Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

ERS, AIS og VMS

Fiske etter leppefisk krev nøye rapportering for ei berekraftig forvalting.

Elektronisk rapportering (ERS)

Med innføringen av ERS for mindre fartøy, blir fleire fartøy som deltar i fisket etter leppefisk pliktige til å rapportere via ERS.

I medhald av ERS-forskrifta, skal fangstane rapporterast i kilo rund vekt, ikkie i antal fisk. Dette gjeld også for fangst av leppefisk.

Vekta av fangsten skal ikkje estimerast, men bereknast ved hjelp av omrekningsfaktorar frå antal individ til rund vekt (fiskeridir.no). 

Sjå også ERS-forskrifta på lovdata.no (lovdata.no).

Spørsmål og svar om AIS/VMS i fisket etter leppefisk

Her har vi samla ein del sentrale spørsmål om kravet til AIS i fisket etter leppefisk.

Kvar finn eg regelen som stiller krav til AIS?

Regel med tilhøyrande vilkår er fastsett i Forskrift om regulering av fisket etter leppefisk i 2024 (Lovdata.no)

Kan eg søkje om unntak fordi fartøyet mitt ikkje er eigna til å ha AIS?

Nei, alle fartøy som driv med omsetjing av leppefisk skal vere utstyrte med ein fungerende AIS klasse B eller typegodkjent klasse A. Dersom du har VMS treng du ikkje AIS.

Kan eg slå av AIS/VMS når eg ikkje fiskar?

Nei, AIS/VMS skal vere påslått heile leppefisksesongen. Frå du startar fisket til fisket blir avslutta 20. oktober. For fritidsfiskarar med løyve til å fiske til og med 30. september kan AIS/VMS slåast av på denne datoen.

Det blir gjort unntak viss det skal gjennomførast vedlikehald av systemet, fartøyet skal på verkstadopphald eller at fartøyet skal ligge uverksamt i meir enn 14 dagar. Det skal då sendast melding til Fiskeridirektoratet før straumen blir broten. Ved brot kan ikkje fartøyet endre posisjon. Meldinga sendast på elektronisk skjema tilgjengeleg på Fiskeridirektoratet si nettside.

Fartøyet mitt har ikkje straumkjelde til AIS?

Du som fiskar er ansvarlag for at fartøyet er eigna og utrusta for å oppfylle dei krava som følgjer av regelverket, herunder rapporteringskravet.

Må fritidsfiskarar ha AIS/VMS?

Ja, fritidsfiskarar som driv med omsetnad av leppefisk må på lik linje med deltakarar i open gruppe og lukka gruppe ha ein fungerende AIS.

I § 13 i forskrift om fisket etter leppefisk i 2023 er det opna for at det kan brukast posisjonsrapporteringsutstyr i staden for AIS. Per i dag vil dette i praksis bety VMS. Fritidsfiskefartøy som skal installere VMS må anten ha eit radiokallesignal tildelt av Telenor Kystradio, eit kjenningssignal frå Sjøfartsdirektoratet, eller vere registrert i Småbåtregisteret til Redningsselskapet.

Må ungdomsfiskarar ha AIS?

Nærings- og fiskeridepartementet har beslutta at det ikkje skal krevjast AIS for ungdomsfiskarar.

Kva type AIS burde eg kjøpe?

Fiskeridirektoratet tar ikkje stilling til enkeltprodukt eller gir anbefalingar om kva løysingar fiskarar bør kjøpe. Alle produkt som oppfyller vilkåra i rapporteringskravet vil vere godkjente til bruk i fisket etter leppefisk.

Korleis veit eg at AIS sender rett informasjon?

Dersom du er usikker påkorleis AIS skal programmerast anbefaler vi at du tar kontakt med selgjar eller leverandør. For å undersøkje om AIS fungerer, eller sender informasjon på rett måte, kan du kontakte selgjar eller leverandør, og/eller sjå etter fartøyet i tilgjengelege kartløysningar, for eksempel på FiskInfo (Barentswatch.no)

Ver merksam på at Barentswatch open del, som inkluderer FiskInfo, berre gjer tilgjengeleg AIS data når det gjeld fiskefartøy og fritidsbåtar som er høvesvis over 15m og 45m.

Det betyr at du ikkje kan bruke Fiskinfo til å sjå om AIS fungerer for målgruppa. Du kan likevel bruke kommeriselle informasjonstilbydarar av AIS data for å sjekke at AIS om bord virkar, f.eks Marinetraffic, men desse brukar andre basestasjonar enn dei som inspektørar i Fiskeridirektoratet i praksis vil forhalde seg til gjennom Barentswatchtjenesten (tenester som Marinetraffic kan derfor gi ein pekepinn men er ikkje noe optimalt eller heilt uproblematisk kvalitetsmål).

Kan eg bruke VMS i staden for AIS?

Ja, I § 13 i forskrift om fisket etter leppefisk i 2023 er det opna for at det kan brukast posisjonsrapporteringsutstyr i staden for AIS. Merkeregistrerte fartøy som skal installere VMS må anten ha eit radiokallesignal tildelt av Telenor Kystradio, eller eit kjenningssignal frå norsk ordinært skipsregister (NOR).

Fritidsfiskefartøy som skal installere VMS må anten ha eit radiokallesignal frå Telenor Kystradio, eit kjenningssignal frå Sjøfartsdirektoratet, eller vere registrert i Småbåtregisteret til Redningsselskapet.

Kva for eit VMS-system kan eg bruke?

Liste over tillatne sporingsutstyr (fiskeridir.no)