Nærmar seg bruksforbod

Fiskeridirektoratet minner om krav om posisjonsrapportering (VMS) og elektronisk rapportering (ERS) som vart innført 1. juli 2023 for fartøy over 10 meter.  

– Det er framleis nokre fartøy som enno ikkje har skaffa seg nødvendig ustyr, og me minner difor om at det er viktig å få installert VMS og ERS i god tid før planlagt bruk av fartøyet og planlagt fiskeriaktivitet, seier divisjonsdirektør Siv June Hansen i Fiskeridirektoratet.

Frå og med 1. november vil det ikkje vera mogleg å bruke fartøyet, sjølv om det er bestilt utstyr og avtala installering.

– No som problem knytt til komponentmangel hos leverandørar og lang ventetid hos installatørar ikkje lenger er like aktuelt, vil ordninga som tillèt bruk medan ein venter på installasjon verta avslutta, seier Hansen. 

Ved forseinkingar hos leverandør eller installatør etter denne dato må ein venta. 

– Alternativet er å nytte ein annan leverandør eller installatør som ikkje har forseinkingar, seier Hansen. 

Handheving av regelverket 

Fiskeridirektoratet, saman med andre myndigheiter, kjem til å ha fokus på fartøy i bruk som ikkje har installert VMS og ikkje bruker ERS ved fiskeriaktivitet.

Dette vil verta handheva i tråd med reaksjonar ved regelbrot.

I løpet av det fyrste året etter kravet har trådd i kraft er det viktigaste at ansvarshavande om bord vert kjent med rapporteringskrava.

– I tilfelle der fangst vert rapportert feil, vil det i denne perioden vere lov å gjere feil – og Fiskeridirektoratet vil hjelpa deg med rettleiing, seier Hansen.

Fiskeridirektoratet vil difor i innføringsfasen ha hovudfokus på om ustyret er installert og at meldingar vert sendt.

– Dersom fangst bevisst eller gjentatte gonger vert rapportert feil, vil Fiskeridirektoratet vurdere reaksjonar. Me oppmodar difor alle til å gjere seg kjent med informasjon om rapportering på havet, seier Hansen. 

Meir om rapportering på havet

 

Oppdatert: 21.09.2023

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.  

Les mer og meld deg til intervju