Mogleg lakserømming ved Molde

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingsmelding frå Salmar Oppdrett AS ved Moldefjorden i Møre og Romsdal. Oppdrettslaksen i den aktuelle merden er ca. 3 kg i storleik.

Publikum må følgje gjeldande fiskereglar for området

Salmar Oppdrett oppdaga søndag 2. juli skade på ei av merdane, på lokaliteten Setevika N som ligg i Julsundet ved Moldefjorden.

Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken i den aktuelle merden har ei snittvekt på i overkant av 3 kg. Selskapet har sett ut gjenfangstgarn på lokaliteten.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp saka med tilsyn hjå selskapet.

Ønsker tips 

Melde inn tips om eventuell fangst av oppdrettslaks i området

Det er mogleg å vere anonym ved innmelding av tips.

Legg gjerne ved bilde av fisken. Tipsa vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettsfisken.


 

Oppdatert: 04.07.2023