Tapte og funne reiskap

I Fritidsfiskeappen kan alle registrere tapte og funne reiskapar. Her finn du oversikta over rapporterte tap og funn.

Visinga av tala blir oppdaterte dagleg, dersom det er gjort endringar/registreringar siste døgnet. Oversikten viser data fra Fritidsfiskeappen frå og med 2021.

Nedlasting av data

Du kan laste ned tabellen ved å velge Download nedst til høgre under tabellen. I nokre tilfelle kan det hende at valmoglegheitene/formata under Download ikkje er tilgjengelege - då vert dei viste i lysegrått. For å gjere dei tilgjengelege må du sette markøren ein stad inne i tabellen. 

For å laste ned til Excel: Vel «Crosstab» i Download-menyen. Da får du lasta ned dataa i CSV-format, som kan opnast i Excel.

Om du ynskjer å bearbeide tabellen vidare i Excel, må du konvertere informasjonen til tal. Dette kan du gjere ved å bruke Søk og Erstatt-moglegheita i Excel. I Søk-feltet held du «Alt»-knappen inne og trykkjer 0160. I Erstatt-feltet skriv du ingenting. Deretter vel du «Erstatt alle».