Ungdomstillegg av kongekrabbe

Målet med ungdomstillegg av kongekrabbe er å stimulere til rekruttering til fiskaryrket ved å auke driftsgrunnlaget for unge fiskarar.

Meldingsskjema for fiske av kongekrabbe på ungdomstillegget (pålogging via ID-porten)

Kven kan bruke skjemaet?

Fiskarar som er yngre enn 30 år, registrert på blad B og som er majoritetseigar i eit merkeregistrert fartøy med adgang til å delta i open gruppe for fangst av kongekrabbe.

Ein majoritetseigar eiger over 50 % av andelane i fartøyet.

Frist for påmelding

Frist for å sende inn skjemaet er seinast 1. juli. 

Etter fristens utløp vil Fiskeridirektoratet tildele tilleggskvote til de påmeldte fartøyene. Fartøyene kan starte fisket etter at tilleggskvoten av kongekrabbe er tildelt.

Tildeling av ungdomstillegg

Ungdomstillegget av kongekrabbe blir tildelt fartøy som ikkje allereie kvalifiserer til full kvote (kvotefaktor 1).

Det er avsett 10 tonn til ungdomstillegg av kongekrabbe, som blir fordelt på antal påmelde.Tilleggskvoten er begrensa oppover, slik at fartøykvoten og undomstillegget til saman ikkje utgjer meir enn en full kvote.

Oppdatert: 09.06.2021