Oversikt over tapte og funne reiskap
Taloversikt frå Fritidsfiskeappen om tapt og funnen reiskap. Alle kan registrere tap og funn av reiskap.
Les meir om å melde tapt/funne reiskap
Tal frå ny app
Rapportering av funnen reiskap vart tilgjengeleg i den nye Fritidsfiskeappen i mai 2020.
Visinga av tal over blir oppdaterte dagleg, dersom det er gjort endringar/registreringar siste døgnet.
Tal frå gammel app
Tal i denne oversikta er frå den gamle appen «Fritidsfiske», der alle kan registrere tap og funn av reiskap.
Visinga av tal over blir oppdaterte dagleg, dersom det er gjort endringar/registreringar siste døgnet. Den gamle appen er utdatert og vil ikkje blir oppdatert.
Rapportering av funnen reiskap vart tilgjengeleg i den gamle appen i september 2017, men det var først i juni 2018 at funksjonen for å knyte rapporten til ein dykkeklubb vart tilgjengeleg.
Nedlasting av data
Du kan laste ned tabellen ved å velge Download nedst til høgre under tabellen. I nokre tilfelle kan det hende at valmoglegheitene/formata under Download ikkje er tilgjengelege - då vert dei viste i lysegrått. For å gjere dei tilgjengelege må du sette markøren ein stad inne i tabellen.
For å laste ned til Excel: Vel «Crosstab» i Download-menyen. Da får du lasta ned dataa i CSV-format, som kan opnast i Excel.
Om du ynskjer å bearbeide tabellen vidare i Excel, må du konvertere informasjonen til tal. Dette kan du gjere ved å bruke Søk og Erstatt-moglegheita i Excel. I Søk-feltet held du «Alt»-knappen inne og trykkjer 0160. I Erstatt-feltet skriv du ingenting. Deretter vel du «Erstatt alle».