J-47-2012: (Utgått) Ny instruks om salslaga si kontrollplikt

Erstatter: J-117-2004

Erstattet av: J-191-2012

Endringer: Se utgåtte meldinger

Gyldig fra: 27.11.2010

Ny instruks om salslaga si kontrollplikt

Innholdsfortegnelse:

    Fiskeri- og kystdepartementet har 26. november 2010 utarbeidd ein ny instruks om salslaga si kontrollplikt. Instruksen erstattar den tidlegare instruksen av 20. februar 1991 om salsorganisasjonenes kontrollplikt.

    Den nye instruksen er i hovudsak ei vidareføring av den førre med oppdatering av tilvisningar til havressurslova og den nye forskrifta. Instruksen er etter dette:

    1. SAMORDNING AV KVOTEKONTROLLEN
    Salslaga skal samordne kontrollen for å fange opp dei tilfella der eit fartøy i løpet av året landar fangst på fleire stader og desse ligg innanfor meir enn eitt salslag sitt ansvarsområde, slik at fangst utover fastsett kvote vert avdekkja og at verdien av denne tilfell det salslaget som har ansvaret for det området der fartøyet er registrert, jf. havressurslova § 54 og forskrift av 12. mars 2010 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar § 2 første ledd.

    2. RAPPORTERING
    Salslaga skal rapportere til Fiskeridirektoratet om ilandførte fangstar som er fanga i strid med føresegner i havressurslova og deltakerloven og som fell utanfor salslaga sin inndragingskompetanse, jf havressurslova § 54 og forskrift av 12. mars 2010 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar § 2.

    3. KONTROLLRUTINAR
    Salslaga skal etablere kontrollrutinar som er nødvendige for oppfylle kontrollpliktene som følgjer av §§ 1 og 2 og underrette Fiskeridirektoratet om desse.

    Finn Fiskeridirektoratet at rutinane ikkje tilfredsstiller kontrollpliktene, kan salslaga verte pålagt å gjennomføre bestemte rutinar.

    4. PÅLEGG FRÅ FISKERIDIREKTORATET
    Salslaga skal følgje dei pålegg Fiskeridirektoratet gir for gjennomføring av dei kontrollplikter som følgjer av §§ 1 og 2.

    5. IKRAFTSETJING
    Denne instruks gjeld frå 1. mai 2010 og til den på eit seinare tidspunkt vert erstatta av ein ny instruks eller vert oppheva.

    Frå same tid vert instruks av 20. februar 1991 om salgsorganisasjonenes kontrollplikt oppheva.

    ES/EW

    Jobber du i fiskerinæringen?

    Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.  

    Les mer og meld deg til intervju