J-191-2012: Ny instruks om salslaga si kontrollplikt

Erstatter: J-47-2012

Endringer: Se utgåtte meldinger

Gyldig fra: 10.11.2012

Ny instruks om salslaga si kontrollplikt

Innholdsfortegnelse:

    Fiskeri- og kystdepartementet har 9. november 2012 utarbeidd ein ny instruks om salslaga si kontrollplikt. Instruksen erstattar den tidlegare instruksen av 26. mars 2010 om salslaga si kontrollplikt.

    Den nye instruksen er i hovudsak ei vidareføring av den førre, men inneheld i tillegg eit nytt punkt 5 om melding om inndregne midlar.

    Instruksen er etter dette:

    1. Samordning av kvotekontrollen
    Salslaga skal samordne kontrollen for å fange opp dei tilfella der eit fartøy i løpet av året landar fangst på fleire stader og desse ligg innanfor meir enn eitt salslag sitt ansvarsområde, slik at fangst utover fastsett kvote vert avdekkja og at verdien av denne tilfell det salslaget som har ansvaret for det området der fartøyet er registrert, jf. havressurslova § 54 og forskrift av 12. mars 2010 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar § 2 første ledd.

    2. Rapportering
    Salslaga skal rapportere til Fiskeridirektoratet om ilandførte fangstar som er fanga i strid med føresegner i havressurslova og deltakerloven og som fell utanfor salslaga sin inndragingskompetanse, jf havressurslova § 54 og forskrift av 12. mars 2010 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar § 2.

    3. Kontrollrutinar
    Salslaga skal etablere kontrollrutinar som er nødvendige for oppfylle kontrollpliktene som følgjer av §§ 1 og 2 og underrette Fiskeridirektoratet om desse.

    Finn Fiskeridirektoratet at rutinane ikkje tilfredsstiller kontrollpliktene, kan salslaga verte pålagt å gjennomføre bestemte rutinar.

    4. Pålegg frå Fiskeridirektoratet
    Salslaga skal følgje dei pålegg Fiskeridirektoratet gir for gjennomføring av dei kontrollplikter som følgjer av §§ 1 og 2.

    5. Melding om inndregne midlar
    Ved rapportering etter forskrift av 12. mars 2010 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar § 6, skal salslaga sende melding til Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet om kva beløp som vart inndrege det føregåande år fordelt på dei ulike inndragingsgrunnlaga i forskrifta § 2 (dvs fangst utover kvote, ulovleg bifangst, fangst i strid med fredningstid osv).

    Når det gjeld kva midlane har vorte nytta til, skal det kome tydeleg fram i meldinga om dei er nytta til kontrollutgifter, prisutjamning, pristilskot eller frakttilskot, jf. forskrifta § 4.

    6. Ikraftsetjing
    Denne instruks trer i kraft straks og gjeld til den på eit seinare tidspunkt vert erstatta av ein ny instruks eller vert oppheva.

    Frå same tid vert instruks av 26. mars 2010 om salgslaga si kontrollplikt oppheva.

    ES/EW