Du er her:

Kvifor har vi minstemål også i fritidsfiske?

Oppdatert: 02.05.2018

Alle som fiskar i sjøen i Noreg må følge reglane om minstemål. Målet er at fleire småfisk skal få leve til dei blir store nok til å formeire seg.

Det beste er å prøve å tilpasse fisket slik at du unngår å få fisk under minstemål. Du kan for eksempel prøve auka krokstørrelse eller større maskevidde i garnet. Du kan også vurdere å fiske i eit anna område.

Dersom du får fisk under minstemål, kan du fukte hendene i sjøen, løyse fisken forsiktig frå reiskapen og sleppe den ut igjen. Dersom fisken er daud eller ikkje levedyktig, kan du ete den. For å unngå å få fleire fisk under minstemål, bør du skifte fiskeplass eller prøve med større krok.

Blir du straffa?

Målretta og bevisst fangst av fisk under minstemål vil kunne straffast, men hovudpoenget er ikkje å straffe folk. Poenget er å bidra til at folk flest fiskar etter stor og vaksen fisk i staden for småfisk.

Makrell og sei er unntatt

Det er ikkje minstemål på makrell og sei for fritidsfiskarar - så sant ein ikkje skal selje fangsten. Det er heller ikkje minstemål på brosme, steinbit og lyr. Vanlege artar med minstemål er torsk, hyse, krabbe og hummar.

Alle minstemål står i forskrift om utøving av fiske i sjøen (lovdata.no)

Minstemål for dei vanlegaste artane

Art

Lengde

Torsk
- nord for 62°N
- sør for 62°N

-
44 cm
40 cm

Hyse
- nord for 62°N
- sør for 62°N

-
40 cm
31 cm

Lysing

30 cm

Raudspette
- aust for Lindesnes
- vest og nord for Lindesnes

-
29 cm
27 cm

Kviting

32 cm

Kveite

80 cm

Blåkveite 

45 cm

Breiflabb i garnfiske

60 cm

Uer

32 cm

Sjøaure
- Nordland, Troms og Finnmark
- resten av landet

-
30 cm
35 cm

Stort kamskjel

10 cm

Sjøkreps 

13 cm

Krabbe 
- frå svenskegrensen til og med Rogaland)
- resten av landet

-
11 cm
13 cm

Hummar

25 cm

Vi veit ikkje nøyaktig kor mykje fritidsfiskarar hentar ut av fjordane og dei kystnære områda, men vi veit at det er såpass mykje at det har innverknad på bestandane. Du tenker kanskje at det du fiskar ikkje betyr så mykje, men det vi til saman tar opp blir ein god del i løpet av eit år.

Vi er heldige som kan leve i tett samspel med naturen og havet og bruke sjøen til matauk. Det privilegiet må vi ta vare på og i fellesskap gjere vårt beste for at liten fisk kan vekse seg stor, gyte og få mange etterkomarar. Slik bidrar vi til å bevare livet i havet for framtidige generasjonar. 

Film om minstemål i fritidsfiske