom i vassøyla. Mange reiskapar vil i tillegg krevje tilgang til areal på sjøbotnen.

Flytetrål og snurpenot er døme på aktive fiskereiskapar som vert brukt i dei frie vassmassane. Dei er i bevegelse i samband med setjing, haling og trekking av reiskapen. På grunn av slepinga av reiskapen etter båten, krev desse reiskapane som hovudregel tilgang til meir areal og rom i både vassoverflata og vassøyla enn det fastståande reiskap gjer.

Botntrål og snurrevad er døme på aktive botnberørande reiskapar. Bruk av slike reiskapar krev at også sjøbotnen er fri for fysiske hindringar.  Også passive botnberørande reiskapar, som garn, line og teine (fastståande bruk), krev tilgang til areal på sjøbotnen.

Fysiske hindringar i sjøen, til dømes fortøyingar, kan gjere fiske vanskeleg. Legging av kablar og leidningar gjennom fiskeplassar kan også vere konfliktskapande.

Om reketråling

Arealbehovet knytt til reketråling er særeigen. I utgangspunktet er det ikkje tillate å fiske kystnært med trål. Det er gjort unntak for m.a. reketrål, som er ein type botntrål. Rekefiske skjer i hovudsak med reketrål. Vidare er det etter haustingsforskrifta § 16 avgrensa kor grunt det er tillate å tråle etter reker. Det er såleis avgrensa både kva reiskap som er eigna for rekefangst, og i kva område denne reiskapen er eigna og tillaten å bruke. Det er viktig å vere merksam på at farty med reketrål kan ha behov for manøvreringsareal som strekker seg inn i grunnare vatn enn der sjølve trålen går.

Kystnære fiskeridata

Fiskeplassar er kartlagt av Fiskeridirektoratet. Data er i hovudsak samla inn gjennom intervju med fiskarar.

Fiskeplassane vert vist i to kartlag; «Fiskeplasser – Aktive redskap» og «Fiskeplasser – Passive redskap». I tillegg finst det eit tredje kartlag for «Rekefelt – Aktive redskap», som er eit utval av område frå «Fiskeplasser – Aktive redskap» der det vert drive eller har blitt drive rekefiske.

Fiskereiskapar vert kategorisert i passive og aktive reiskapar. I fiske med passive reiskapar er det fisk og skaldyr som oppsøkjer reiskapen. Døme på passive reiskap er garn, line, teine, ruse, jukse og dorg. Garn, line og teine har vidare samlenemninga «fastståande bruk». Desse fiskereiskapane vert sette ut i sjøen og vert ståande i ein varierande tidsperiode før dei vert henta opp att.

I fiske med aktive reiskapar er det fiskereiskapen som aktivt fangar fisken eller skaldyra. Døme på dette er trål, snurpenot og snurrevad.

Fiskeplassane er kategorisert etter om bruken er nasjonal, regional eller lokal:

  • Nasjonal bruk: Felt brukt av farty frå fleire fylke
  • Regional bruk: Felt brukt av farty også frå andre kommunar enn der feltet er registrert
  • Lokal bruk: Felt brukt berre av farty registrert i same kommune som feltet

Det vert også samla inn data om kva artar som vert fiska, med kva reiskap og til kva tider på året. Det kan også vere registrert opplysningar om særlege kvalitetar ved ein fiskeplass. Registreringane omfattar ikkje alltid alt det nødvendige manøvreringsarealet knytt til fiskeplassen.

Kartlagde fiskeplassar for passive og aktive reiskapar

Fiskeplassar for passive og aktive reiskapar i Fiskeridirektoratets kartteneste (Yggdrasil)

Fangst- og sporingsdata

Informasjonen om fiskeplassar innhenta gjennom intervju kan supplerast med informasjon innhenta gjennom registeringar av fiskeriaktivitet.

Fangst- og sporingsdata vert eit stadig viktigare verkty for å kartlegge kvar dei viktigaste fiskeria føregår. Det er viktig å merke seg at spesielt kystnære fiskeri med mindre fiskefarty i liten grad inngår i eksisterande datasett. Årsaka til det er manglande rapporteringskrav. At det ikkje er registrert slike spor etter fiskeriativitet i eit område, utelukkar derfor ikkje at det kan føregå fiske i området.

Fiskeridirektoratet samanstiller posisjonssignal (Vessel Monitoring System, VMS) frå norske fiskefarty med opplysningar frå elektronisk fangstrapportering (Electronic Reporting System, ERS). Kartlaget «Fiskeriaktivitet etter redskap» viser kva marine artar som vert fangsta i ulike område, og kva fiskereiskap som er brukt. Kartlaget inneheld data frå 2011 og framover.

Kart over fiskeriaktivitet etter redskap

Tilsette i Fiskeridirektoratet har tilgang til meir data enn det som er tilgjengeleg for ålmenta i Yggdrasil. Direktoratet samanstiller sporingsdata frå det automatiske identifikasjonssystemet (AIS) til Kystverket, som har god dekning i kystnære område der mindre farty opererer, med sluttseddeldata frå fiskesalslaga.  Per i dag er dette data som av personvernomsyn er unnateke offentlegheit. I arbeidet med arealplansaker kan sakshandsamarane i Fiskeridirektoratet også nytte desse datakjeldene for å innhente informasjon om fiskeplassar. Anonymiserte opplysningar kan vidareformidlast til kommunar, plankonsulentar og andre.

Fastståande bruk

Intervjudata kan også supplerast med informasjon henta frå innrapportering av fastståande bruk. Haustingsforskrifta § 25 set krav om rapportering av fastståande reiskap og fløytline. Ei historisk oversikt over liner, garn og teiner som har blitt sett ut og rapportert, frå slutten av 2014 og framover, er samla i kartlaget «Fiskeredskaper – Faststående bruk».

Også for dette kartlaget er det viktig å vere merksam på at det i hovudsak dekkjer ytre deler av kysten. Før 2022 gjaldt rapporteringskravet berre nord for 62°N, og berre utanfor grunnlina.

I 2022 tok nye krav til å gjelde. Nord for 62°N gjeld krava no utanfor fjordlina. Sør for 62°N gjeld dei utanfor grunnlina, med unntak av Skagerak. For kongekrabbe, breiflabb og blåkveite gjeld særlege reglar.

Også ein del farty utan rapporteringskrav melder frå om setjing og fjerning av reiskap. Det er fleire fordelar ved å rapportere kvar ein set bruket. Samstundes er det ulemper knytt til å synleggjere gode fiskeplassar for andre.

Kart over fasttående redskap

Fangst- og sporingsdata kan også gje kunnskap om nye område som har utvikla seg til viktige fiskeplassar, utan at dei først er registrert gjennom intervju. Sporingsdata er slik ei viktig kjelde for å kunne følgje med på dei endringane som kontinuerleg skjer i tilgangen på fiskeriressursane, mellom anna på bakgrunn av endringar i vandringsruter, gyteområde, nye fangstmetodar og hausting av fleire artar.

Meir informasjon om kystnære fiskeridata.

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til fiskeplassar av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om ein fiskeplass har slik betydning er mellom anna:

Nasjonal/regional/lokal bruk

Nasjonal bruk: Fiskeplassar med nasjonal bruk er i utgangspunktet av nasjonal betydning. Det må likevel gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Regional bruk: Fiskeplassar med regional bruk kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Lokal bruk: Fiskeplassar med lokal bruk er i utgangspunktet å rekne som av lokal betydning. Også for slike område må det gjerast konkrete vurderingar i enkeltsaker, basert på fleire vurderingskriterium enn den geografiske bakgrunnen til brukarane. Fiskeplassar med lokal bruk kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

Tal brukarar

Di fleire brukarar ein fiskeplass har, di større betydning kan den ha. Talet brukarar må vurderast opp mot omfanget fiskeria har i området den konkrete saka gjeld. Eit område med fem brukarar kan være lite viktig i eit område med stor fiskeriaktivitet, men veldig viktig ein stad der fiskeria er meir marginale.

Den relative viktigheita for enkeltbrukarar kan også vektleggast. At ein eller fleire fiskarar hentar ein betydeleg del av driftsgrunnlaget sitt frå eit bestemt område, kan etter ei konkret vurdering tilleggast vekt.

Bruk ved bestemte vêrtypar eller årstider

Ein fiskeplass kan ha unike kvalitetar ved å vere særleg godt eigna på bestemte tider av året eller ved bestemte vêrtypar der andre fiskeplassar  er utilgjengelege. Opplysingar om dette kan vere registrert som del av merknad i kystnære fiskeridata eller kome fram i arealplanprosessen.

Samanfall med ressursområde og viktige naturtypar for fiskeria

Gode fiskeplassar (bruksområde) er ofte samanfallande med gyteområde, beiteområde og vandringsruter for fisk (ressursområde). Ressursområda vil i sin tur ofte samanfalle med førekomstar av naturtypar som er viktige for fiskeria. I vurderinga av om ein konkret fiskeplass er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, kan også slikt samanfall vere eit vurderingskriterium. Samanfall mellom registreringar i fleire av desse datasetta vil kunne gjere at eit område vert vurdert som meir betydningsfullt.

Når ein kommune startar opp arbeid med rullering av kommuneplanens arealdel, vil Fiskeridirektoratet ta stilling til om det er behov for, og tilgjengelege ressursar til, å oppdatere kystnære fiskeridata i planområdet. Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag bør liggje til grunn for eventuelle endringar i arealplanen.

Viktige fiskeplassar bør ikkje setjast av til arealføremål som kan bli til hinder eller ulempe for fisket.

Bruk av aktive botnberørande reiskapar krev som nemnt ovanfor at sjøbotnen er fri for fysiske hindringar. I planføresegnene er det viktig at fiskeplassar for botntrål og snurrevad vert sikra mot slike tiltak. Fiskeridirektoratet rår til følgjande føresegn for areal som omfattar slike fiskeplassar:

«I områda er det ikkje tillate med tiltak som hindrar eller er til ulempe for fiske, under dette kablar, røyr, flytebrygger, kaiar, plassering av anlegg, fortøyingsinnretningar og dumping. (pbl § 11-11 nr. 3)»

Med bakgrunn i at fiskeplassar for botntrål og snurrevad har særeigne arealbehov, rår Fiskeridirektoratet i utgangspunktet til at dei får underføremålet fiske (einbruk) i plankartet. I nokre tilfelle går det farlei gjennom slike fiskeplassar. Då rår vi til kombinert føremål fiske/farlei (fleirbruk). Føresegna nemnd ovanfor kan nyttast i begge tilfella.

Avhengig av lokale tilhøve, kan det vere behov for at føresegna også gjeld for fiskeplassar for passive botnberørande reiskapar (fastståande bruk).

For råd om framstilling av fiskeplassar i plankartet viser vi også til Veileder om planlegging i sjøområdene (regjeringen.no), side 75-76.