Pigghå
Det er opna opp for eit avgrensa kommersielt fiske etter pigghå med fartøy under 15 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap. Det er også tillate å fanga pigghå i rekreasjonsfiske.
Minstemål
Minstemålet på pigghå er 70 centimeter.
Pigghå skal målast frå snutespissen til bakerste kant av den øvste haleflippa.
Sårbar art
Artar som hamnar på den såkalla «Rødlista» er artar som står i større eller mindre fare for å døy ut i Noreg. Rødlista vert publisert av Artsdatabanken (lister.artsdatabanken.no), og alle artar vert vurderte av ekspertgrupper og kategoriserte etter kva tilstand arten er i. Pigghå blir no kategorisert som sårbar.
Noko av det som gjer det vanskeleg å regulere pigghåen er at den har ein annan livssyklus enn fleire andre fiskar. Pigghåen føder levande ungar, som oftast mellom 7 og 20 stykk. Hoene kan verte gravide annakvart år, men arten vert seint kjønnsmoden, og pigghåen er derfor sårbar samanlikna med artar som vert tidleg kjønnsmodne.
Pigghå veks sakte, blir seint kjønnsmoden og føder berre 7–20 ungar kvart andre år. Det kan dermed ta mange år før gytebestanden kan ta seg opp att, sjølv utan fiske. Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrådde derfor at det ikkje skulle gjennomførast direktefiske på pigghå mellom 2010 og 2022, og at bifangst berre var tillaten som ein del av ein heilskapleg forvaltningsplan. Sidan bestanden har vist teikn til betring dei siste åra, har ICES endra kvoterådet sitt frå null sidan 2023.
Registrering er viktig
Det er i dag fleire element som vert brukte av forskarar til å måle bestanden av pigghå, slik som fangstdata og data frå forsking. Då det i dag berre er lov med eit særs avgrensa bifangstfiske etter pigghå er det ikkje sikkert at fangstdata gir eit godt nok bilete av bestanden.
Det er difor svært viktig at all fangst av død og døyande pigghå vert registrert slik at Fiskeridirektoratet får informasjon om mengdene av fisk og stad for fangst. På denne måten vil vi i framtida stå betre rusta til å få på plass reguleringar som på ein betre måte tek vare både på pigghåen og på fiskarane.
-
Reiskap
Kva for reiskap kan du bruke i fritidsfiske? Kva er reglane for bruk av garn, teiner og ruser? Korleis skal reiskapen merkast? Sjå alle reglane for bruk av reiskap i fritidsfiske.
-
Freda og delvis freda artar
Nokre artar er totalfreda, mens andre artar er delvis freda. Her finn du oversikt over dei ulike artane.