Du er her:

Norsk FMC (Fisheries Monitoring Center)

Oppdatert: 25.05.2016

Norsk FMC er Fiskeridirektoratet sitt døgnopne vaktsenter, som overvakar norske og utenlandske fiskefartøy sine rørsler og rapportering.

Ein viktig oppgåve for senteret er dagleg overvaking og oppfølgjing av fiskefartøyas innsending av posisjoner og andre typer elektroniske rapportar som flåten er pålagd å sende til Fiskeridirektoratet.

Rapporteringsplikten gjeld både norske fiskefartøy i ulike farvann, og utenlandske fiskefartøy som oppheld seg eller fisker i norske farvatn.

Ved å kombinere dei elektroniske dataene som fiskeflåten rapporterer til Fiskeridirektoratet kan vi identifisere fiskeriaktivitet med stor presisjon. Dette er viktig, spesielt for å kontrollere fartøya sin aktivitet, men også for å følgje med i utviklinga i fisket.

Norsk FMC er eit viktig kontaktpunkt mellom anna for fiskere, oppdrettere, Kystvakten og inspektører som arbeider med kontroll på direktoratet sine regionkontor.

Senteret har også ei viktig rolle i kampen mot ulovleg fiske (IUU-aktivitet) gjennom sin kontakt med nasjonale og internasjonale overvakingssentre.

Norsk FMC har vidare ansvar for Fiskeridirektoratet sin beredskapstelefon 55 23 83 36 / 911 03 277, som kan nyttast for å melde inn alge- og manetoppbloming, stranda sjøpattedyr og rømming av oppdrettsfisk.