Utførselskvote og fiskesmugling

Utførselskvoten er 18 kg for gjester ved registrerte turistfiskebedrifter. Du må vere fylt 12 år for å kunne bruke utførselskvote.

Kvote og dokumentasjon for utførsel av fisk

Det er berre mogleg å utføre fisk dersom du har fylt 12 år og har fiska og opphalde deg hos ei registrert turistfiskebedrift. Utførselskvoten er 18 kilogram fisk eller fiskeprodukt. Du kan ta med deg utførselskvoten inntil to gongar per år.

Frå og med 1. januar 2026 vil utførselskvoten vere 15 kilogram inntil to gongar per år.
Frå og med 1. januar 2027 vil utførselskvoten vere 10 kilogram inntil to gongar per år.

Du kan ikkje ta med troféfisk i tillegg til utførselskvota. Ferskvassfisk, som laks, aure og røye, kjem utanom utførselskvoten. 

Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskebedrift når dei tar fisk ut av landet. 

Dette er minimumskrav til kva dokumentasjonen må innehalde ved utførsel:

  • namn, fødselsdato og bustadadresse til den som fører ut fisken
  • namn, besøksadresse og organisasjonsnummer til den registrerte turistfiskeverksemda
  • tidsrom for opphald og fiskeperiode
  • dato for utferding
  • namn, kontaktinformasjon og signatur frå ansvarleg person hos verksemda

Personen som er namngjevne på dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet. Dokumentasjonen er individuell. Det er ikkje mogleg å gje dokumentasjon gruppevis.

Bøter for fiskesmugling

Bøtene for fiskesmuglarar, som tar med seg ulovleg fisk ut av Noreg, er 8000 kroner og i tillegg 200 kroner per kilo fisk eller fiskevare.

Fiskesmugling er både miljø- og økonomisk kriminalitet. Det gjer det vanskeleg å ha god oversikt på ressursuttaket frå havet. I tillegg øydelegg det for den seriøse delen av turistfiskenæringa.

Bøtesatser for utførsel av fisk og fiskevarer over tillatt mengde (pdf, 108.4 kB)