Om data - fiskebestandar

Status for data

Offisiell statistikk.

Frå og med 2021 er det Fiskeridirektoratet som har ansvar for publisering av denne statistikken. Tidlegare var det Statistisk sentralbyrå som hadde dette ansvaret.

Metode

Kvart år samlar forskarane inn informasjon om dei ulike fiskebestandane frå eigne tokt (fiskeriuavhengige data) og frå kommersielt fiske (fiskeriavhengige data).

Havforskningsinstituttet har ei rekke tokt til samme tid kvart einaste år. Frå tokta vert det samla inn ulike prøvar, for eksempel stikkprøvar frå sjøen som vert vurdert opp mot data frå ekkolodd, og prøvar av fisk som blir aldersbestemt. Frå fiskeria vert det samla inn stikkprøvar for å bestemme storleiks- og aldersfordeling på det som blir fiska. Fangststatistikk (fangst i tonn for ulike flåtegrupper) kjem frå Fiskeridirektoratet.

Forskarane samarbeider med forskarar fra andre land for å berekne storleiken på dei ulike fiskebestandane. Dette samarbeidet skjer i ICES, som er det internasjonale rådet for havforskning (hi.no). Metodane og datagrunnlaget som vert brukt i bestandsvurderingane blir reviderte med jamne mellomrom. Dette skjer fordi metodane vert vidareutvikla og det kan komme nye datakilder og/eller revisjoner av eksisterande dataseriar.

Dei fleste fiskeria i Norge er styrt av ein forvaltningsstrategi med ein tilhøyrande haustingsregel. Forskarane vurderer reproduksjonsevna til gytebestandane, det vil sei om bestandane har eit nivå som vil gi god, redusert eller dårleg rekruttering (nye generasjonar fisk). I tillegg vert fiskedødelighet berekna, altså kor mykje som vert fiska av bestanden, og om bestanden vert hausta bærekraftig eller ikkje.

For lodde er det tal på modnande bestand som er oppgitt. 

 

Kjelde

Endringar i data sidan forige publisering

For å berekne storleiken på fiskebestandar blir kvar årsklasse av bestanden følgd. Ny informasjon om mengde fisk i ein gitt årsklasse vil påverke resultata for denne årsklassen bakover i tid. Alle tal vert oppdatert med nye tal frå Havforskningsinstituttet kvart år, det betyr at det for dei enkelte bestandane kan vere avvik samanlikna med tal som er publisert tidlegare. Tal frå tidlegare publiseringar kan fås ved førespurnad.

Ved publisering av tal for 2023 er tidsserien for torsk i Nordsjøen og Skagerak korta ned samanlikna med tidlegare år. Tidsserien startar no i 1983. Dette skuldast ei omlegging i berekningane som gjer at det ikkje lenger finnes reviderte tal for åra før 1983.  

Tal for totalbestand for sei i Nordsjøen og Skagerak manglar for året 2023.